Ismai'l Raji al Faruqi

From: brendberg (brendberg@c2i.net)
Date: 13-07-02


Eg driv og undersøkjer litt om Ismai'l Raji al Faruqi, som eg la ut ein
artikkel av i går. I følgje ei kjelde eg ikkje får til å sjekka opp, vart
han og kona skote ned, medan dottera overlevde avdi ho gøymde seg i eit
skap.

Faruqi ser ut til å ha vore ein leiande arabisk-amerikansk akademikar, som
hadde "Guds einskap" og samanliknande forsking i dei abrahamittiske
religionane (jødedom, kristendom og islam) som spesialfelt. Han tok til orde
mot "clash of civilisations", og hevda at ein trong ein "dialog mellom
sivilisasjonar" i staden.

Om nokon veit noko/kjem over noko meir er eg interessert - dette er førebels
nokså ullent for meg.

Beste helsing

Hans Olav Brendberg



This archive was generated by hypermail 2.1.2 : 13-07-02 MEST