Konfirmasjon

From: brendberg (brendberg@c2i.net)
Date: 11-07-02


Ei av dei verkeleg gode forteljingane som har kome ut av religiøs
spekulasjon i USA er Nathaniel Hawthornes "Young Goodman Brown". Goodman
Brown er ein glad, sutlaus ung mann, gift med kona Faith i småbyen Salem.
Ein dag seier han farvel til Faith, for å gje seg i veg inn i skogen i
følgje med ein viss mann. Han er i tvil, og har fleire gongar lyst til å
snu, men vert overtalt av følgjesmannen. Når han kjem fram, er det til stor
djevlesabbat i skogen. Alle han kjenner: Den gamle dama han lærde katekismen
av, pastoren, gudfryktige folk. Alle har dei samla seg til å dyrka djevelen.
Det syner seg at til og med kona hans - Faith - har kome for å bli innvigd.
Dei andre som skal innvigast går fram når dei blir kalla. Men Goodman Brown
er full av tvil. Han grip tak i kona og ropar: Faith - sjå opp mot himmelen,
og stå imot den vonde!

Han vaknar opp åleine i skogen, i eit uver. Han blir aldri den same att. Han
er ikkje full av tiltru når han møter dei fromme han såg der ute i skogen.
Han blir tungsindig og grublande. Og han blir bleik når han ser presten driv
blasfemi oppe frå preikestolen. Til slutt blir han som ein gamal mann bore
til grava med ei aldrande Faith og born og borneborn i prosesjonen, i
tillegg til grannane. Og, seier Hawthorne: Dei graverte ikkje vonefulle vers
inn i steinen, for timen han døydde var mørk.

I artikkelen "Ritualer som innstiftende handlinger" drøftar Bourdieu korleis
ritual teiknar ei magisk grense mellom utanfor og innanfor, og kva rolle
ritual spelar for å byggja opp sosial fellesskap. Rituala er ein viktige, og
ofte ein umedviten del av strukturen i eit samfunn. Det vi kallar
"overgangsritual" er såleis eigentleg innstiftingsritual - eit ritual som
markerer inngangsporten til fellesskapen av dei som har vore gjennom
ritualet. Den første røyken er innstiftingsritualet til fellesskapet av
røykarar - eit viktig sosialt fellesskap. Alle som har sete på røykekupe i
tog veit at det er lettare å koma i prat med røykarar enn med
ikkje-røykarar: Ein har noko felles. Røyken. Likeeins på trappa utanfor
møtelokalet.

Det ritualet som er parallelt til Goodman Browns djevlesabbat i det norske
samfunnet er konfirmasjonen. Det er eit forferdeleg rituale. I si utvendige
form er det ungdom som lærer om kristendom eller humanisme, før ein blir
velsigna av presten i eit ritual der alle som er til stades veit kva det
eigentleg dreier seg om: Pengar. Det blir ikkje sagt - men alle veit det.
Slik lærer ein seg at det er godt betalt å lyga på seg ei eller anna
overtyding - anten det er kristendom eller humanisme. Problemet er berre: Om
du sjølv ikkje tek di eiga overtyding på alvor, kan du vera sikker på at
ingen andre gjer det heller. Såleis er konfirmasjonen i sine to former eit
viktig steg på vegen mot eit meiningslaust samfunn. Og sjeldan ser du
Mammon si rolle som einaste Gud i det norske samfunnet betre illustrert.

Hans Olav Brendberg, Hitra



This archive was generated by hypermail 2.1.2 : 11-07-02 MEST