Ordskiftet

From: brendberg (brendberg@c2i.net)
Date: 11-07-02


Per I: "Vi vinner frihet ved å binde oss fast til tradisjoner? For noe
sprøyt. Og
hva er galt med å forsvare sine ideer når en får kritiske spørsmål?"

Hans O: Det at vi vinn fridom ved til dømes å halda fast ved grunnlova i
kritiske situasjonar (1940, 1972), halda fast ved eige språk
(nynorsk/samisk) når det er meir "opportunt" å ikkje gjera det osb. osb. er
altso noko sprøyt. Heller vera vind mellom vindar - då er du fri! Eg trur å
søkja sanning først og fremst er å finna ut kven du sjølv er, og læra seg
til å snakka sant (danning innanfor den klassiske, borgarlege kulturen). Eg
argumenterer for det. Per Inge argumenterer ved hjelp av negative
karakteristikkar av andre, utan å gå inn i argumentasjonen.

HOB: > Underkastar vi oss då nokre elementære krav til respekt for folk sine
> utgangspunkt, er fridomen i sikte.

Per I:"Bortsett fra hvis dette utgangspunktet er "trotskisme" (hva nå Hans
Olav
enn refererer til - jeg kan ikke huske at en selverklært trotskist har
postet til denne lista på lang tid)."

HOB: Eg har allereide sagt at åtaket mitt på trotskismen som eg la ut her om
dagen er "usømeleg", og eit døme på korleis eg ikkje ønskjer å føra
ordskifte. Eg meiner trotskistar skal ha same rett til å argumentera utan å
bli mistenkeleggjort som alle andre, og freistar følgja opp dette både her
og på RV-lista. Kom gjerne med overtramp om du meiner eg har stått for
slike, og eg kan godt diskutera dei. Og om eg er samd i at det dreier seg om
mistenkeleggjering av trotskistar, skal eg sjølvsagt eta ting i meg, og
orsaka.

Per : "Hva er galt med å holde folk ansvarlige for sine synspunkter? Dersom
du
forsvarer maoismen må du tåle å få kritiske spørsmål om Mao. Jeg merker
meg at Hans Olav ikke har svart på noen av de, men fortsetter å sirkle
rundt grøten."

Hans O: Om temaet for diskusjonen er Mao, er det sjølvsagt legitimt å seia
kva som helst om maoismen, akkurat som du må kunna dra fram inkvisisjonen om
du diskuterer katolisisme. Men eg synest det er usakleg og utidig å dra fram
inkvisisjonen når ein katolikk argumenterer i ei sak som ikkje har med
inkvisisjonen eller katolisismen å gjera.

Per I: "Slutter meg til det andre på lista har sagt om dette. For meg synes
angrepa fra Hans Olav på Karsten å være forsøk på paternalistisk
hersketeknikk uten noen form for substans, og også rimelig infantilt."

Hans O: Eg har avslutta ordskiftet med Karsten med det eg meiner er den mest
smidige og udramatiske konklusjonen (alternativet er at anten han eller eg
forlatar lista). Eg har to spørsmål til Per I:

1. Kva "nytteverdi" ser du i å tvera ut eit ordskifte som alt har funne ein
naturleg og nokså udramatisk konklusjon?

2. Du karakteriserer meg som infantil. Eg kunne gått tilbake i dine bidrag
på denne og andre lister, og karakterisert deg ut frå det som for meg ser ut
som ein nokså konsekvent praksis. Ynskjer du det? Synest du det vil bidra
til eit godt og ope ordskifteklima?

Om du ikkje svarar på desse spørsmåla, ser eg på ordskiftet med deg som
avslutta.

Beste helsing

Hans Olav Brendberg, Hitra



This archive was generated by hypermail 2.1.2 : 11-07-02 MEST