Marxismens forsvinningspunkt

From: brendberg (brendberg@c2i.net)
Date: 09-07-02


Eg er samd med Jon Ivar Skullerud i at marxismen er ein ideologisk struktur
av same slag som religionane. Han er ikkje "sanning". Historisk har
marxistane forsøkt å forsvara seg mot dette synet på to måtar:

1. Ved å hevda at marxismen er "vitskapeleg". Det trur eg ikkje - avdi han
ikkje er falsifiserbar.

2. Ved å understreka at han er "materialistisk". Dette trur eg har vore til
skade for den marxistiske tradisjonen. Marxismens hjarte er dialektikken -
og "materialismen" har gjort den marxistiske tradisjonen vindskeiv avdi han
ikkje har lagt nok vekt på dialektikken ånd-materie, men i staden dyrka litt
konstruerte, "materialistiske" forklaringsmåtar.

I tillegg har marxismen etter Marx utvikla ein litt skolastisk, bysantinsk
analysemodell. Marx er ein glimrande samtidskommentator og historieskrivar.
Han freistar ikkje dytta historia inn i eit "marxistisk skjema", slik mange
av etterkomarane. Han er obeservant, ser detaljar og motseiingar i dei
historiske prosessane. Eg syns knapt eg har lese andre moderne historikarar
enn AJP Taylor som er like dialektisk levande som Marx. Tradisjonen blir
formalistisk.

For å gjera det lettvint, deler eg i tre hovudgreiner av marxistisk
ortodoksi: Gamalkommunisme, maoisme og trotskisme. Av desse tre, er
trotskismen avvikaren i familien.

Slik eg ser det, er alle frigjeringsprosjekt svært motsetningsfulle. Eg
meiner oktoberrevolusjonen og danninga av Sovjetunionen var ein svært viktig
historisk siger. Men eg trur dei største fruktene vart hausta utanfor
Russland: Nordisk sosialdemokrati, frigjeringa av koloniane og liknande trur
eg ikkje hadde skjedd utan denne revolusjonen. Revolusjonar inspirerer - og
byggjer fasadar. Og dei bryt makta til dei fastgrodde strukturane - opnar
opp for historisk handling. Men bak fasadane finn ein mykje rart. Det tok
vel om lag hundre år før lesekunna i Frankrike igjen var den same som før
revolusjonen 1789. Lyons kom seg aldri att i samanlikning med Paris.

På same måte med reformasjonen: På den eine sida har mykje av den moderne
utviklinga si rot i reformasjonen. Men mykje av fornyinga kom ikkje i den
protestantiske, men i den katolske kyrkja. Protestantismen vart eit
totalitært system, halde oppe med tvangslover. Hans Nielsen Hauge er den
første som byrjar bryte den protestantiske totalitarisme her i landet.
Krigstida etter reformasjonen var ei av dei mest øydeleggjande i Europeisk
historie.

Eg har eit rimeleg avslappa forhold til desse "destruktive" sidene av
revolusjonar. Fridomen har sin pris. Sjølvsagt kan ein gjera som det
liberale hegemoniet - og avskriva Mao, Lenin, Robespierre, Saint Just,
Luther, Melanchton, Muhammad og andre som drapsprofetar. Då meiner eg du
demonterer historia vår - og her gjeld den gamle regelen om at den som
kontrollerer historia, kontrollerer framtida.

Både gamalkommunistane og maoistane har hatt det sams at dei har sett
framover - mot revolusjon, sosialisme, kommunisme. Det har vore ein viss
tendens til apologi - men samstundes ein god del teoridanning av verdi. Og
dessutan har desse ideologiane vore skapande - rørslebyggjande. Ei mengd
rørsler og revolusjonar har vorte drive fram av marxistar av Moskva- og
Pekingsorten: Sovjet, Kina, Vietnam, Cuba. Likeeins har marxistar av dette
slaget vore drivkrefter i radikal nasjonalisme i Afrika og Sør-Amerika (td.
Nicaragua). Nokre mislykka revolusjonsforsøk - delvis med fatalt utfall -
har det og vore (Finland, Kambodsja, Ungarn). Med alle sine feil, har desse
to retningane vore historisk skapande og allsidige - og lagt vekt på å nå
ut, gripa røyndomen i nye samanhengar, spela på dei sosiale kreftene som var
i rørsle.

Trotskismen er radikalt annleis. Du finn ikkje noko døme på at trotskistar
har leia sosiale revolusjonsforsøk. Trotskismen er ein parasittisk
strategi - trotskismen blømer vanlegvis opp når ei rørsle har nådd
toppunktet. Han vegeterer på innebygde veikskapar i den marxistiske rørsla,
og den manglande evna til å fornya seg som er ein tendens i marxistiske
rørsler. Nokre stader har trotskistar drive godt fagforeiningsarbeid, og du
har lesverdige trotskistiske intellektuelle. Men det er også alt. Difor held
trotskismen seg "rein" - og det er det viktigaste grunndraget i trotskistisk
logikk - reinleik og smitte.

Du har ikkje "ein" trotskisme. Det finst stor variasjon, med innbyrdes
sprik. Trotskisme er eit ideologisk system som ikkje har eit positivt, men
eit negativt fokuseringspunkt: Stalin. Han er negativt fokusert på
Stalintida, men Stalin som diabolsk størrelse. Han er ikkje skapande - han
dyrkar ein knusktørr, formalistisk marxisme der ein held ved like hegemoniet
ved å truga med å likestilla med djevelen sjølv om nokon tenkjer "ukorrekt".
Han byggjer ikkje alliansar, men er negativ: Antireligiøs, antiamerikansk,
anti-..... Ingenting er godt nok. Maoistane og gamalkommunistane dyrka også
andre ting enn intellektet - det genuint folkelege, den slagkraftige
replikken, songen, dei store historiske romanane. Slikt finn du ikkje i
trotskismen: Her skal intellektet vera einaste målestokk.

Ein kontrollerer rørslene gjennom stigmatisering - ein effektiv strategi så
lenge ein kan spela på intellektuelle si trong til å kjenna seg overlegne i
si eiga handlingslamming. Om nokon trør utanfor krittstreken - er det fram
med tvil, mistenkjeleggjering. Det gjeld om å halda marxismen sin rein, veit
du.

Trotskismen er i grunnen nokså forakteleg innstilt til folket. Trotskismen
dyrkar ikkje heroisme, handling, dialektikk. Folket har først og fremst ei
rolle: Som offer. Dei er offer for idiotiske stalinistar og andre, som
øydelegg alt. Fram til midten av åttitalet - då maoistane hadde hegemoni -
var alt håplaust på norsk venstreside. Då trotskismen vaks fram i denne
perioden, vart alt mykje betre. Syttitalsmaoismen - med alle sine feil -
bygde opp ting som Klassekampen og dei "nye" rørslene. Trotskistane har
bløma etterkvart som nedturen kom. Eg ser den sterke oppslutninga om
trotskistiske parti i Frankrike som eit teikn på veikskap.

Trotskistar søkjer ikkje ut - ut i ukjent land, der ein kan finna nye folk,
ny sosial dynamikk, ny vokster. I staden søkjer ein etablerte, radikale
miljø for å ommøblera desse i sitt bilete. Gjennom tolmodige intrigar,
mytebyggjing og stigmatisering greier ein etterkvart å etablera eit
fotfeste. Nedturen byrjar. Dette skjedde både i kristetida til
gamalkommunistane på femtitalet, og til maoistane på åttitalet.

Fjerde internasjonale er den tredje internasjonale, denne gongen som farse.
Eg kunne brodert ut om denne historia - men let det vera.

Trotskismen er på sitt vis avhenging av det liberale hegemoniet. Dei områda
der dette står sterkast - stobyar, universitet ol, der dei folkelege
strukturane er veike, er kjernelandet for trotskismen. Trotskismen er ein
del av den same totalitære logikken som liberalismen. Liberalismen er ein
kameleon som skiftar farge frå kontinent til kontinent. Dyrkinga av etablert
makt, pengar og dobbeltmoral er det einaste som er sams. Og det negative: Du
skal ikkje. På same måte er trotskismen svært kameleonaktig - med same
negative grunnhaldning: Du må ta avstand frå. Dialektikken til Marx er
erstatta med ei negativ dyriking av diabolisme.
Sitatsprøytet til Vedel Johansen legg avgjerande vekt på kva Mao sa om
Stalin - ikkje på kva som faktisk skjedde i Kina desse åra, då den største
jordreformen i verdshistoria vart gjennomført. Det er den totalitære
sitatsprøyta til partiideologane i Sovjet på tredvetalet vendt ut/inn, ein
slags totalitarisme på vrangsida.

Trotskistar kan vera hyggelege folk. Men eg er redd det har lett for å enda
opp som Vedel Johansen: Ein kjem til marxismens forsvinningspunkt. Den
knusktørre intellektualismen blir fanga i seg sjølv, i ei svartsynt
fordøming av alt og alle - for å halda oppe kjensla av "overlegen
verdsåskoding". Intellekt er ikkje nok. Det må mot, overskudd, hjarte og
litt romsleg sinn til, om ein skal skapa noko her i verda.

Hans Olav Brendberg, Hitra.



This archive was generated by hypermail 2.1.2 : 11-07-02 MET DST