Re: Religiøsitet = konvensjonell tankevegring

From: brendberg (brendberg@c2i.net)
Date: 07-07-02


Eg går ikkje inn i argumentasjonen til Karsten, som forsåvidt er god ut frå
sitt utgangspunkt. Eg startar i staden ein annan tråd.

For nokre år sidan vart ein viktig moskè i India rive avdi Rama(?) vart fødd
der for 800 000 år sidan (det var hinduane som lærte oss talsystemet vårt).
På den eine sida kan du avskriva dette som galskap. Men likevel: Dette er
galskap med verkeleg makt i India, der hindusjåvinismen er på frammarsj. Eg
kan for lite om hindusjåvinisme - men eg trur vel det dreier seg om eit
slags brahminprosjekt der ein skal "reinsa" India for all slags skadelege
idear: Islam, britisk sekularisme og Kongresspartiet sin "sosialisme light",
og erstatta det med eit "reint" brahminstyre. Og dei som står bak dette har
makt, og brukar henne. Det døyr mange folk i India i dag på grunn av dette.

Og då synest eg det blir litt tafatt å skulle forsvara den humanistiske
barnetrua. Vi kan ikkje sitja tilbakelente og vera redde for framtida. Vera
redde for "irrasjonelle" idear som "gror opp som sopp". Vi må freista
forstå. Her må vi slåss - også for å utvikla eiga tenkjing. Eg sit ikkje med
nokon fasit her - men eg trur eit av utgangspunkta må vera å gå tilbake til
eigne "kjelder". For marxistar blir det Marx, for kristne Nytestamentet osv.
Og så må ein anstrenga seg for å forstå - ikkje kva som var meint då. Men
forstå den verda vi lever i nett no. Kor skal vi?

Vi må sjå framover, og gå på med ein viss optimisme. Å gå ned med flagget
til topps er ein trist - og svært konvensjonell - idrett.

Hans Olav Brendberg, Hitra



This archive was generated by hypermail 2.1.2 : 11-07-02 MET DST