teologi - oppklaring

From: brendberg (brendberg@c2i.net)
Date: 07-07-02


Eg takkar Jon Ivar Skullerud for eit svært godt og oppklarande innlegg om
religion, som eg langt på veg er samd med, sjølv om innfallsvinkelen min er
ein annan.

Eg vil gjerne oppklara to punkt:

1. Skullerud seier at eg og Fagerhus har hevda at predestinasjonslæra er
ortodoks, kristen teologi. Eg må berre orsaka om eg har skrive noko surrete
som har gjeve eit slikt inntrykk - eg meiner som Skullerud at dette er eit
kalvinistisk avvik. Eg er i stor grad sjølvlært amatør på dette feltet, og
dette er eit av hola mine. Problemet mitt er at eg ikkje har sett meg inn i
det ortodokse, lutherske standpunktet som Luther utformar i skriftet "Om den
trellbundne vilje" (1525). Og for å gjera greie for Luther sitt standpunkt,
er dette "andre sida av mynten", der det ypperlege skriftet "Traktat om den
kristne frihet" (1520) gjev framsida av mynten. Om eg har rota her, er det
på grunn av dette holet i kunnskapane mine.

2. Når det gjeld usemja vår om jødedomen, trur eg ho kan konkretiserast
slik: Den ideologien som kjem til uttrykk i Esra kapittel 9 og 10 meiner eg
ikkje er ein stammereligion, men ein kastereligion.

Beste helsing

Hans Olav Brendberg, Hitra



This archive was generated by hypermail 2.1.2 : 11-07-02 MET DST