Det amerikanske valutasystemet

From: brendberg (brendberg@c2i.net)
Date: 05-07-02


Eg takkar Magnus og Per for oppklarande innlegg. Og eg gjorde merksam på at
eg ikkje gjekk god for dette - eg trur eg kjenner amerikansk
religionshistorie betre enn regjeringsmaskineriet.

Konspirasjonsteoriar om at utlendingar styrer USA trur eg ikkje noko på. Det
interessante er vel årsaken til at slike teoriar oppstår. Har eg forstått
det rett, er Fed eit system delvis bygd opp som eit privateigd,
profittbasert system - delvis med hemmeleg eigarskap. Det synest eg er
interessant i seg sjølv - utlendingar eller ikkje. Men her kjenner eg ikkje
fakta godt nok.

Per skriv: "Uansett synes jeg ikke noe særlig om at en poster slike
konspirasjonsteorier på ei politisk debattliste."

Eg har vel i min politiske karriere vore borti mange ulike slag
konspirasjonsteoriar - både eigne og andre sine. Eg meiner mellom anna ideen
om ein "islamistisk" konspirasjon i Midt-Austen er ein slik
konspirasjonsteori utan grunnlag. Det er nettop difor eg legg ut dette - eg
reknar med det er folk på lista som kan meir om dette enn meg. Så får ein
sortert kva som er brukbar informasjon, og kva som er tøv.

Skal ein alltid halda seg langs den "politisk korrekte" smale sti før ein
opnar munnen, er eg redd ein til slutt går seg fast.

Hans Olav Brendberg, Hitra



This archive was generated by hypermail 2.1.2 : 11-07-02 MET DST