Re: Teologisk vranglære

From: brendberg (brendberg@c2i.net)
Date: 02-07-02


HF: "Jesus henvendte seg kun til jøder, og sprengte ikke den jødiske ramma.
Det er derimot riktig at Paulus (og den paulinske teologi) gjorde det. Etter
år ødeleggelsen av templet år 70 ble jøden spredd for alle vinder. Dermed
var det vel ikke lenger noe grunnlag for en messiansk bevegelse innen
jødedommen. At kristendommen tilslutt "vant" over de andre bevegelsene
henger vel også sammen med at keiser Konstantin gjorde den til statsreligion
på 300 tallet. (Jeg vet dessverre ikke hvordan styrkeforholdet mellom
kristendommen og andre lignende bevegelser var.)"

HOB: Jesus gjer ved fleire høve mykje ut or samaritanarar (den godhjarta,
den samaritanske kvinna osb.). Dette er ikkje å "sprenga den jødiske ramma",
men i alle fall å gå tett opp mot tabugrensa. Den jødisk ramma vart sprengt
ved semja på apostelmøtet i år 48 - 15 (?) år etter at Jesus døydde. Eg
meiner dette er ein indikasjon på at kristendomen i opphavet var
"anti-judaistisk". Når det gjeld årsaker til at kristendomen "vann", går eg
ikkje inn på dette.

HF: "Jesus var barn av sin tid. Problemet er at de kristne trekker denne
personen, med sitt feilaktige verdensbilde og autoritære holdninger, ut av
sin tid, og gjør ham til en autoritet i vår tid."

HOB: Eg trur det går an å læra av autoritetar frå tidlegare tider (Sokrates,
Platon, Jesus, Muhammad, Luther, Aasmund Olavsson Vinje, Voltaire osb.). Og
ikkje berre skrivebordsmennene, men også folkeførarane. Men vi må gjera det
med eit kritisk blikk. Men det er skilnad på kritikk og avvising.

HF: "Er det så at det er likegyldig hva man utsetter unger for?
Ressonementet
mitt grunngir hvordan kristendommen på mange måter la det psykologiske
grunnlaget for verdslige totalitære system i mellomkrigstidas Europa . Det
jeg minst av alt ønsker er et totalitært system. Derfor mener jeg at bl.a.
kristendommen må motarbeides."

HOB: Det er ikkje likesælt kva ein utset ungar for - tvert om. Sjølv har eg
god røynsle med å bruka Gamaltestamentet som ei samling røvarhistorier i
småtrinnet i grunnskulen. Dei avgjorde kva som var artig - eg bladde som ein
gal for å finna eigna materiale. Det kjekkaste eg har gjort som lærar er ein
serie småskuletimar bygt på andre helvta av "Apostlenes gjerningar".

Eg meiner dette er ting folk treng for å forstå seg sjølv og sitt eige
samfunn - nett som eg synest det er viktig å kunna sin Marx. Elles trur eg
samfunnet er tent med dei idebrytingane som følgjer i trua sine fotspor - og
som vår vesle diskusjon er eit uttrykk for. Slike idebrytingar får viktige
ting fram i dagen, som blir liggjande løynt i sosialdemokratisk konsensus.
Eit totalitært system er kjenneteikna av mangelen på idekonfliktar. Nett
difor trur eg på Kyrkja som eit anti-totalitært tiltak i ei totalitær tid.
Men eg er samd med deg i at ho må skjerpa seg, og ikkje berre servera
lunkent piss. Lunkent piss kan vera både varmt og menneskeleg - men kyrkja
må fram med dogma. Utan dogmar, inga kyrkje.

For min del er eg redd eg må avrunda dette ordskiftet her. Eg har for mykje
å gjera. Og å avklåra kven av oss som "har rett" vil krevja eit stort
arbeid. Eg trur likevel vi har greidd å få fram to tydelege posisjonar. Og
når det gjeld skuldingar om "opium for venstresida", råkar dei ikkje Harald
Fagerhus. Fagerhus har lest sin Bibel, og argumenterer godt og skikkeleg. So
vonar eg vi har vorte litt klokare - eg synest i alle fall eg har hatt
utbyte av denne holmgangen.

Hans Olav Brendberg



This archive was generated by hypermail 2.1.2 : 11-07-02 MET DST