Kva med Midt-Austen?

From: brendberg (brendberg@c2i.net)
Date: 02-07-02


Teologidiskusjonen dreier seg mellom anna om korleis ein vurderer dagens
jødedom, særleg staten Israel. I hovudsak finst det to måtar å analysera på:

1. Etno/religiøs, territoriell konflikt av "Balkan-typen".

2. Settlerkolonialisme av same slag som i Nord-Irland, Algerie og
Sør-Afrika.

Eg meiner den andre analysemåten er den rettaste. Men eg meiner samstundes
at Palestinakonflikten er svært spesiell, og at det mellom anna har
samanheng med religion. Du kan ikkje overføra analysemåte 2 mekanisk til
Palestina. Men folk som kjenner litt til Nord-Irsk kalvinisme (Paisley),
trur eg har litt grunnlag for å skjøna kva dette dreier seg om. I Palestina
finn du det same - men i ei langt meir ekstrem form.

Igjen masar eg om at folk bør lesa Israel Shahak - som overlevande frå
Warsawaghettoen og Bergen-Belsen, som ein som vaks opp innanfor den
israelske eliten, og som ein leiande israelsk menneskerettsaktivist gjennom
ein mannsalder, har Shahak ein moralsk og intellektuell autoritet eg ikkje
har. Han slepp med andre ord å pakka alt inn i bomull.

I mine augo er konflikten i Palestina langt viktigare enn dei fleste på
venstresida trur. Men dei fleste har misforståtte, "moralske" hemingar mot
rasjonelle diskusjonar om jødedom. Dei trur det lurar ein hårete, valdeleg
antisemitt bak maska til alle som seier noko ufordelaktig om jødedom (og NB:
Ein må skilja mellom jødedom og jødar som etnisk gruppe). Du har i tillegg
ein instinktreaksjon der folk syns dette er "ekkelt". Eg trur berre kunnskap
kan kurera dette - men dette meiner eg tilseier ekstrem skepsis mot alle
vanlege framstillingar av jødedom (også mine - folk bør gå ut frå at det som
blir sagt er villeiande. Tenkt deg at du er i Sovjetunionen på tredvetalet,
og skal freista tolka nyhenda). Men som sagt: Shahak er ein autoritet - og
eg trur det er like viktig å lesa Shahak no som det var å lesa Marx på 1850
og -60-talet.

Hans Olav Brendberg, Hitra



This archive was generated by hypermail 2.1.2 : 11-07-02 MET DST