SV: Re: Teologisk vranglære

From: brendberg (brendberg@c2i.net)
Date: 30-06-02


Harald Fagerhus skriv:

"Brendberg fortsetter med sitt "korstog" for å gjøre kristendommen mer
spiselig."

HOB: Om folk synest kristendommen er spiseleg eller ikkje, interesserer meg
i grunnen lite. Eg er ikkje kristen, og driv ikkje misjon. Men eg meiner
"argumentasjon" mot kristendom som tek utgangspunkt i ein karikatur, der du
"provar" at karikaturen representerer eit forhistorisk verdsbilete, er av
liten intellektuell verdi. Folk som held på med slikt driv misjon for
barnetrua (ateismen), ikkje intellektuelt arbeid.

HF: "I sin
oppramsing av steder man bør lese unnlater han å nevne Lukas 16:22-26, hvor
Jesu beskrivelse av himmel og helvete nettopp er to konkrete topografiske
steder."

HOB: Les heile historia om den rike mannen og Lasarus (Lukas 16:19-31), og
sjå i kva samanheng historia står. Dette er ei av ei knippe historier (Den
eine sauen - og dei nittini, sølvpengen som vart funnen, den bortkomne
sonen, den kloke hushaldaren, den rike mannen og Lasarus). Alle desse
historiene er svar på fariseiske forsøk på å setja han fast. Alle har det
sams at dei har ei "løynd" meining - og denne "løynde" meininga er langt
viktigare enn den bokstavelege tydinga. Eg meiner det går fram av
samanhengen at dette er "eksempelhistorier" som Jesus finn på - og som han
ikkje hevdar representerer "bokstaveleg sanning". Historia om den rike
mannen og Lasarus har som "løynt" meining at dei jødane som forskansar seg i
fariseisme ikkje kjem til å tru, sjølv om nokon (Jesus) står opp frå dei
daude.

HF: "Jesu forestillingsverden er basert på en kosmologi som vi har måttet
oppgi.
Vi vet at selve grunnlaget for Jesu verdensbilde er galt. Dermed kan vi si
at kristendommen er feilaktig og må forkastes."

HOB: Han som vil påstår at Bibelen representerer eit komplett og rett
verdsbilete, har eit problem. Grunnlaget for Jesu gjerning er opposisjon
andsynes fariseisk jødedom. På mange måtar er preikane hans også ein
opposisjon mot "topografiske" forestillingar om Guds rike. Sjå td. Lukas
17:20-21: "Ein gong spurde farisearane Jesus når Guds rike skulle koma. Han
svara: Guds rike kjem ikkje såleis at ein kan sjå det med augo. Ingen kan
seia: "Sjå her er det," eller: "Der er det." For Guds rike er midt imellom
dykk."

Og eg meiner at folk som vil "prova" at Evangelia tek feil ved hjelp av
moderne naturvitskap har akkurat like mykje rett som dei som seier at
Napoleon tapte ved Waterloo på grunn av for dårleg flystøtte. Det er ein
meiningslaus diskusjon.

HF: "Forøvrig dreide ikke himmel og helvete seg bare om gode eller dårlige
gjerninger, men om hvorvidt man ville underkaste seg Jesus eller ikke,
jamfør Jesu kongelignelser."

HOB: Dette har Fagerhus heilt rett i. Religion dreier seg om friviljug
underkasting. I kristendomen er det dette Luther kalla "frelse gjennom tru
åleine". Gode gjerningar åleine fører ikkje til frelse i følgje kristen
lære.

HF: "Hva himmel- og helvetesforestillinger har betydd av blod, terror og
knuste
hodeskaller i kristen og muslimsk historie trenger jeg vel knapt nevne."

HOB: Mange vil hevda at ideane om å byggja sosialisme har ført til haugar av
hodeskallar og elvar av blod dei siste 150 åra. Eg synest det er ei svært
primitiv form for "idedebatt" - i praksis eit forsøk på å unngå ærleg og
vitug debatt. Men det synest kanskje ikkje Fagerhus?

Hans Olav Brendberg, Hitra



This archive was generated by hypermail 2.1.2 : 11-07-02 MET DST