Brør i trua?

From: brendberg (brendberg@c2i.net)
Date: 29-06-02


Brør i teologien

Dei to som møttest i Oslo fredag for å bli samde om fordøming av palestinske
terroristar, som dei meiner er hovudproblemet i Palestina, er båe prestar.
Bondevik er norsk, luthersk prest. Melchior er rabbinar. Det merkelege er at
dei to greier å vera så hjarteleg samde. I praksis må det tyda at ein av
dei i praksis kompromissar på trua si. Kven av dei to er det? Eg vil
samanlikna kva dei to religionane seier om det å berga liv. Først
kristendomen, og eg gjev ordet til Lukas (kapittel 10, vers 25-37)

Den miskunnsame samaritanen

25 Då steig det fram ein mann som var kunnig i lova. Han ville setja Jesus
på prøve og sa: «Meister, kva skal eg gjera så eg kan få evig liv?» 26 «Kva
står skrive i lova?» sa Jesus. «Kva les du der?» 27 Han svara: «Du skal
elska Herren din Gud av heile ditt hjarta og av heile di sjel og av all di
makt og av alt ditt vit, og elska nesten din som deg sjølv.» 28 Då sa Jesus:
«Du svara rett. Gjer det, så skal du leva.» 29 Men mannen ville gjera seg
rettferdig og spurde: «Kven er så nesten min?» 30 Jesus tok opp spørsmålet
og sa:
Det var ein mann som fór frå Jerusalem ned til Jeriko, og fall i hendene på
røvarar. Dei reiv av han kleda og skamslo han, så gjekk dei sin veg og lét
han liggja der halvdød. 31 No høvde det så at ein prest kom same vegen. Han
såg mannen, men gjekk framom. 32 Det same gjorde ein levitt; han kom dit,
såg mannen og gjekk framom. 33 Ein samaritan som var ute og ferdast, kom òg
den vegen. Og då han fekk sjå mannen, tykte han hjarteleg synd i han. 34 Han
gjekk bort til han, helte olje og vin på såra hans og batt om dei, lyfte han
så opp på eselet sitt og førte han til eit herberge og stelte vel om han. 35
Morgonen etter tok han fram to denarar, gav dei til verten og sa: «Syt vel
for mannen, og må du leggja ut meir, skal du få det når eg kjem attende.»

36 Kven av desse tre tykkjer du bar seg åt som ein neste mot han som fall i
hendene på røvarane? 37 «Den som synte miskunn mot han,» svara den
lovkunnige. Då sa Jesus: «Gå du av og gjer like eins.»

Talmud

Melchior har ein vanskelegare jobb, i og med at Talmud og talmudlitteraturen
er eit mykje større tekstmateriale enn evangeliet. Men vi kan ta
utgangspunkt i Maimonides (Mishne Tora): ”Når det gjeld ikkjejødar som vi
ikkje er i krig med....får ein ikkje drepa dei, med det er forbode å redda
dei om dei held på å døy. Om du til dømes ser nokon av dei falla i havet får
du ikkje redda han, for det står skrive: ”Du skal ikkje stå etter din nestes
blod” – men ein ikkje-jøde er ikkje din neste.”

I sjølve Talmud er dette i følgje Shahak handsama i traktaten ”Avoda zara”
26b. Utgangspunktet her er at ikkje-jødar korkje skal lyftas opp av ein
brunn, eller senkast ned i ein brunn. For ein jøde er det soleis utrykkeleg
forbode å handla som samaritanen, i fall han som ligg i grøfta er ein
ikkje-jøde.

Heilt samstemmige er ikkje autoritetane i jødisk lov. I apologetiske
framstillingar av jødedomen plar ein dra fram rabbi Moses Rivkes (slutten av
1600-talet). Dette sitatet hentar Shahak frå Rivkes kommentar til
1300-talsverket Shulhan Aruk – ”Be´er Haggola”:
”Våre vise sa dette berre om dei heidningane som i deira tid dyrka avgudar
og ikkje trudde på jødane si flukt frå Egypt og på at verda vart skapt frå
inkje. Men dei ikkjejødane som vi, Israels folk, no bur i skuggen til og som
vi er spreidde mellom, trur på skapinga frå inkje og på flukta og på fleire
av hovudsetningane i vår eigen religion, og dei bed til himmelens og jordas
Skapar.... Vi saknar ikkje berre eit forbod mot å hjelpa dei, men vi er til
og med forplikta til å be for deira velferd.”

Fleirtalet av autoritetar etter Rivke har ikkje følgt hans ytterleggåande
medkjensle, og Melchior står neppe på hans standpunkt. Rivke går jo så langt
at han opphever forbodet mot å berga livet til ikkje-jødar, om desse er
muslimar eller kristne (ikkje elles). Han innfører sjølvsagt ikkje nokon
plikt til å berga liv (spørsmålet er sjølvsagt meir komplisert når det gjeld
å berga liv mot betaling).

Høgreside – venstreside

Bondevik oppfattar samaritanen Melchior ”som en norsk minister i den
israelske regjeringen” – og går såleis god for den politikken han fører. Det
er Melchior sikkert ikkje misnøgd med – den slags blankofullmaktar tek den
israelske regjeringa sikkert imot med oppriktig takk.
Melchior tilhøyrer det som kallast ”venstresida” i israelsk politikk. Medan
høgresida – slike som Sharon – ser på arabarane som eit problem som helst
burde bort (og som vil jaga dei over Jordan når det er politisk mogleg),
er ”venstresida” usamde i dette. Dei synest Sharon øydelegg alt. Dei ser på
palestinarane om lag som ein omsorgsfull norsk bonde ser på kyrne han har i
fjøset. Dei er nyttige, dei kan gje pengar i kassa, dei kan gjere det som
ein sjølv ikkje kan eller vil gjera. Jagar ein dei over Jordan, kan ein
ikkje dra nytte av dei. Difor synest ”venstresida” at Sharon er destruktiv.
(Med ”venstresida” meiner eg alle utanom Gush Shalom. Gush Shalom er ei
utgruppe som ser på palestinarane som likemenn).

Ein bonde har eit omsorgsfullt, praktisk og usentimentalt tilhøve til kyra
sine. Han steller godt med dei, gjev dei godt med for, pratar med dei og
mjølkar dei. Men om det er eit dyr det er vanskar med – anten det er alt for
mykje jurbetennelse, dårleg lynne eller liknande – går det til slaktaren ved
første høve.

Det er ein slik båssett buskap slike ”fredsvener” som Melchior vil ha. Difor
er dei oppriktig såra over at Arafat sa nei til det "generøse" tilbodet
Barak gav på Camp David. Ikkje avdi dei som israelarar flest er villeidde om
innhaldet i tilbodet – det kjenner Melchior like godt som Barak. Men avdi
tilbodet til Barak nettopp er eit tilbod slik det skulle vera – som gjer
palestinarane til ein temd buskap i eit fjøs med fire båsar. Ein buskap som
kan vera til praktisk nytte for bonden, som billig arbeidskraft m.m. Difor
vil Melchior roa ned situasjonen i fjøset, til ein får send dei verste
urokråkene til slaktaren, og slik at dei som er att kan koma til nytte
igjen, slik dei var for berre få år sidan. Melchior og Bondevik er vener,
og samde om mykje. Spørsmålet er: Kven av dei er det som sviktar
prestekallet sitt?

Hans Olav Brendberg, Hitra



This archive was generated by hypermail 2.1.2 : 11-07-02 MET DST