Teologisk vranglære

From: brendberg (brendberg@c2i.net)
Date: 29-06-02


Folk fær heller tilgjeva at ein heidning og AKP-ar melder seg på i eit
teologisk ordskifte - men so mykje vranglære er det som rek for tida, at eg
trur ein liten dose nytestamentleg teologi ikkje gjer nokon skade.

Fyrst mot Michelet og hans vranglære - eg syner til dagens KK. I ein lang og
velskriven kommentar om Dante skriv han: "Selv om vi har sendt romsondene
Pioneer og Voyager til Saturn og har betydelig faktisk kunnskap om planeten,
er det i kristen tro mulig å forestille seg at apostlene ennå har tilhold
der, eller på et fjernt sted som likner. Ja, det er ikke bare mulig, det er
nødvendig. For hele troen faller egentlig fra hverandre dersom den ike er
basert på et evig paradisliv for apostlene og de øvrige salige, samt evig
fortapelse for alle andre."

Dette meiner eg er ateisme av det slaget Bendik Wold nyleg omtalte som opium
for venstresida - eit sløvande tankestoff som gjer at du ikkje greier tenkja
klårt igjennom diskusjonen, og gripa kjernen i han.

Dante har ingen kanonisk status i kristendomen. I den lutherske kyrkja er
dei kanoniske skriftene ei svært lita gruppe skrifter - grovt sett to
grupper, det sokalla gamle testamentet, og det nye. Luther legg lita vekt på
fleire av desse bøkene, og understrekar i tillegg at det gamle skal lesast i
lys av det nye.

Dei viktigaste skriftene om ein vil sjå på kristen lære om frelse, himmel og
helvete er dei fire evangelia og dei sju autentiske breva frå Paulus - i
praksis Romarbrevet, to Korintarbrev og Galatarbrevet i denne saka. For dei
som synest dette blir mykje å lesa, kan eg avgrensa tekstutvalet til den
sokalla Bergpreika, Matteus kapittel 5-7, og likningane om himmelriket,
Matteus kapittel 13.

Dette er tekstmateriale som det slett ikkje er så enkelt å fastslå ei
konkret tolking av som Michelet hevdar. Og for å syna kva eg meiner med det,
vil eg føreslå ei anna tolking enn den
som Michelet hevdar er naudsynt for at trua ikkje skal falla frå kvarandre.

Om du kvittar deg med førestillingane om ein framtidig himmel som løn for
han som handlar og trur rett, og eit framtidig helvete for han som ikkje
gjer det, fær du ei mykje enklare tolking. Han som syndar - td. lyg - er alt
i helvete. Han som er egoistisk, brukar olbogene og lyg og smiskar seg fram,
er alt i helvete. Han kan ikkje lita på nokon, få verkeleg kontakt med
nokon, og han lagar eit trist og trasig samfunn rundt seg. Han er heilt
enkelt fanga i seg sjølv. Det er soleis ikkje noko straff for synd. Synda er
straffa.

Og likeeins med trua og dei gode gjerningane. Han som trur, og handlar etter
trua, ser alt det gudsriket rundt seg som er løynt for dei andre.

Kva so med dei som ikkje trur? Dei strevar og strevar for å forstå ved hjelp
av sitt eige vet. Men likevel endar dei opp i fortviling: Det går til
helvete med alt. Alle draumane våre - td. om sosialisme - blir knust til
støv. Det er soleis ikkje noko "straff" for å ikkje tru. Tvert om er det å
ikkje tru - og difor fortvila - sjølve straffa. Men dette er sjølvsagt ikkje
noko du er dømt til - om du vil, ligg jo trua der som ein skatt for alle som
ynskjer koma ut or fortvilinga.

Om du vil bryna tenkjinga på evangelisk kristendom - og det kan det jo vera
gode grunnar til å gjera - bør du freista finna denne tenkjinga i si beste,
mest overtydande form. Først då kan du kvessa eiga tenkjing på dette
materialet. Michelet leitar derimot fram ein meir primitiv variant av
kristen tenkjing - snart tusen år gamal - og "provar" at dette er dumt ved
hjelp av amerikansk romforsking. Det er ei fullstendig meiningslaus
tankeøving, som ikkje endar opp i anna enn at du tenkjer det same som du
alltid har gjort. Eggen er like rund og sløv som før du byrja.

Men nok om Michelet - no til ein annan vranglærar. Noreg har ein prest som
statsminister. Ein statsminister som samstundes er prest har ikkje berre
Pilatus sine plikter (og dei har jo Bondevik teke på seg i rikt mål - han
vaskar hendene sine uansett kven jødane til ei kvar tid vil krossfesta). I
tillegg har han læraren sine plikter.

Når Bondevik som andeleg leiar krev "stans i palestinske terrorangrep" som
føresetnad for at Israel skal kunna trekka seg ut or område dei ulovleg har
okkupert, er dette også teologisk alvorleg. For han har læraransvar andsynes
dei stakkars kristne som stør denne okkupasjonen. Og okkupantane driv med
daglege åtak på alt som kyrkja gjennom to tusen år har freista læra om
alminneleg nestekjærleik. Om Bondevik meiner eg difor desse versa frå
Matteus kapittel 18 er rett lære, særleg vers 6 og 7:

"Kven er den største?

1 I same stunda kom læresveinane til Jesus og spurde: «Kven er den største i
himmelriket?» 2 Då kalla han til seg eit lite barn, sette det midt imellom
dei 3 og sa: «Sanneleg, det seier eg dykk: Utan at de vender om og vert som
born, kjem de ikkje inn i himmelriket. 4 Den som gjer seg sjølv liten som
dette barnet, han er den største i himmelriket.

Forføringar og freistingar

5 Den som tek imot eit slikt lite barn i mitt namn, tek imot meg. 6 Men den
som forfører ein av desse små som trur på meg, han var betre faren om dei
hadde hengt ein kvernstein om halsen hans og søkkt han i havsens djup. 7 Å,
usæle verd for hennar forføringar! Forføringane må koma, men ve det
mennesket som dei kjem frå!"

Hans Olav Brendberg, Hitra



This archive was generated by hypermail 2.1.2 : 11-07-02 MET DST