Holocaustoppgjeret

From: brendberg (brendberg@c2i.net)
Date: 28-06-02


For nokre år sidan var det ein del oppstuss kring erstatning til overlevande
etter Holocaust. Ikkje ubetydelege pengesummar vart overført til
amerikanske, jødiske organisasjonar og fond. Der stogga pengane, og
overlevande har sett lite til dei.

No har dei forsiktig byrja diskutera kva ein skal gjera med desse pengane
etter at dei overlevande er daude - om dei berre døyr, treng ein jo ikkje
betala ut noko. Jødar har jo ikkje privat eigedomsrett, og arvingane er jo
sikkert berre glad til om pengane går til eit godt føremål. Ein freistar
mobilisera for oppslutning om eit "jødisk nasjonalfond" - og det er jo
stemning for slikt i desse krisetider.

Diverre er det framleis nokre overlevande frå Auschwitz i live som øydelegg
idyllen. Eg saksar innlegget frå Charlotte Guthman Opferman, Florida, frå
debattsida til Scma:

Sebring, Florida

I am appalled at this presumptuous discussion over future disposition of
funds (which are not yet distributed) and their disposition after our death.
As long as we have not even received insurance payments due us and
restitution payment for slave labor, imprisonment, death of family members
and stolen property ... this debate is embarrassing, laughable and totally
undignified.
Charlotte Guthman Opferman



This archive was generated by hypermail 2.1.2 : 11-07-02 MET DST