Kvinner og KK-forum

From: brendberg (brendberg@c2i.net)
Date: 17-06-02


Kari Wester skriv:

"Det har vært ei travel tid, med kamp både med og mot naturkreftene. Etter
at
sola har svidd oss mer eller mindre bort over lang tid nå, har vi endelig
fått regn og kan falle litt til ro. Men da ligger høyet fra 20 da eng på
tørka, gitene står inne og angrer at de brøyt ned elektriskgjerdet og
kålrotplantene kan omsider plantes ut uten å svis vekk.
Så da tar jeg fatt på den diskusjonen dere for lengst er ferdige med."

Eg trur Kari kan ta det heilt med ro - det ordskiftet ho tek opp er eit
ordskifte vi knapt har byrja på - dette:

"Vitenskapelig utvikling i vesten har skapt et skille mellom maskulin
teknologisk frambringelse av varer og feminin, naturlig frambringelse av
liv. Tilfeldige grenser er trekt mellom kunnskap og uvitenhet, moderne og
primitivt, hva som har verdi og hva som ikke har verdi...."

Slik eg ser det, råkar Wester spørsmålet omlag midt i kjernen. Men dette er
eit svært ordskifte - mellom anna avdi det finst så mange måtar å lesa
"maskulint" og "feminint" på.

Ein av skilnadene på oss som bur i bygde-Noreg og folk som bur i større byar
trur eg er tilhøvet til ungar. Ei bygd utan ungar er ein trøysteslaus plass.
Eg trur ikkje dette er like synleg i byar - kor avgjerande born og nytt liv
er for eit samfunn, og kor mykje det tyder for oss. I byar er ungane mykje
meir "private" enn i ei bygd, der mykje av livet umedvite handlar om den
oppveksande slekt.

Og eg trur det er her mange band blir kutta av, til fordel for eit
dominanssystem der det komplekse nettverket i samfunn med naturkontakt blir
bytta ut med dei ordna formene til marknad og byråkrati. På vegen skjer det
ei svært tilfeldig sortering i kva som har verdi, og kva som ikkje har det.

Eg trur mennene var dei første som vart forviste. For ein generasjon sidan
dreiv mennene her langs kysten garnskyting på kjøkenet - midt i ein dunge
ungar. Så bygde ein seg nye hus - og alle hadde idear om å byggja hobbyrom,
slik at ein skulle sleppa krangelen om kva som skulle foregå på kjøkenet.

Men desse hobbyromma var sosialt daude rom, og med dei døydde mykje praktisk
tiltaksevne.
Og samstundes gjekk ungane glipp av dette praktiske i kvardagen - og det
vart difor uinteressant.

Dette er sjølvsagt eit uvesentleg og lite eksempel - men eg trur likevel at
det råkar litt korleis vi har hogd over tråd etter tråd i ei "modernisering"
som snart tek livet av oss. Bysamfunna kan leva av å utbytta oljeressursar i
Kaspihavet og Nigeria - men bygdene må leva av eige ressursgrunnlag. Men
mange bygder har gjeve opp si eige livsform. Mange arbeidsplassar i
bygdenæringane er sosialt einsame - det blir ein slags cowboykultur. Og eg
trur både ungar og vaksne menn lir av at banda er hogd over. Praktiske
løysingar har eg derimot færre av. Men eg vil freista litt.

For nokre år sidan var det mykje oppstyr om ei tragisk ulukke, der ein far
køyrde i hel sitt eige barn som han hadde med i traktoren. Det var mykje
moralisering over kor uansvarleg det var å ha barn med å ein slik fårleg
arbeidsplass. Men kvifor ikkje heller byggja traktorar der det kan vera
mogleg å ha barn med på forsvarleg vis - sikra med sele? Det kan vera kjekt
å vera med far i høyonna - du ser ikkje så mykje til han på annan måte - og
det kan vera kjekt å ha med seg guten eller veikja ein times tid for far og.
Og so kan det vera praktisk - ogso for ho mor. Er det ikkje slik vi må byrja
tenkja, Wester?

Hans Olav Brendberg, Hitra



This archive was generated by hypermail 2.1.2 : 11-07-02 MET DST