Nidskrift om "den kritiske offentlighet"

From: brendberg (brendberg@c2i.net)
Date: 16-06-02


Nok eit svar til Oddmund:

Eg er langt på veg samd med deg i alt du seier om den "kritiske
offentlighet", og eg har alltid vorte rimeleg sveitt av dette skrålet, som
eg vel oppfattar som eit marknadsføringsspråk av same slag som det som blir
brukt når ein sel sjokolade. Og eg likar ikkje desse kritiske og liberale og
akk so intellektuelle. Eg ingen gode minne knytt til den slags folk - og eg
meiner mange bra folk brukar opp livet sitt i slike miljø, utan å få stort
att for det.

Likevel trur eg Oddmund kan ta det med ro. For ein ting er marknadsføringa.
Men sjokoladen kan vera god nok, lell. Og mi røynsle er at Klassekampen kan
vera riktig harry når det trengst. Det er litt for mange folk som meg, Trond
Andresen og deg m.fl,m.fl ute i bushen til at kultureliten kan ha noko von
om å få dekt bordet akkurat slik dei vil ha det. Samstundes har dei ikkje
noko alternativ til Klassekampen - det skjønar dei og. So berre vi held ein
finger på augnesteinen til Bjørgulv Braanen, og klemmer til når det trengst,
trur eg vi skal ha ei viss styring med dette.

Og difor tek eg opp ein ting som vart hengande i lufta i eit tidlegare
ordskifte: Klassekampen sitt tilhøve til det "skjulte Noreg" - eller Noreg
nord og vest for Sinsenkrysset. Eg er vel samd med Braanen i at eit
distriktskontor ikkje er noko løysing. Men noko må gjerast. Og det er ikkje
mitt, men Braanen sitt bord. Difor denne utfordringa: Lovar du å leggja på
bordet noko konkret om kva du har tenkt, og kva som er mogleg å gjera før -
skal vi seia oktober, Braanen? Så kunne vi få eit ordskifte som tok
utgangspunkt i kva redaksjonen trur er mogleg, i staden for at dei kan
avvisa alt med at det ikkje finst ressursar. I tilfelle du lovar det, kjøper
eg aksje.

Hans Olav Brendberg, Hitra



This archive was generated by hypermail 2.1.2 : 11-07-02 MET DST