Pauli ord

From: brendberg (brendberg@c2i.net)
Date: 12-06-02


Ein av tinga som har irritert meg når det gjeld venstresida, er kor grunn
religionskritikken jamnt over er. Ein har ikkje teke seg bryet med å setja
seg inn i den gjenstanden ein kritiserer, og kritikken er soleis ofte lite
råkande. Dette gjeld i liten grad klassikarar frå 1800-talet, som Marx,
Garborg m.fl. Desse var nøydde til å gjera eit skikkeleg arbeid, og gjorde
det. Mellomkrigstidas kulturradikalarar er derimot ofte lettvinte, og eg
synest til og med ein klok mann som Helge Krog ofte blir pinleg banal i si
klokkartru på at du vil få eit nytt, fritt, stolt og frigjort menneske berre
samfunnet greier kvitta seg med dei religiøse fordomane.

Teologi er som jus ein dogmatisk-deduktiv vitskap, som av ymse grunnar har
lågare status blant radikalarar enn jusen. Sjølv synest eg det må vera
enklare å tru på teologien enn på den positive rett - men dette er ein
smakssak. Eg brukte ein vinter for nokre år sidan på paulinsk teologi, og
min samla produksjon innanfor teologien avgrensar seg til den artikkelen eg
legg ut her. Den har ingen beinveges relevanse for dei andre tinga om
religion eg har lagt ut i det siste, men er meint som ein smaksprøve for
folk som vil sjå litt nærmare på det stoffet religionar er bygt av. Kan
henda gjev den og eit utgangspunkt for å forstå kvifor du får ein religiøs
renessanse på stader som Gaza-stripa.

Hans Olav Brendberg, Hitra

Mennesket Paulus

Paulus ruvar. Men fyrst i ettertid - i samtida var det mykje å utsetja på
honom. Av apostlane hadde han det mest tvilsame kallet, og han preika det
mest omstridde evangeliet. Han var sjuk - i ei tid då sjukdom og veikskap
var teikn på at du ikkje hadde Guds Ande med deg. Og han var ein liten, og
truleg ikkje serleg ven mann. Han var modig - men ikkje slik at han freista
spela heroiske rollor. Då styresmaktene i Damaskus var ute etter honom,
møtte han dei ikkje andlet til andlet. I staden vart han fira ned or bymuren
midt på natta - i ei korg. Eg trur kanskje detta biletet - av ein sjuk,
liten mann i ei korg, midt på natta i ei fiendtleg verd - er av dei beste
augneblinksbileta me har, i tillegg til at det er ei forteljing me både har
frå Paulus sjølv, og biografen hans - evangelisten Lukas.

Paulus er det fyrste kristne mennesket me kjenner sopass at me anar mannen
bak namnet. Fyrst og fremst gjennom dei 7 breva han har skrive sjølv, som er
den eldste skrifta i det nye testamentet. Fyrste brevet til
Tessalonikarane - truleg frå våren år 50 - er det eldste, ein liten
mannsalder før Markus skreiv evangeliet sitt. Men òg Lukas si fargesterke
forteljing i andre helvta av apostelgjerningane utfyller og gjev samanheng
til dei spreidde opplysningane Paulus gjev om seg sjølv i breva - sjølv om
Lukas delvis byggjer på mytisk stoff, og delvis teiknar biletet av Paulus ut
frå ein teologisk ståstad som høyrer heime i etterpaulinsk tid.

Paulus sjølv gjev ikkje i overflod når det gjeld materiale til forteljinga
om seg sjølv i breva sine. Fyrst og fremst når ombodet hans som apostel
kalla av Kristus sjølv står på spel hentar den trettande apostelen -
heidningane sin apostel - fram døme frå si eiga historie. Avdi Paulus ikkje
synest sin eigen person er viktig: Det er gjerninga hans i Kristus som tel.
For honom ville eit portrett av apostelen som menneske vore å festa seg ved
bisaka, og gløyma hovudsaka: Herren Kristus Jesus - sendt for å frelsa
verda, krossfest, oppstanden og nett difor ei forarging for jødar og ein
dårskap for heidningane.

Likevel: Mennesket Paulus let seg kjenna att i dei avtrykka livet hans har
sett, og som møter oss i desse skriftene. I mennesket Paulus ser me alle dei
maktene som er i rørsle når me i år 50 står på terskelen av det som snart er
2000 års soge om kristendomen som verdsreligion. For han ber alt i seg: Den
lovtru, fariseiske jøden som har vakse opp i eit hellenistisk miljø i
storbyen Tarsus. Han er romersk borgar, men har diaspora-jøden si trong for
reinleik i religionen - ei trong ein kan spora attende til den babylonske
fangenskapen. Med fangenskapen i Babylon vart jødane rykte ut or den trygge,
opphavlege samanhengen frå kongetida. Kongetida vart med kvart ein tapt
gullalder som berre nitidig reinleik i lovtruskapen kunna gjeva kontakt med.
Med detta i seg møter Paulus kristendomen eit par år etter den skilsetjande
påsken og pinsen år 30 - og i fyrste omgang vert løysinga hans å reinsa det
utvalde folket for den nye vantrua. I dette oppdraget vert den unge
farisearen konfrontert med seg sjølv og det som skal bli hans nye herre på
veg til Damaskus - den eine, avgjerande hendinga i livet hans. Me kjenner
henne einast frå Lukas si forteljing, men breva underbyggjer Lukas eit
stykke på veg. Etter omvendinga forsvinn Paulus ut or soga dei neste 16
åra - einast episodar kjenner me; som den nattlege flukta i ei korg, og ei
vitjing i Jerusalem for å tala med Peter. Elles veit me at han dreiv misjon
i landet aust for Jordan.

So kjem Paulus ut or dette myrkret att i år 48 - på apostelmøtet i
Jerusalem. No er han den sjølvmedvitne, trettande apostelen som krev fridom
til å preika evangeliet sitt om frelsa utan omskjæring og lovtruskap for
heidningane. Paulus tek med seg den uomskorne Titus på møtet, for å setja
saka på spissen. Og han fær sin fridom - etter noko strid krev dei andre
apostlane einast at han skal samla inn pengar til morkyrkja i Jerusalem som
ei motyting. Med detta som utgangspunkt kastar Paulus seg ut i verdssoga.

Medan kjeldone til detta livsverket stort sett tegjer før år 48 - berre
unntaksvis bryt ljoset gjennom - vet me meir om Paulus i tida frå 48-56 enn
om noko anna kristent menneske dei fyrste par hundreåra av tidsrekninga vår.
Alle breva hans er skrivne dei seks åra frå år 50 - 56, og
apostelgjerningane frå kapittel 13-28 er i stor grad soga om Paulus. Kva
ljos kastar desse skriftene over mennesket Paulus?

For det fyrste: I eit tidsrom på 8 år grunnlegg Paulus varige kyrkjelydar i
Ikonum, Kolossos, Cæsarea Filippi, Tessaloniki, Korint, Efesos, ikring i
landskapet Galatia og truleg fleire stader. Og det han driv med, er ikkje
noko «hit and run» - evangelisering: Han kjenner personleg ansvar for sine
born i trua. Eit nydeleg lite døme er brevet til Filemon, der han bed
Filemon ta att til seg ein rømt slave - Onesimos - som tidlegare har vore
til bry for honom, men som Paulus har vunne for trua i fengselet i Efesos.
Likeeins freistar Paulus so langt han maktar å rettleida dei kranglevorne i
kyrkjelydane han har bygt opp, men som oppgåvone eller fengselsopphald
hindrar honom frå å vitja. Dei fleste breva er skrivne med nett dette
siktemålet.

I seg sjølv skulle vel detta vera nok for eit heilt liv. Men det er meir
her. På ferdene sine tek han ikkje mot løn frå kyrkjelydane, men livnærer
seg i stor grad av handverket som teltmakar. Og kva vanskar han stend
andsynes på ferdene sine kjem truleg godt nok fram med hans eigne ord frå
andre korintarbrevet: «Er dei Kristi tenarar? Eg talar som ein vitlaus mann:
Eg er det endå meir. Eg har hatt større strev, fått fleire slag, vore oftare
i fengsel, mang ein gong i dødsfare. Av jødane har eg fem gonger fått dei
førti slaga på eitt nær; tre gonger vart eg piska, ein gong steina, tre
gonger leid eg skipbrot; og ein gong dreiv eg eit heilt døger ikring på
havet. Ofte var eg på ferder, i fare på elvar, i fare mellom røvarar, i fare
mellom landsmenn, i fare mellom utlendingar, i fare i byar, i fare i
øydemark, i fare på hav, i fare mellom falske brør, i slit og strev, ofte i
nattevòke, i svolt og torste, ofte fastande og utan klede i kulden. Attåt
alt det andre har eg det som dagleg ligg på meg, omsuta for alle
kyrkjelydane. Kven er veik utan at eg og vert veik? Kven fell utan at det
brenn i meg? Om eg endeleg skal rosa meg, so vil eg rosa meg av mi vanmakt.
Gud og vår Herre Jesu Far som er høglova i all æve, han veit at eg ikkje
lyg!»

Det er dei langvarige, hardsette konfliktane i kyrkjelyden i Korint som her
driv Paulus til å vera sjeldsynt direkte når han legg fram sutene sine.

Som om dette ikkje skulle vera nok: I desse 8 åri skriv han dei til saman 63
sidone med brev som er grunnstomnen i Bibelens nye testamente - 25-40 år før
evangelistane sine arbeid. Lange stykke av denne brevlitteraturen - som
stordelen av Romarbrevet, fyrste Korintarbrevet og Galatarbrevet - er
framleis noko av den mest meiningstunge og meisterleg skrivne litteraturen i
vår del av verda. Og til slutt: Oppi alt detta held Paulus seg til sin del
av avtalen frå apostelmøtet. Trottug samlar han inn pengar til dei heilage i
Jerusalem i dei nye kyrkjelydane.

Paulus i desse åra let seg kje mæla med våre vanlege mål: Han er eitt med
den saka som han brenn for - og Paulus brenn verkeleg. Han er som ei
naturkraft: Lik ei mektig bylgje reiser gjerninga hans seg, før ho vert
slege til skum då han etter tre misjonsferder tek med seg dei innsamla
pengane for personleg å gje dei til den eldste i forsamlinga i Jerusalem:
Jakob - Jesu bror.

Alt detta skjer over eit tidsrom på åtte år. Åtte stutte år er Paulus si
tilmålte tid som apostel for heidningane. Lat oss so freista sjå på mannen i
dei små glimta soga har gjeve oss tilgjenge til. Og kvifor ikkje byrja med
dei eldste orda i nytestamentet: “Paulus, Silvanus og Timoteus helsar
kyrkjelyden i Tessalonika, som har sitt liv i Gud Fader og Herren Jesus
Kristus. Nåde og fred vere med dykk!”. Detta er det vanlege
innleiingsformularet til Paulus, etterkvart bygt ut med tillegg som skal
underbyggja posisjonen hans som ekte apostel. Men det er enno eit stykke til
det kjem. I detta fyrste brevet er hovudsaka kor takksam han er for trua til
Tessalonikarane: “Vi takkar alltid Gud for dykk alle når vi nemner dykk i
bønene våre”. Og Paulus minner dei om korleis han eingong kom til dei: Ikkje
med smigrande ord, ikkje med baktanke om vinning, og utan å søkja ære eller
å gå fram med makt eller mynde. “I staden var vi milde mot dykk, som når ei
mor steller om borna sine.”

Ferda vidare hadde skilt Paulus frå kyrkjelyden i Tessaloniki. “Men vi
lengta så sterkt etter dykk at vi fekk meir og meir hug til å sjå dykk att.
Difor sette vi oss føre å vitja dykk. Eg, Paulus, freista både ein og to
gonger. Men Satan (truleg sjukdomen) hindra oss. For kven skal vera vår von,
vår glede og vår ærekrans om ikke de, den dagen vår Herre Jesus kjem, og vi
står for hans åsyn? Ja, de er vår ære og vår glede. Då vi ikkje kunne halda
dette ut lenger, sette vi oss føre å vera åleine att i Aten, og vi sende
Timoteus til dykk, vår bror og Guds medarbeidar i tenesta for Kristi
evangelium. Han skulle styrkja dykk i trua og setja mot i dykk, så ingen
skulle vera ustø i desse trengslene. De veit då sjølve at det er oss pålagt.
Då vi var hjå dykk, sa vi dykk føreåt at vi kom til å få trengsler. Såleis
gjekk det òg, som de veit. Og då eg ikkje heldt det ut lenger, sende eg han
av stad. Eg måtte vita korleis det stod til med trua dykkar, om freistaren
hadde greitt å freista dykk, så arbeidet vårt var nyttelaust. Men no er
Timoteus nett attkomen frå dykk med ein god bodskap om dykkar tru og
kjærleik.»

Detta brevet syner kva som etterkvart vert den grunnleggjande, innebygte
konflikten i arbeidet til Paulus. Etterkvart som han fær frå seg oppgåver,
byggjer nye kyrkjelydar og brøyter seg veg gjennom vanskane og striden som
fylgjer misjonsarbeidet - di meir veks oppgåvene framom honom med å fylgja
upp det personlege andsvaret han kjenner for alle sine born i trua. Attåt
veks ambisjonane: Han byrjar planleggja ei reisa vestover til Roma og Spania
for å preika evangeliet der. Stutt sagt: Krava Paulus stiller til seg sjølv
vert berre meir og meir uråd for noko menneske å leva opp til. I alle fall
for ein sjuk og plaga mann. Og det syner seg etterkvart at ikkje alle
kyrkjelydane er like stødige og trufaste som den i Tessalonika. Lat oss
difor hoppa fram nokre år fram i tid. Paulus sit no i fengsel, truleg i
Efesos, og brevet han skriv til Filipparane er truleg skrive i år 54 eller
år 55 - mot slutten av tida som fri apostel. Me er på andre sida av dei
store stridsåra, med vanskane i kyrkjelyden i Korint som sjølve toppunktet i
apostelen sine trengsler. Oppgåvene og ansvaret har for lengst vakse Paulus
over hovudet - men han er forhindra frå å gjera stort der han sit i
fengselet. «Men kva gjer det? Kristus vert i alle høve forkynt, kva måte det
så vert gjort på, anten dei gjer det med baktankar eller i sanning, og det
gleder eg meg over. Og eg vil halda fram med det. For eg veit at alt dette
skal verta til frelse for meg, av de de bed for meg, og Jesu Kristi Ande
gjev meg hjelp. Eg vonar og ventar at eg ikkje skal verta til skammar i
noko, men at alle, no som alltid før, skal få sjå kor stor Kristus er ved
det som hender meg, anten eg lever eller døyr. For meg er livet Kristus og
døden ei vinning. Men kan eg gjera eit arbeid som ber frukt om eg lever
lenger, då veit eg ikkje kva eg skal velja. Eg kjenner meg dregen til begge
sider: Eg har hug til å fara herifrå og vera saman med Kristus, for det er
så mykje, mykje betre. Men for dykkar skuld er det meir naudsynt at eg får
leva. Det er eg viss på, og difor veit eg at eg skal få leva og vera hjå
dykk alle og hjelpa dykk til framgang og glede i trua.»

Paulus ser jo aldri att dei kjære Filipparane, som trufast har sendt ei gåva
til honom, nett som dei tidlegare har vore hjelpsame. Men noko har skjedd
desse åra sidan han skreiv til Tessalonika. Det er ikkje for inkje han no
tydeleg har forsont seg med tanken på dauden, og kjenner seg dregen mot han.
Han byrjar nærma seg slutten på det rennet han var gjennom desse åra. Og han
har ikkje spara seg - det er eit nake menneske som ser seg attende, og ser
det han eingong gjekk frå:

«Om nokon meiner at han kan lita på seg sjølv, kan eg det endå meir. Eg er
omskoren på den åttande dagen, er av Israels folk og Benjamins ætt, ein
hebrear av hebrearar, i syn på lova ein farisear, så brennande ihuga at eg
forfylgde kyrkja, ulastande i all mi rettferd etter lova. Men det som var
meg ei vinning, det har eg for Kristi skuld halde for tap. Ja, eg held i
sanning alt for tap fordi kjennskapen til Kristus Jesus, min Herre, er så
mykje meir verd. For hans skuld har eg tapt alt, og eg held det for skrap,
så eg kan vinna Kristus og verta funnen i han, ikkje med mi rettferd, den
som er av lova, men med den som ein får ved trua på Kristus, rettferda frå
Gud på grunn av trua. Då kjenner eg han og krafta av hans oppstode, får del
i hans lidingar og vert lik han med di eg døyr som han - om eg òg kunne nå
fram til oppstoda frå dei døde.

Eg meiner ikkje at eg alt har nått det eller alt er fullkomen, men eg jagar
mot det for å gripa det, av di eg sjølv er gripen av Kristus Jesus. Brør, eg
trur ikkje om meg sjølv at eg har gripe det. Men eitt gjer eg: Eg gløymer
det som er attanfor og tøyer meg etter det som er framanfor, og jagar mot
målet, mot den sigerkrans som Gud frå det høge har kalla oss til i Kristus
Jesus. Lat oss sjå det på denne måten, alle vi som har nått kristen mognad.
Og er det noko de ser annleis på, skal Gud gjera det klårt for dykk. Lat oss
berre, så langt vi er komne, halda fram i same faret!»

Og me, som ikkje gjeng i hans skor, ikkje stend i hans strid - det som
imponerar oss, er nett måten han møter trengslor og strid og ikkje minst
eiga vanmakt med alt han skulle ha fått frå seg. Han møter det ikkje med å
lukka seg inne i eit skal, brøyta seg fram med autoriteten sin, gjera seg
til med all lærdomen sin. Di større vanskane, di meir nake møter han verda.
Det me ser, er ein mann som etterkvart stend på kanten av eit stort flóg, og
som likevel ikkje let vona si og gjerninga si bresta, og søkja tilflukt i
sjølvrettferd.

Det beste dømet på dette finn me i fyrste Korintarbrevet. Detta brevet er
ein del av ein større korrespondanse - det som i Bibelen er 2.
Korintarbrevet, er eigentleg ei samling av fleire mindre brev. Paulus hadde
vore lenge i Korint - det var ein av dei kyrkjelydane han hadde lagt att
mest av seg sjølv i. Og det var ei samansett forsamling han hadde samla
kring seg i denne byen - og konfliktane byrja koma opp nokso stutt tid etter
at han hadde reist vidare. Det er mangslags folk som vil konkurrera med
autoriteten til apostelen: Jødisksinna som vil ha heidningane omskore og inn
under lova, entusiastar som talar i tungor og som reknar den kristne
fridomen for å vera utan grensor og andsvar, og som difor fer fram på måtar
som støytar andre - i og utanfor kyrkjelyden. Og alle konkurrerar dei med
Paulus, baktalar honom og syner seg sjølve fram i visdom, tru, kraft og
legitimitet. Alle set dei ulike flokkar i kyrkjelyden opp mot kvarandre.

I desse stridane står det for Paulus om sjølve hjartet i gjerninga hans:
Raknar denne viktige kyrkjelyden, kan sanninga til det evangeliet han har
stridd for fridom til å forkynna stå på spel. Alt han har verja mot åtak
både frå lovtru jødekristne og lausslepte, hellenistiske entusiastar kan
byrja rakna. Det stend soleis om livsverket.

I fyrste korintarbrevet skriv Paulus om alle dei spørsmåla som striden har
reist, og tek dei føre seg i rekkefylgje - klårt og greitt. Om att og om att
syner han korleis kunsta ikkje er å gjera seg til av eigen klokskap og tru:
Det finst alltid andre omsyn, og serleg omsynet til dei veike i trua.
Samstundes stiller han spørsmålet om kristendomen skarpt: Brørne må forsona
med at evangeliet er ein dårskap for dei som går fortapt - anten det er
jødisk lov eller gresk visdom som fører dei til fortaping. Det er soleis
ikkje menneskevisdom og seg sjølve dei skal lita på - men Guds visdom, som
for menneska er ein dårskap.

Og kva har so Paulus å syna for seg, midt i denne striden der han veit han
vert utsett for giftig baktale, og der han er forhindra frå å reisa attende
for sjølv å møta motmennene sine andlet til andlet? Eitt har han: Seg sjølv.
Og midt i detta brevet, forma for å halda kyrkjelyden saman i den striden
som trugar med å sprenga honom, er det Paulus formar dei orda der me kan
henda mest ser det storslegne med heidningane sin apostel som menneske:

«Om eg har profetgåve og kjenner alle løyndomar og eig all kunnskap, og om
eg har all tru, så eg kan flytta fjell, men ikkje har kjærleik, då er eg
ingen ting. Om eg gjev alt eg eig til mat for dei fattige, ja, om eg gjev
meg sjølv til å brennast, men ikkje har kjærleik, då gagnar det meg ingen
ting.

Kjærleiken er langmodig, kjærleiken er velviljug, han misunner ikkje,
briskar seg ikkje, blæs seg ikkje opp. Kjærleiken gjer ikkje noko usømeleg,
han søkjer ikkje sitt eige, harmast ikkje, gøymer ikkje på det vonde. Han
gleder seg ikkje ved urett, men gleder seg ved sanninga. Alt held han ut,
alt trur han, alt vonar han, alt toler han.

Kjærleiken fell aldri bort. Profetgåvene skal få ende, tungene skal tagna,
og kunnskapen skal ta slutt. For vi skjønar stykkevis og talar profetisk
stykkevis. Men når det fullkomne kjem, skal det som er stykkevis få ende. Då
eg var barn, tala eg som eit barn, tenkte eg som eit barn, dømde eg som eit
barn. Men då eg vart mann, la eg av det barnslege. No ser vi som i ein
spegel, i ei gåte; men då skal vi sjå åsyn til åsyn. No kjenner eg
stykkevis, men då skal eg kjenna fullt ut, liksom eg fullt ut er kjend av
Gud. Så vert dei verande desse tre: Tru, von og kjærleik. Og størst av dei
er kjærleiken. Jag etter kjærleiken!»

Denne mannen, som midt i striden òg har drag som me rynkar på nasen av,
syner her kva to han er laga av. Han syner seg sjølv: Mennesket som einast
ser stykkevis, dømer stykkevis - men som likevel, tyngd av ei bør han ikkje
lenger maktar bera åleine, ikkje brest i tvil. I staden ljomar det: Jag
etter kjærleiken! Det ropar han ut, i den trua, vona og kjærleiken som i ei
mektig bylgje har ført honom fram til dette punktet. Nett same mannen er
det som ei tid etter, i fengselet i Efesos, syner oss ein gripen mann som
jagar etter å gripa det den unge mannen augna på veg til Damaskus. Uansett
kva eg elles fær ut or breva til Paulus: Dette stykket i korintarbrevet er
den magiske augneblinken. Her stend mennesket nake i striden, med eit mot
som gjer at det ikkje lyder falsk når han litt etter, i det femtande
kapittelet, spør: «Daude, kvar er din brodd!»

Kva meir er det å segja? Legg me korintarbrevet til sides, stend me att med
Romarbrevet - det siste frå Paulus si hand. Romarbrevet er ikkje skrive til
ein kyrkjelyd Paulus kjenner - han har einast høyrt gjete om dei heilage i
Roma. Det er ikkje eit brev forma av striden om sanninga i hans eige
evangelium. Det har vorte sagt at Romarbrevet er Paulus sitt testamente. Det
kan vera noko i det: Det siste brevet er på mange måtar ein sluttsum, der
han samanfattar det som i opprinneleg form er meisla ut i dei tidlegare
breva. Og det er gjort klårare, med større samanheng.

Men det som soleis er vunne i klårleik ved avstanden til romarane som han
skriv til, er samstundes tapt på eit anna vis: I Romarbrevet byrjar
mennesket Paulus gli frå oss, og vert eitt med verket sitt. Det er på eit
vis eit brev som kjem til oss frå eit større perspektiv, men òg ein større
avstand. Framleis har han omsuta for det som er bygt: «Tak dykk av den som
er veik i trua, utan å setja dykk til doms over tankane hans!» Frå avstanden
syner Paulus dei større samanhengane i tenkjinga si som gjer at me ser heile
bygnaden - det som gjev Romarbrevet preget av heilskapleg, teologisk
lærebrev. Men misjonæren som slæss for at dei kløyvande kreftene i verda og
menneskesinnet ikkje skal få makta over honom, sjelesyrgjaren som i
vonbrotet over at folk han har gjeve si tillit vender ryggen til honom - og
likevel freistar gøyma ein plass for dei i hjarta - han vert litt borte for
oss i den større mognaden og klårleiken. Me byrjar kjenna kulden koma på.

Etter Romarbrevet forsvinn han snart heilt for oss. Han reiser personleg
med dei innsamla pengane til Jerusalem. Til Jerusalem kjem han med hjarta i
halsen: Han veit at det på langt nær er sikkert at den lovtru, jødekristne
Jakob tek mot gåva frå dei heidningekristne. For all hans gjerning ute i
verda tel lite i Jerusalem. Der har dei bite seg merke i at han lærer
jødane i heidningelanda å falla frå Moses - vert han godkjent utan vidare,
risikerer ein store fråfall. Paulus kjem til ei minneleg ordning med Jakob:
Han skal ta på seg kostnaden med reinsingsseremoniane til fire unge jødar -
og vera med dei i tempelet som ein god, lovtru jøde. Dette vekkjer uro
millom jødane: Paulus vert lagt i lekkjor for siste gong - fangenskapen
endar fire år etter i Roma. Innsamlinga han tok på seg åtte år før på
disippelmøtet i Jerusalem som motyting mot fridomen til å forkynna
evangeliet slik herren hans hadde kalla honom, vart soleis endskapen på
tilværet som fri forkynnar. Frå Jerusalem går ferda vidare i lekkjor - til
ho endar i Roma etter ei sjøreise Lukas fortel forrykande om. I Roma
forsvinn han heilt i det historiske myrkret han eingong kom ut or, i ein
lynblenk på vegen til Damaskus der farisearen møtte den Jesus han sjølv
ivrig forfylgde, og vart konfrontert med spørsmålet: Saul, Saul, kvifor
forfylgjer du meg?

Dei siste glimta me fær av mennesket er i forteljinga til Lukas, der me anar
korleis han på vegen til Jerusamlem vert sliten millom omsynet til einskapen
i Kristi kyrkje, og ulysten til å bøyga seg for ein lovtruskap den unge
farisearen hadde vendt seg burt frå for over 20 år sidan. Men han ber
krossen sin, kan kje tenkja på anna. Etter at den frie forkynnaren er lagt i
lekkjor er framleis den klåre tanken att, som når han fær det jødiske rådet
til å løysa seg opp i krangel om livet etter dauden i staden for å fella dom
over honom. Men snart stend det einast att å møta sin eigen daude, den som
for lengst har mist sin brodd. Og om ingen av kjeldone kan syna oss biletet,
treng me kje tvila på at han møter denne dauden forsona med
herlegdomsherren som har vore det ljoset han har stade midt i i alle
manndomsåra sine, det ljoset som gjev oss høve til å øygna andletsdraga til
mennesket Paulus - 2000 år etter.

Kan henda er det Paulus sjølv som best veit å setja namn på nett kva det er
me ser i honom: “Vi forkynner ikkje oss sjølve, vi forkynner Jesus Kristus
som Herre og oss som dykkar tenarar for Jesu skuld. For Gud, som sa at ljos
skulle skina i mørkret, han har late det skina i våre hjarto, så kunnskapen
om Guds herlegdom, som strålar i Kristi åsyn, skal lysa fram.

Men vi ber denne skatten i kar av leire, så den veldige krafta skal vera av
Gud og ikkje av oss. Vi er alltid i trengsle, men ikkje i stengsle,
tvilrådige, men ikkje fortvila, forfylgde, men ikkje oppgjevne, nedslegne,
men ikkje tynte.”

Det er rikdomen har ber fram som gjer mannen. Men vonleg har eg óg med detta
synt litt av det leirkaret som bar rikdomen. Den rikdomen han ber fram, er
den kristne trua. Mot alt ein skulle venta, vart ikkje kristendomen ein
religionshistorisk episode i seinhellenismen. Kristendomen festna seg - i ei
sams trusvedkjenning som vaks fram i hundreåra etter Paulus. Med
trusvedkjenninga frå Nikea og Konstantinopel er antikken slutt - i vest
byrjar millomalderen, i aust den bysantinske tidbolken. Om Paulus tilhøyrer
ei onnor tid enn dette skiftet: Orda hans er viktige undervegs. Orda hans
gjev kyrkja tru til å stå på sitt eige i møtet med gresk lærdomstradisjon.
Og orda hans hjelper kyrkja med å finna plassen sin i verda: “Her finst
korkje jøde eller grekar, træl eller fri, mann eller kvinna”.

Men å plassera Paulus slik, er halvgjort arbeid. Det ligg meir her. For når
alt er plassert, alt er forstått, alle bitar er lagt på plass: Framleis er
det noko urovekkande med Paulus. Det er ikkje kunnskapen hans: Sjølv om han
tvillaust når eit hovud høgare enn hine i kyrkja si fyrstegrøda, er det kje
vanskeleg å finna hol. Den fortettinga i tradisjonen om Jesu liv me møter i
evangelia, var ikkje tilgjengeleg for Paulus. Mange av dei Jesus-orda me kan
lesa i Bergpreika, var truleg ukjende for honom. Om Paulus kjenner den
hellenistiske lærdomstradisjonen: Det er ikkje her Paulus briljerar. Ein
norsk prest med embedseksamen kan truleg meir om Jesus enn Paulus gjorde.
Det urovekkande med Paulus kjem truleg betre til synes når me ser kva rolla
han spela i ettertida. Det var ved å gjenoppdaga Paulus at Augustin byrja
skjøna sitt eige, plaga samvit. Den reformasjonsrørsla som braut fram med
Luther, henta hovudfestet sitt i skrifta i breva til Paulus. Å binda Paulus
fast i våre forståingskategoriar - historiske, teologiske eller
hermenautiske - er å ta livet av honom. Har ein fyrst gjort det, er Paulus
uproblematisk - ein kan lesa honom gjennom eit filter, til dømes det
lutherske filteret me nyttar i vårt hjørne av verda. Men om me ikkje vil ta
livet av honom: Livet til Paulus er trua. I breva til Paulus talar ei
sterk, kraftig og paradoksal tru som eg ikkje finn betre ord på enn at ho er
urovekkande. Ho har vore urovekkande i soga om den kristne sivilisasjonen.
Ho er framleis urovekkande, avdi ho ikkje er åtkommande for det
humanistisk-vitskaplege apparatet me til vanleg nyttar for å forsona oss med
verda. Nett difor trur eg me bør leita fram Paulus att.

--------------

Alt detta må takast for det det er: Nokre spreidde glimt inn i det
kraftfeltet som er kring Paulus, verket hans og skriftene hans. I Paulus
møtest misjonæren, teologen, den lærde, kyrkjebyggjaren, sjelesyrgjaren - og
alle er av uvanlege dimensjonar. Ikkje avdi Paulus er annleis bygt enn oss
andre, men avdi han lever av og i dei sterke kreftene som bryt fram i og
ikring han i desse åra då evangeliet om den krossfeste Kristus brøyter seg
rom i verda. Soleis minner han oss om orda i fyrste moseboka: «I den tida
var det kjempor på jorda». På same måten kan me ogso andre stader og andre
tider øygna menneske som før har bite seg sjølv i halen, innestengd i seg og
sitt, men som i ei plutseleg rørsla kastar seg mot overmakta og det
umoglege - med mot til å skapa si eiga ettertid i tru, von og kjærleik.

Slik vert forteljinga om Paulus ogso forteljinga om Luther sitt verk i
Wittenberg, Worms og Wartburg, og for den delen forteljinga om Mao sine
reiser på bygdene i Hunan - og til fjella i Ching-kang. Det er forteljinga
om korleis det er kjempor på jorda i tider der noko nytt bryt ur or
kvardagssanningane dei fleste av oss trivst so ualminneleg godt i - serleg i
tider som desse, der få slike kjempor er å sjå.



This archive was generated by hypermail 2.1.2 : 11-07-02 MET DST