høgttenkjing

From: brendberg (brendberg@c2i.net)
Date: 10-06-02


Litt kjapp høgttenkjing, som eg kjem til å skriva ut i meir skapleg form
seinare:

Om det vi ser i USA i dag er ein ideologisk kamp mellom den tradisjonelle,
interessebaserte utanrikspolitikken (Powell), og ei ny utanrikspolitisk
doktrine formulert av ei ideologisk rørsle med tre tyngdepunkt
(kristenhøgre, jødisk lobby, nykonservative), der desse tre spelar på
amerikansk kalvinistisk tradisjon (USA som verdas lys i kamp med
mørkemaktene), har dette viktige konsekvensar for korleis vi ser på
konflikten i Palestina.

For alle tre greinene av den ideologiske rørsla har ein ting sams: Dei har
eit fyrtårn. Og dei har til og med det same fyrtårnet: Israel.

Og som alle norske maoistar veit: Ei ideologisk rørsle med eit fyrtårn har
eit veikt punkt. Fyrtårnet.

Difor blir stoda i Palestina i svært stor grad "ein kamp for å overleva" for
desse kreftene. Om dei taper, kan grunnlaget for den ideologiske masserørsla
i USA brotna. Om dei vinn, vil desse derimot kunna festa grepet over
amerikansk utanrikspolitikk - og gå vidare med eit systematisk krosstog mot
mørkemaktene.

Palestinarane på Vestbreidda og i Gaza står vel dermed i noko av den same
posisjonen som innbyggjarane i Leningrad og andre stader gjorde vinteren
42-43: Dei ber i dag heile tyngda av krefter som i neste omgang kan bli
slept laus for alvor om ikkje palestinarane greier stå imot.

Eller er dette å ta for hardt i?

Hans Olav Brendberg, Hitra



This archive was generated by hypermail 2.1.2 : 11-07-02 MET DST