anti-natur

From: brendberg (brendberg@c2i.net)
Date: 09-06-02


Etterkvart vil vel den opplyste lesar sjå at Fossen har vanskar med å få
modellane sine til korrespondera med røyndomen. Når det gjeld fisk og
flåtestruktur er han heilt i det blå - og eg reknar med det same gjentek seg
om du går inn på andre sider av "anti-natur"-analysene hans. Har først pølsa
vorte sur, er det det same kva ende du et henne frå.

Men eg trur det er viktig å sjå at Fossen ikkje er problemet. Han er på
mange måtar representativ for dei nye "styrande klassane". Fordelen med
Fossen er at han i særleg grad er ein politisk nakendansar, slik at han
syner kva dette dreier seg om.

Det dreier seg om folk med nokså oppblåst sjølvbilete, og stor tru på eiga
oversikt kombinert med manglande grep på detaljplanet og manglande evne til
å kommunisera med folk som har allsidig praktisk røynsle. Tilhøvet til natur
er negativt: Det er ikkje snakk om å utnytta fridomen og dei kroppslege
utfordringane naturen kan gje - i staden er det snakk om å kjøpa seg
fridomsopplevingar i menneskeskapte landskap.

Desse folka dyrkar to ting som er heilt naudsynte for at dei skal hevda seg.
For det første ein inngruppe-strategi, der heile miljø har dei same
fordomane når det gjeld kva som er bra, og kva som er dårleg. Desse
fordomane kan gjerne vera knytt til idear om å vera "radikale", men i
praksis går det ut på å eksludera alle røynsler som ikkje går inn i eit
tilvant mønster (så harry!....). Slik slepp dei å tenkja. Slike strategiar
vil alltid vinna andsynes sjølv den mest avanserte tenkjing, avdi folk berre
kommuniserer med eiga gruppe, som dei henter identitet og tilknytting i.

For det andre går det ut på å dyrka ein intellektualiserande stil, der du
gjer diskusjonen mest mogleg utilgjengeleg. Dette gjeld ikkje berre i dei
opne ordskifta som er att i samfunnet, det gjeld over heile fjøla. Medan
eldre tiders humanistar ville utvikla heile mennesket, klarar desse seg med
kjeft og kjønnsorgan. Reformane i skuleverket har vore eit langt steg i
denne retninga, der skulen ikkje freistar utvida synsfeltet sitt etterkvart
som den okkuperer det rommet der kunnskapsoverføringa mellom generasjonane
tidlegare skjedde.

Dei livsformene og folka som ikkje passar i dette mønsteret skal kvelast
eller fråsorterast. Heile ungdomsgenerasjonar skal måtast til denne
Prokrustessenga. Ferdig tilkappa eller strekte skal dei so overlatast til
globale finansnettverk, for å sjå om dei har noko av verdi som kan sygast ut
or dei. Om dei kjenner trong til å pusta litt innimellom, skal dei vera
heilt framangjorte andsynes naturen rundt seg, slik at dei i staden søkjer
til ei eller onnor pengefelle. Høgt sprit og dopinntak er sjølvsagt ein
fordel.

I denne verda finst det berre ein sann Gud: Finanskapitalen - og hans
heilage ande, det amerikanarane kallar "fullspektra dominans". Ord som
"spekulasjon" har forsvunne frå språket på vegen, og har vorte "ikkje-ord".

Som det heiter i ordtaket: Mykje vil ha meir, og tykje vil ha fleir.

Hans Olav Brendberg, Hitra



This archive was generated by hypermail 2.1.2 : 11-07-02 MET DST