Hyperkonsumentaktivisme

From: Magnus Bernhardsen (magnus.bernhardsen@nm.no)
Date: 05-06-02


Dette innlegget er sendt til Klassekampen.

Magnus B

---
Hyperkonsumentaktivisme

Forskaren Christine Myrvang skriv i Klassekampen den 5. juni om massekonsumet som frigjerande og demokratiserande, og spør korleis me kan gjera hyperkonsumentane til ein del av forandringsarbeidet mot konsernmakta. Eg tykkjer ho reiser eit viktig spørsmål, og eg sluttar meg til tanken hennar. Eit problem i dei industraliserte landa er at folk ikkje har tru på eller von om eit betre samfunn. Om ein då kunne oppleva frigjering og demokratisering gjennom hyperkonsumpsjon, jamvel berre for ei veke eller to, ville ein ha ei personleg røynsle å kjempa for. Kommunismen skal jo vera overflodssamfunnet - tenk om folk fekk oppleva han i sitt eige liv! Ei veke med opplevd kommunisme gjev styrke til eit liv i kamp, trur no eg.

Myrvang skriv at hyperkonsumpsjonsaktivismen ikkje bør verta ei sak for ein moralsk opphøgd middelklasse. Det er og eit viktig poeng. Mange har rett og slett ikkje ressursar til å verta hyperkonsumentar. Eg trur kollektiv handling kan bøta på dette problemet, og stel ein idé frå 'bankane' til fattigfolk i Kenya. Om tjuge personar går saman om å danna ei hyperkonsumetaktivistgruppe kan dei betala tusen kroner kvar i månaden. Kvar månad får ein av aktivistane 20000 å konsumera for. Den heldige får dimed oppleva frigjering og demokratisering so lenge pengane rekk. Serleg vert nok denne opplevinga viktig for menn, for Myrvang peiker heilt rett på at 'konsum' har vore sett på som 'feminint'.

Vil du vera med? Send tusen kroner til

Magnus Bernhardsen, Oslo



This archive was generated by hypermail 2.1.2 : 11-07-02 MET DST