Desentralisering

From: brendberg (brendberg@c2i.net)
Date: 20-05-02


Herman Hansen dreg inn eit interessant døme: Eit av dei mest iheltagde
politiske drapa i norsk historie. Og eg trur Hansen har heilt rett: Hadde
ein sentral AKP-ar på austlandet vorte drepen under liknande omstende
(Erling Folkvord?, Siri Jensen?) er eg nokså sikker på at avisa ville spela
ei viktig rolle for å få fram fakta kring ei svært underprioritert
etterforsking. Men det er no ein gong slik på Animal Farm at nokre er likare
enn andre.

Braanen gjev i klåre uttrykk for ei prioritering som eg meiner er minst tjue
år gamal - men som han er den første som forsvarar offentleg utan å driva
med kamuflasje og skjønnmåling. Det synest eg er eit stort framsteg.
Samstundes er eg usamd med Braanen. Avdi:

I reine tal er den marknaden du snakkar om ("radikale menneske" - i praksis
middelklassemenneske med radikale studentdagar bak seg) den einaste som er
stor nok. Men eg trur samstundes at dette er ei nokså einsarta og keisam
gruppe - at dei spanande sakene, dei spanande historiene og folka finst
utanfor denne gruppa. Og utan at du finn måtar å få fram desse sakene og
historiene, vil avisa etterkvart bli eit gjesp (klø folk med førtiårskrise
på ryggen). Sjølv om ingen spanande menneske er noko "stor målgruppe", er
dei viktige for ei avis.

Hans Olav Brendberg, Hitra



This archive was generated by hypermail 2.1.2 : 11-07-02 MET DST