KK-forum i 1997

From: brendberg (brendberg@c2i.net)
Date: 19-05-02


Ekeland skriv:

"Brendbergs holdning bekrefter dermed nettopp at AKP tradisjonen ikke er
revolusjonær-demokratisk og at læringsprosessene går tregt. Selv etter Tien
An-men, selv etter Murens fall, selv etter "smellen" som KK fikk har man
lært, har man blitt fundamentalt diskturende og dialogorientert."

I kor stor grad eg er representativ for "AKP-tradisjonen" vil eg ikkje ta
stilling til - og eg trur ikkje diskusjonen vinn mykje på at ein konstruerer
slike kollektive stråmenn som det Ekeland gjer. Diskusjonen her har
ingenting med Tien An-men å gjera (eg var tilhengar av at AKP skulle bryta
med KKP frå midten av åttitalet, og arbeidde ein periode nokså aktivt for
det -utan å nå fram). Diskusjonen har ingenting med murens fall å gjera
(korleis får du til den koplinga, Ekeland?). Diskusjonen har med KK i 1997 å
gjera.

Alle som har vore borti formelle maktstrukturar, veit at formelle posisjonar
har ei viss motstandskraft. Diskusjonar går over, berre ein held ut, og
slengjer noko ut til dei misnøgde. Det er poenget med alle framlegga til
fredskonferansar i Midt-Austen no: Hadde ein berre hatt naken maktbruk,
ville stoda vore vonlaus - og folk ha sett kva som skjedde. Det ville vore
fårleg for makta. Når ein kokar opp all slags idear om "regional
fredskonferanse", "det saudi-arabiske initiativet" og liknande, fær folk
noko å tru på medan makta får gjort det som trengst. Det å gje løfte - og so
bryta dei - er ein enkel og grunnleggjande måte å bryta ned rørsler på.
"Venstresida" er ikkje annleis enn andre her. Eg trur det sitjande regimet i
KK den gongen (den røynlege maktstrukturen, i praksis forskansa bak
redaktørstilling og redaktørplakat) var meir enn viljuge til å diskutera,
lova endringar, nyformulera strategi - så lenge ein heldt på dei formelle
posisjonane. Dei trudde det ville gå over berre ein tøygde prosessen ut i
tid - og eg trur dei hadde rett.

AKP bestemte seg ikkje for å "klippe til". Den sokalla "strukturelle makta"
AKP hadde, var langt på veg verdilaus - det dreidde seg om nedstøva
vedtekter frå den gong då. Men maktspelet var røynleg.

Episoden som sette i gang den akutte krisa var kravet om ei tillitserklæring
til redaktøren. Og eit slikt krav må møtast med eit "ja" eller eit "nei".
Fram til kravet vart stilt, kunne dette spørsmålet stå ope. Etter at kravet
om ei tillitserklæring kom, måtte ein anten kasta redaktøren - eller lima
han til stolen. Ein måtte velja. Spørsmålet mitt til Ekeland blir: Ville det
vore rett i ein slik situasjon å erklæra at ein hadde full tillit til
redaktøren - og dermed slipa bort den skarpe eggen i kritikken mot
redaksjonen si line?

Forkynnaren seier: Alt har si faste tid -
alt som hender under himmelen, har si tid.
ei tid til å fødast, ei til å døy,
ei tid til å planta, ei til å riva opp,
ei tid til å drepa, ei til å lækja,
ei tid til å riva, ei til å byggja,
ei tid til å gråta, ei til å le,
ei tid til å syrgja, ei til å dansa,
ei tid til å kasta steinar, ei til å samla dei..()
eit tid til å teia, ei til å tala,
ei tid til å elska, ei til å hata,
ei tid til krig og ei til fred.

Eg trur vel usemja mellom meg og Ekeland ligg her ein stad. Ekeland vil
alltid enda opp med at:
"Det finst ei tid for å diskutera,
og ei tid for å diskutera.
Ei tid for diskusjon,
og ei for å halda fram diskusjonen.

Eg meiner det finst ei tid for å diskutera - og ei tid for å handla. Og at
handling er eit vanskelegare språk enn diskusjon - som "venstresida" i
tillegg er svært veike på. Då krisa kom opp seinsommaren 1997, var tida kome
for å handla. Eg synest styreformann og AKP-leiar handla veikt og fomlete. I
staden for kontant å svara "nei" på spørsmålet om ein hadde tillit til
redaktøren, tøygde ein det ut over fleire veker. Men likevel: Dei handla.
Den redsla for ansvar som ligg bak tanken om at det alltid er tid for å
diskutera, og aldri for handling, meiner eg kanskje er viktigaste veikskapen
til venstresida. Det er difor folk har lite tru på oss: "Dei har det berre i
kjeften". Og eg trur diverre ein slik kritikk har mykje for seg.

Hans Olav Brendberg, Hitra



This archive was generated by hypermail 2.1.2 : 11-07-02 MET DST