Høgrepopulisme og kontrollmekanismar

From: brendberg (brendberg@c2i.net)
Date: 12-05-02


Om å dra til helvete – samfunn og kontrollmekanismar

Ottar Birkeland skreiv:

”Uansett: Du kan dra til helvete med ditt samfunn med sterke
kontrollmekanismar. Eg er ikkje interessert. Og i eit rikt samfunn kan du
sjå langt etter å få folkefleirtal for eit slikt samfunn.”

Når det gjeld det konkrete dømet som Birkeland reagerte på – piratdrosjer -
kjem eg tilbake til det i eit seinare innlegg. Det krev ei eiga drøfting.
Men diskusjonen om kontrollmekanismar er viktig og prinsippiell, likeeins
diskusjonen om å dra til helvete. I den grad det berre er spørsmål om eg
privat skal reisa til helvete, er forsovidt spørsmålet ikkje av dei
viktigaste. Men om diskusjonen om kontrollmekanismar også gjeld gruppereiser
av dette slaget, er han interessant. Og difor: Først til
kontrollmekanismane.

Det norske samfunnet er prega av sterke kontrollmekanismar, og effektive,
men smidige sanksjonar. Dette i motsetning til td. det gamle Sovjetunionen,
som hadde veike kontrollmekanismar, og brutale sanksjonar. Kva er skilnaden?

Det er eit underliggjande premiss i mange samanhengar her til lands er at
det ikkje er staten, men borgarane som skal sjå etter at lover blir følgt.
Eit døme kan vera lova om bu- og driveplikt. Det finst ikkje noko statleg
eller kommunalt ettersyn i bupliktssaker. Ein reknar med at andre, og særleg
andre moglege kjøparar, har så stor interesse av at ingen snik seg rundt
lova at dei vil seia frå om nokon gjer det. Og om folk ikkje seier frå når
buplikt ikkje blir overhalde, reknar ein med at det sikkert finst så gode
grunnar at det ikkje er naudsynt med noko statleg ettersyn. Det er difor du
får så sterke reaksjonar på bupliktssaka på Sørlandet: Her har eit heilt
samfunn fått delegert oppgåva med å handheva lova likt for alle – og so grip
ein politikar inn med forskjellsbehandling!. Slikt er eit åtak på
rettskjensla her i Noreg.

Svært mykje av samfunnslivet vårt er lovregulert på denne måten. Om eg får
ein telefon med spørsmål om eg kan skyssa nokon over fjorden til Smøla mot
betaling, veit eg sjølvsagt at eg ikkje har lov til det. Eg har vel i
grunnen små samvitskvalar – lovreguleringa er der for å syta for trygge og
skikkelege tilhøve i passasjertrafikk, men eg trur jo eg kan gjera jobben
trygt og godt.

Og likevel vil eg tenkja meg om. For det finst jo folk som har lov til å
gjera ein slik jobb. Og om eg byrjar med slik trafikk, vil det fort verta
kjent på bygda. Også dei som har næringsinteresse av slike oppdrag vil få
vita om det. Og dei har lova på si side. Då er det kan henda like godt å la
vera.

Det norske samfunnet er bygt kring slike kontrollmekanismar. I meir
kompliserte saker enn bu og driveplikt vil mekanismane vera annleis, men
bygd på same prinsipp. Eg har ikkje noko personleg røynsle frå arbeid i
fagrørsla – men eg reknar med at ein ikkje liten del av arbeidet til
fagforeiningsbyråkratia går ut på ettersyn av at det som skjer innanfor ein
bransje held seg innanfor lover og avtalar. På same vis har vi
bransjeorganisasjonar, naturvernorganisasjonar og ei mengd andre som syter
for ein svært effektiv kontroll – som går svært mykje lenger enn det KGB
nokon gong kunne drøyma om.

Dette kontrollsystemet føreset at samfunnet er gjennomsiktig – at ting ”kjem
ut på bygda”. Og delvis treng det forsterking gjennom at lova krev at ting
skal vera offentleg kjende: Kommunale saksdokument, eigarskap og anna.
Aviser spelar òg ein viktig rolle i dette offentlege ettersynet – sjølv om
eg ikkje utan vidare går god for eigenerklæringar om å vera ”fjerde
statsmakt” o.l.

Som alle andre system har også dette svake sider. Eit viktig døme er lovar
som ikkje er sosialt godtekne – ”legalisert illegalitet”. Det er forbode å
laga sitt eige brennevin i Noreg. I svært store område er det sosialt
akseptert å bryta denne lova – og ikkje akseptert om ein melder lovbrytarar
til politiet. Då får du ein langt vanskelegare situasjon når det gjeld
ettersyn – avdi spelereglane for ettersyn blir konfliktfylte. Tradisjonelt
har ein hatt underforståtte reglar: Ikkje sel heimebrent til ungar, ikkje
produsera stort for å ha det til levebraud og liknande. Men ”holet” i
ettersynet er likevel stort nok til at det kan veksa fram mafia som driv
industriproduksjon, selja heimebrent til småungar og liknande. I mange
tilfelle føreset ”legalisert illegalitet” ei samfunnsform som vi ikkje
lenger har.

Sanksjonar

Den viktigaste sanksjonen er at vi alle ynsker å ha eit rykte som lovlydige
borgarar. Du treng ikkje melda folk til politiet – om du snakkar med folk og
seier frå at du vil melda til politiet om dei ikkje bøter på eit lovbrot,
vil eit slikt trugsmål om politimelding i svær mange høve vera ein sterk
sanksjon, og noko av det siste du tyr til etter at alle andre middel er
prøvde.

Elles finst det ein drøss slike tilbakekoplingsmekanismar – formelle og
uformelle. Bygda her er svært avhengig av disposisjonane til den lokale
handelsmannen, som eig butikk, fiskemottak og den største
turistutleigeverksemda. Eg har sjølvsagt ingen formelle kanalar å gå om han
ynskjer gjera noko eg synest er uklokt. I staden ventar eg til det kjem ein
roleg dag i butikken, og tek saka opp med han personleg. Han treng ikkje ta
omsyn til det eg seier – men kan heller ikkje sjå bort frå det. Det finst
ein uskriven samfunnskontrakt.

Etter mi meining er det slike kontroll og sanksjonsmekanismar som skapar
myndige borgarar i staden for maktlause stakkarar. Dette har ikkje med
pengar og økonomi å gjera – men med interesse for og makt i samfunnet kring
seg. Byggjer du ned dette nettverket av sosial kontroll, umyndiggjer du
folk. Resultatet av umyndiggjering vil politisk ofte vera at folk byrjar
lytta til høgrepopulistane.

Er kontrollmekanismane truga?

Eg meiner heilt klårt at dei er det. Når regjeringa no vil gjera det lettare
å eiga næringsverksemd i Noreg anonymt, er det ein liten brikke i eit stort
bilete. Sjølv om vi er tilhengarar av meir offentleg eigarskap, er skilnaden
mellom kjent og anonymt eigarskap enno viktigare. Anonymt eigarskap er makt
utan andlet, makt utan ansvar. Det finst ikkje lenger nokon måte å gje
tilbakemelding på, protestar har ingen adresse. Framveksten av bransjar der
du omtrent ikkje har fagrørsle, og der denne kontrollmekanismen såleis er
sjalta ut, er eit viktig drag. Det Sira Myre kalte ”burgerproletariatet” er
ein viktig del av dette biletet. Eg meiner såleis at dei tradisjonelle
kontrollmekanismane som har vakse fram i eit gjennomsiktig samfunn, og som
er fornya og utvikla i industrisamfunnet, no er truga. Og at folk si
oppleving av utryggleik i stor grad er ei følgje av dette. Når ytre høgre
gjev innvandrarane skulda, er dette opplagt ei avsporing. Men skal vi få
toget på skjenene, må vi gje betre forklaringar. Det held ikkje å insistera
på at alt er ved det beste.

Vil så folk ha kontrollmekanismar? Det kjem an på kva rolle dei er i. Ein
snikkar som driv med litt svartarbeid på laurdagsformiddagen ynskjer ikkje
kontrollmekanismar. Tenåringsforeldre ynskjer ofte sterke kontrollmekanismar
når ungdomane er ute på byen – kan henda sterkare enn godt er. Ein
fagutdanna heismontør har sterk interesse av kontrollmekanismane, og vil
leggja mykje i å forsvara dei.

Men ”øvrigheita” vil vi jo ha minst mogleg inn i livet vårt. ”Øvrigheita”
vil vi ikkje ha inn i tilværet før det verkeleg byrjar rakna. Dette har
ikkje med rikdom og fattigdom å gjera – også i det fattige, norske samfunnet
ville folk helst ordna opp seg i mellom, utan hjelp frå lensmannen.

Vegen til helvete

Grovt sett trur eg vegen til helvete kjem til å vera prega av den typen
smidig, sterk kontroll som eg har skildra over blir avvikla. I staden får vi
kapitaleigarane si anonyme, uinnskrenka og ansvarslause makt. Og på vegen
kjem vi akkurat som amerikanarane til å få meir politi, langt fleire
advokatar og fleire fengsel. Men advokatar, poltiti og fengsel er ikkje noko
teikn på eit lovlydig og trygt samfunn. Og det er fårleg at Frp er i ferd
med å få offentleg gjennomslag for at dei er det. Men nok ein gong: Eg trur
ikkje du greier møta Frp om du berre seier at folk si oppleving av
utryggleik berre er fordomar og VG-propaganda. Om Birkeland hevdar at gamle
damer på austkanten i Oslo som røyster Frp ofte har eit bilete av samfunnet
rundt seg som kan henda er litt prega av fordomar og manglande kunnskap, er
vi samde. Om Birkeland reknar dette som eit argument for å glatt sjå bort
frå det store grupper folk opplever som sanninga, det dei oppfattar som
viktige problem, er vi svært usamde.

Når amanuensis Birkeland er so elskverdig å be meg dra til helvete (eller
var det Tsjekkia?) når eg tek til orde for å forsvara dei
kontrollmekanismane folk her i landet har bygt opp gjennom generasjonar,
synest eg det er interessant.

For det fyrste avdi det synet kva tilhøve folk som han har til
folkerørslene - som jo var moralske rørsler, opptekne av korleis folk levde,
ikkje berre "praktiske problem". For det andre avdi eg synest det er eit
typisk utslag av eit debattklima prega av ein særskild type norsk,
velutdanna moralisme som i beste fall er politisk naiv. Eg er svært tolerant
når det gjeld Birkeland sin trong for å verna sitt eige verdsbilete –
trongen til å kunna rista på hovudet av dei vonlause ”andre” på venstresida
i fordomsfrie selskap. Denne trongen er sams i alle sektene – det er berre å
læra seg kva sekter du skal rista på hovudet av, og kvifor. Og trongen til å
møta Frp med moralsk fordøming, ikkje politisk analyse, er for det meste
sams i alle sektene.

Det er ikkje Birkeland sitt ynskjer om å gå ned med reint flagg i masta nsom
er problemet. Men eg synest det er grunn til å åtavara mot dette
debattklimaet. Når Birkeland bed meg dra til helvete, er det ikkje fyrst og
fremst retta til meg (og ikkje tek eg meg særleg nær av det). Det er eit
signal til andre om at dei skal vera svært forsiktige før dei stikk hovuda
fram og seier noko ”gale” i dette ordskiftet. Difor blir alle ordskifte om
desse emna på venstresida til ritual der ein får stadfesta at ”ingen er så
gode som oss”. Difor synest eg det er lovande at Brox, Vally Vegge, Braanen
og fleire no er i ferd med å opna opp dette ordskiftet. Ikkje avdi eg trur
nokon – korkje Brox eller andre – har ”medisin” for korleis vi skal møta
høgrepopulismen. Men skal vi finna ein slik medisin, må rommet for å
diskutera utan moralisering, stempling og personåtak bli større. Dette er
politiske problem som krev at vi brukar hjernen, ikkje ryggmergen.

Hans Olav Brendberg, Hitra



This archive was generated by hypermail 2.1.2 : 11-07-02 MET DST