Klårgjerande, Fossen!

From: brendberg (brendberg@c2i.net)
Date: 10-05-02


Det siste innlegget til Fossen om "gamalmannsalliansen" Brendberg, Braanen
og Brox var klårgjerande. Men eg stussar litt over alderskrava. Forsovidt
hugsar eg godt den gongen folk på 33 var fossilar. Men eg hugsar òg kor
patetisk det var når tredve-førtiåringar freista leika tenåringar. Er du
gamal nok til gamalmannsalliansen, Fossen?

Men til saka: Det ser ut til at vi etterkvart er samde om kvar usemjene går.
Protester om du er usamd med denne oppsummeringa, Fossen:

1. Fossen og Brendberg er usamde om innvandring, ikkje innvandrarar. Vi er
samde om at alle som i dag har lovleg opphald i Noreg i størst mogleg grad
skal ha same livskvalitet som "etniske nordmenn" - om nødvendig ved hjelp av
positiv diskriminering. Det same gjeld sjølvsagt alle dei som i framtida får
lovleg opphald.
"Generøsiteten" i innvandringspolitikken ser vi når vi ser på levekåra til
minoritetane, ikkje tala for migrasjon.

2. Usemja gjeld arbeidsmarknadspolitikk. Fossen er redd for
arbeidskraftmangel, Brendberg ynskjer arbeidskraftmangel. Fossen er i
hovudsak samd med NHO sin strategi for arbeidsmarknadspolitikken, Brendberg
er usamd på viktige område.

Så går eg òg ut frå at Fossen og Brendberg er samde om at i tilfelle der det
norske utdanningssystemet er for lite utbygd, sender vi studentar utanlands.
Gjerne med positiv diskriminering av minoritetar? Det kunne vore kjekt å
slippa ein idiotdebatt om dette, påstandar om at eg er for "sjølvberging" i
kunnskapsproduksjonen og anna slikt absurd.

Hans Olav Brendberg, Hitra.



This archive was generated by hypermail 2.1.2 : 11-07-02 MET DST