hovedmotsetningen

From: brendberg (brendberg@c2i.net)
Date: 08-05-02


Jon Ivar Skullerud har ein lang gjennomgang av moralske konsekvensar av
politiske mord som eg langt på veg er samd i. Med andre ord: At drap er og
blir uakseptabelt utanom faktiske krigstilstandar, og at folk som kjem til
makta med drap, vil halda fram med det i maktposisjonar.

Men eg er usamd med honom når det gjeld sjølvmordsbomarane i Palestina, og
vil freista grunngje dette synet.

For det fyrste: Det er vel åtak på tilfeldige sivile, ikkje
sjølvmordsbombarar i seg sjølv som er problemet. Slike som kollaboratøren
som sprengde seg i lufta saman med føringsoffiserane i Shin Beth før jul må
vel vera moralsk uproblematiske?

Altso gjeld diskusjonstemaet tilsikta drap på sivile. Og her meiner eg
utgangspunktet også må vera heilt soleklart: At tilsikta drap på sivile
ikkje er akseptabelt.

Problemet mitt er: Tilsikta drap på sivile er ein del av Israels
militærdoktrine, og har vore praktisert jamnt sidan Deir Yassin, i snart
femti år. Israel har også ved fleire høve avretta hundrevis av krigsfangar.
Slike drap blir ogso sett på som ærefulle - det er ikkje tilfelleleg at
mange israelske statsministrar har slike drap på samvitet. På den eine sida
uelegante massemordarar på "høgresida" som Sharon, Shamir og Begin. På hi
sida slike meir liberale og intelektuelle drapsmenn som Barak, som berre har
drive med likvidasjonar av intellektuelle, forfattarar ol. I Libanon var
hemnaksjonar mot sivile ein del av rutinen til IDF, og i tillegg til Sabra
og Shatilla er det dokumentert at nedslaktinga av eit hundretals sivile,
palestinske flyktningar i Qana var tilsikta.

Alle palestinarar som er eldre enn femten veit at dei ikkje er verna av
nokon internasjonal konvensjon, og at vestleg fordøming av Israel er av
liten verdi avdi ingen er viljug til å bruka røynlege maktmiddel mot staten.

Eg og Skullerud kan gjerne meina at alle menneske har verdi. Dei fleste
palestinarar vil likevel vita at dei reint faktisk ikkje har dette
menneskeverdet, at dei kan utryddast straffritt, og at mordaren vil få ære
attpå. Etter femti år kan dei heller ikkje lata som om det ikkje er slik.

Og då oppstår det ein trong for å prova at motstandaren er akkurat like
verdilaus som ein sjølv er. Nett det er den enkle, og lett lesbare bodskapen
til sjølvmordsbombarane. Og eg kan ikkje sjå anna enn at dei har rett:
Palestinarar og israelarar er akkurat like mykje - eller lite - verdt. Og eg
meiner du skal ha god mage om du fordømer folk som reint faktisk ikkje er
noko verdt, og som kan drepast straffritt, for at dei ikkje verdset
menneskeliv.

Med det forsvarar eg ikkje sjølvmordsbomber på bussar. Men eg meiner alle
moralske fordømingar må vera fordømingar av alle tilsikta drap på sivile -
og at du aldri skal ta palestinske drap på israelarar ut or samanhengen, og
fordøma dei spesielt. Problemet er ikkje palestinske sjølvmordsbombarar, men
at drap på sivile er eit heilt grunnleggjande drag i konflikten. Som Gush
Shalom skriv: "Det heile byrja då Ahmed slo igjen".

Når det gjeld dei som har tru på demokratisering av Israel, so lurar eg på
kvar dei tek det frå. Den israelske fascismen er godt etablert. Samanbrot?
Kanskje. Men demokratisering?

Hans Olav Brendberg



This archive was generated by hypermail 2.1.2 : 11-07-02 MET DST