Re: Brox på fisketur (fra H. O. Brendberg)

From: Trond Andresen (trond.andresen@itk.ntnu.no)
Date: 07-05-02


Jeg har blitt bedt om å legge dette ut her av
Hans Olav Brendberg <brendberg@c2i.net>.

Trond Andresen

********************************

Innvandringsdebatt: NM i gode haldningar.

Ottar Brox har nok ein gong gripe tak i debatten om innvandring. Nok ein
gong påpeiker han det heilt enkle: At arbeidsgjevarar og kapitalinteresser
har andre interesser på arbeidsmarknaden enn dei som sel arbeidskrafta si.
Og at diskusjonen om arbeidsinnvandring soleis har eit element av klassekamp
i seg. Brox åtvarar mot billig moralisme. Og kva svar får han? Ei rekkje
folk synest dei får ”ubehagelige assosiasjoner” når dei les Brox, mellom
anna konserndirektøren i Manpower Norge og Erling Fossen. Og kva er desse ”
ubehagelige assosiasjonene” ­ anna enn forsøk på å slå politisk mynt på
billig moralisme?

Det finst ulike posisjonar i dette ordskiftet. Nokre er for at alle som
ynskjer det skal kunna busetja seg i Noreg. Det er forsovidt eit konsekvent
og logisk standpunkt. Kor eigna det er som utgangspunkt for praktisk
politikk, er ein annan diskusjon.

Ser ein bort frå desse, vil dei fleste gå inn for avgrensa migrasjon. Nokre
vil gå inn for at innvandring til Noreg skal avgrensa seg til flyktningar og
asylsøkjarar: Folk som treng opphald og vern i Noreg på grunn av situasjonen
i heimlandet ­ uavhengig av kva dei har å bidra med på den norske
arbeidsmarknaden. Torturoffer som er varig arbeidsuføre skal stå fremst,
ikkje bakerst i denne køen. Andre vil opna opp for arbeidsgjevarregulert
migrasjon: Dei som sel ei arbeidskraft ”norsk økonomi” treng, må få opphald
i landet. At arbeidsgjevarane er interessert i dette, er logisk nok. At folk
som meiner å vera radikale er for arbeidsgjevarregulert migrasjon av
prinsipp, er eit mysterium.

Og som alle heilage mysterium, er ogso dette omgjeve av metertjukke tabu.
For den som tek tak i dette ordkiftet blir med ein gong mistenkt for å
eigentleg vera ute i anna ærend: Spela på folk sine fordomar mot
pakistanarar, vera redd for at ein neger skal stikka av med kjærasten eller
liknande.

Eg trur ordskiftet blir meir reinsleg om ein skil mellom migrasjon og
samfunnet sitt tilhøve til minoritetsgrupper som er i Noreg ­ td.
norsk-pakistanarar fødde i Noreg som av ein eller annan grunn framleis blir
kalt ”innvandrarar”, og som mange hjartegode folk vil skjerma frå verdas
vondskap i sokalla ”innvandringsdebattar”. Når det gjeld minoritetsgrupper,
må oppgåva som alltid før vera likskap, og om ein skal oppnå eit slikt mål,
må eit visst mål av positiv diskriminering til. Nett som det i dag er
enklare for samar å koma inn på legestudiet. Den påtatte ”myndig og
streng” - mina, der ein skal ta barnetrygda frå dei som ikkje møter opp til
norskkurset, er patetisk og problemforsterkande. Skal ein ikkje ”stilla
 krav” til innvandrarar? Jo ­ nett dei same krava som til nordmenn. Ut over
dette blir ”krav” ein metode for stigmatisering. Skal ein stilla krav om at
folk i Selbu skal slutta med heimebrenning (som er ulovleg, og som mange
held på med)­ og ta bort landbruksstøtta om dei ikkje gjer det? Slike
koplingar er meiningslause, anten dei gjeld nordmenn eller ”innvandrarar”.

Integrering er derimot eit problem. Og denne oppgåva er enklare med eit
permanent arbeidskraftunderskot i Oslo ­ enn om ein slik som no brukar
minoritetane som arbeidskraftbuffer.

So er det nokre som meiner at vi må vera ”generøse”, og bruka migrasjon for
å avhjelpa fattigdomen i verda. Eg har til gode å sjå prov for at migrasjon
bidreg til utvikling i dei landa folk reiser frå. Tvert om vil vel den
kvalifiserte delen av arbeidskrafta i slike land lett bli ein reserve for
USA/Vest-Europa og Japan ­ og grunnleggjande funksjonar i økonomien soleis
bli ustabile. Dette er eit hinder, ikkje ei hjelp til utvikling. Den norske
massemigrasjonen til USA er eit dårleg parallell. Det finst få stader i
verda det er sosialt akseptert å utrydda urfolk i dag. Nokon ny prærie er
heller ikkje i sikte. Migrasjon i dag tyder ikkje å reisa til ein frontier,
men til dårleg betalt arbeid i etablerte samfunn.

I USA er ein ”innvandringsmotstand” av europeisk type lite sannsynleg. Det
sosiale tryggleikssystemet i USA er grunnleggjande annleis ­ noko slikt som
Folketrygden finst ikkje. So lenge folk ikkje har rettar i kraft av å bu i
landet, men må tena opp slike rettar gjennom td. private forsikringar, er
sjølvsagt arbeidskraftinnvandring mindre problematisk. Det dreier seg berre
om å la fattigfolk konkurrera om dei same jobbane ­ til fordel for dei som
ikkje er fattige. Migrasjonsprega samfunn som Storbritannia og USA har
soleis store, sosiale skilnader, men er likevel politisk stabile, liberale
samfunn. I Noreg vil arbeidskraftinnvandring leggja press på dei universelle
ytingane i det norske tryggjingsnettet ­ td. slik som framlegga om usaklege
trekk i barnetrygd. Ho vil bidra til større fart i retning ein amerikansk
velferdsmodell. I denne stoda er det gode grunnar til å ikkje stilla seg bak
arbeidsgjevarane sine krav om ein meir ”liberal” innvandringspolitikk.

Hans Olav Brendberg <brendberg@c2i.net>



This archive was generated by hypermail 2.1.2 : 11-07-02 MET DST