Le Pen: Blå mandag, osb.

From: oddm@ifrance.com
Date: 26-04-02


Eh bien, eg har hatt vanskar med å skrive om dette. Kanskje eg er redd.
Kanskje tilvêret berre i løpet av nokre dagar har forandra seg. Om det
ikkje skjer denne gongen, kan det koma til å bli blodig alvor seinare.

Det var på nære nippet at eg ikkje køyrde i grøfta på veg heim att frå
helgeturen til Paris søndag kveld. Kommentarane på radioen var
bakgrunnsstøy der me feia av garde gjennom det bylgjute, vårlege
landskapet sørvestover på motorvegen til Bordeaux. Colzaåkrane lyste gult
og intenst, og bilen blei fyld av denne litt beiske eimen som colzablomane
gir frå seg. Valkampen hadde vore likeins, tung, beisk og litt kvalmande.
Full av politisk dritlukt.

Eigentleg hadde me ikkje tenkt å stemme i det heile teke denne gongen. Det
var vanskeleg å ta denne presidentvalkampen alvorleg, men madame er
medlem av bystyret, så det låg vel eit slags press på oss. Me sørgde for å
stemme ved prokurasjon, som det heiter. Med 16 kandidatar er det
vanskeleg å skulde på manglande alternativ...

Men det hjelpte ikkje forstod me då, der me sat i rasande fart sørover, no
med radioen på fullt. Ingen av oss hadde tenkt på dette, sjølv ikkje
utover ettermiddagen denne søndagen. "Le Pen contre Chirac". Det var ein
vits. Det kunne ikkje vera sant. Eg slo av radioen, og sette på arabisk
musikk i staden. Ein av desse kassettane som på mirakuløst vis har
overlevd reiser på kryss og tvers i verda, og som har enda opp i bilen -
Nouhad Haddad - den legendariske Fayrouz, kjøpt av ein gamal vandrande
kjøpmann langt oppe i ein fjellandsby i Libanon for 20 år sidan. Å spela
Fayrouz var ei slags motstandshandling der tinnsoldatane til Sharon fór
fram som barbariske svin. Nok ein gong blei Fayrouz uttrykk for revolt.

Me svinga inn på ein av rasteplassane langs motorvegen for å fylle
drivstoff, strekke beina og ta ein rask "express". Fayrouz song framleis
då eg opna døra, og ein snauklippt mager faen på andre sida av dieselpumpa
sette augo i meg. Eg såg han rett i synet og smilte stivt: "Non à Le Pen".
Han ramla noko fælt då han hengde opp slangen, mumla eit eller anna, sette
seg i bilen, smelte att døra og rasa av garde dei 15-20 metrane bort til
kiosken og kassa der han bråbremsa.

- Arrête ! sa madame. Ho kjenner altfor godt til desse tilløpa til
hanekamp som eg blir teken av i slike situasjonar. Eg hadde lyst til å
banke opp denne kuken, men summa meg. Det ville ikkje forandre noko. Le
Pen var presidentkandidat ved 2. runde same kva eg gjorde. Eg kikka rundt
meg og tenkte på kor jæveleg det var. Rundt reikna kvar femte veljar
hadde stemt på dette nazisvinet.
 
- Nei, det er ikkje kvar femte, sa madame. Det er kvar femte av 70
prosent.
- Det er ille nok, svara eg.

Me gjorde oss ferdige og køyrde vidare.

Lat dei berre stå der og flire og vera stolte av å ha sparka i maurtua,
tenkte eg. I morgon er det mandag, ein uvanleg blå mandag.

Eg såg ikkje på landskapet lenger. Eg tenkte på 11. september, på
eksplosjonen ved AZF i Toulouse 10 dagar seinare. Denne ulukka som fleire
"journalistar" også ville gjera til "terrorhandling". Ein "mystisk"
nordafrikanar skulle ha blitt funnen, og spekulasjonane tok heilt av i
nokre dagar.

Eg tenkte på streikane og demonstrasjonane til Police National og la
Gendarmerie i fjor haust. Eg tenkte på alle desse "fait divers" som blei
viste omatt og omatt på tv, som eg eigentlege ikkje hadde sett så mykje
av, men som eg hadde høyrt om. Om denne gamlingen i Orléans som hadde bygd
sitt eige hus, og som nekta å gi frå seg det vesle han hadde av pengar til
ein ungdomsgjeng, med det som resultat at han blei møyrbanka og fekk huset
sitt brent ned. Denne saka blei blåst opp, og blei sendt i reprise
på tv. Det var sjølvsagt underforstått at det var "utlendingar" som stod
bak...
 
Følgjetongane om "l'insécurité" blei obligatoriske innslag i "dagsrevyen"
på alle kanalar. Eg minnest den sinnsjuke Richard Durn som inspirert av
den ultraortodokse US-israelske jødiske busetjaren, Baruch Goldstein,
skaut ned for fote i rådhuset i Nanterre. Denne hendinga som Chirac på
heilt openlyst og demagogisk vis knytte saman med spørsmålet om tryggleik.

Eg minnest spenninga mellom jødar og arabarar etter at Sharon invaderte
Vestbreidden. Attentat mot synagogar. Attentat mot moskear og arabiske
butikkar.

Me høyrde ikkje stort til Le Pen. Han hadde først vanskar med å skaffe seg
dei 500 obligatoriske underskriftene frå ordførarar i landet, for i det
heile teke å kunne stille til val. Som vanleg snudde han desse "vanskane"
i eigen favør ved å framstille seg sjølv som offer og slå om seg med dei
vanlege konspirasjonsteoriane. Deretter var det gjort. Han trong ikkje
driva nokon valkamp. Dei andre tok seg av yndlingssakene hans utan at han
trong å løfte ein finger. Le Pen var blitt "fornuftig" blei det sagt. Han
hadde blitt "gamal og vis". Han hadde moderert seg, analyserte nokre av
"journalistane" seg fram til. Le Pen skulle ha blitt "respektabel".

Alle snakka om "l'insécurité", i det uendelege. Til og med nokre på
"venstresida" stemte i dette koret. Og Le Pen kunne sjølvsagt
ikkje dy seg for å seia rett fram det dei andre skreiv mellom linjene -
dette med innvandrarane, "les immigrés", sjølve trylleordet.

Elles var det som vanleg dei siste åra, meingsmålingane som rådde
terrenget. Enda kor ofte dei har bomma, har meiningsmålingsinstitutta stor
makt. Enkle sjeler er lette å skubbe. Det fanst sjølvsagt småborgarar,
storborgarar og aristokratar som stemte Le Pen, men det var hovudsakeleg
fattigfolk, utstøytte, arbeidarar, vanlege slitarar - "les classes
populaires", som det heiter på fransk. Det var hovudsakeleg desse som
protesterte på denne måten. Eg har av ein eller annan grunn ingen slike i
omgangskrinsen, så eg kjenner ikkje motiva i detalj. Eg har alltid hatt
vanskar med å forstå dette fenomenet, dvs. vanskar med å forstå kvifor
nokre skulle ha grunn til å kjenne seg meir ulukkelege enn andre og ha
større rett til å leike med elden. Eg ser ned på slike folk. Eg har
ingenting til felles med dei. Eg foraktar dei, og har inga interesse av å
diskutere med dei. Det er mogleg at alle ikkje er samde i alt Le Pen
seier, men det er inga orsaking. Slike folk er degenererte idiotar. Dei
har ikkje krav på noko som som helst. Aller minst "forståing".

Eg tenkte på dei tidlege morgonane for snart 20 år sidan då eg som
innvandrar måtte stå kø framom "La Préfecture de Police" på Ile de la Cité
midt i Paris ein gong i veka. Ein måtte stille der i 7 halv 8-tida for å
ha noko håp om å koma seg inn før lunsjpausen kl 12. Utan tak og i
altslags vêr, berre for å svare på det eine meir idiotiske spørsmålet
etter det andre, for å bli hundsa og sett ned på slik at ein til slutt gav
opp. Alt var utstudert. Alt var organisert slik at ein skulle misse motet.
Menn til venstre, kvinner til høgre, gjennom metallporten som på
flyplassen. Problemet med denne var at han var så kjenslevar at ein mest
måtte kle av seg for å passere. Glidelåsar og metallknappar, alt fekk
alarmen til å gå. Pasqua var innanriksminister i regjeringa til Chirac.
Det var dette som hadde fått meg på tanken å ordne med papira. Eg hadde
levd utan ei stund, men med desse halvfascistane i stolen var det nok best
å ha det formelle i orden. Madame var fransk og gravid. Eg var innvandrar.

Det rådde terrorstemning og fleire bomber hadde alt drepe i parisiske
gater og undergrunnar. Pasqua & Co hadde innført unntakstilstand. Soldatar
og gendarmar patruljerte i gater og på jernbanestasjonar med ladde
maskinpistolar og fingeren på avtrekkjaren. Det ville vera ein katastrofe
om eg blei teken utan papir og send ut av landet att. Slik heldt eg fram
med å møte opp framom prefekturet i over eit år. Ja, det tok faktisk
halvtanna år frå eg sende visumsøknaden til den franske ambassaden i Oslo
til eg fekk den endelege opphaldsløyven - "carte de séjour". Det gjorde
ingen forskjell at eg var kvit europear. Eg var utlending på lik linje med
alle dei andre frå sør.

Eg tenkte på identitet og opphav. Le Pen har alltid snakka om dette.
Søndag kveld sa han: "Socialement je suis de gauche, économiquement je
suis de droite et nationalement je suis de France". Hitler sa liknande
ting: "Unser National Sozialismus ist die Zukunft Deutschlands. Trotz
diese Zukunft wirtschaftlich rechts-orientiert wird, werden unsere Herzen
links orientiert bleiben. Aber vor allem Werden wir niemals vergessen,
dass wir Deutschen sind." Dette er sjølve essensen i definisjonen av
nazismen.

Opphav. Eg veit altfor godt kva opphav og tradisjonar kan føre til. Kva
slag tankar og førestellingar som tyt ut av dette. Eg kjenner det innanat.
Eg vaks opp i nasjonalromantikk og folkemusikk, der sjølv folk frå
nabobygda på eit vis var suspekte - "utlendingar".

Madame har aldri brydd seg så mykje om dette. Ho blei til og med forbanna
då eg spurde vener og andre kvar dei kom frå...opphavleg. Det var eit
slags automatspørsmål - som om det var obligatorisk å ha eit opphav.
Det næraste me kom opphavet hennar var ein morgon på l'île de Gorée i
Senegal http://webworld.unesco.org/goree/en/ der fleire hundre tusen menn,
kvinner og born blei lenka i hop og førde over havet som slavar til Den
Nye Verda. Det varte i 350 år, og det er ikkje så lenge sidan. Også norske
reiarar deltok i dette enorme folkemordet som den dag i dag berre går
under namnet "trekanthandelen".

Har ein vore på Ile de Gorée for å leite etter røtene sine, blir ein nokså
audmjuk i høve til alt som har med opphav, tradisjonar og det nasjonale å
gjera. Ei anna grein av familien var karibisk og indiansk, men så godt som
utrydda for fleire generasjonar sidan. Kva skal ein med opphav når ein
er nøydd til å leva utan? Framom "La Maison des Esclaves" på l'Ile de
Gorée sette eg mitt eige opphav i dvale. Eg blei nomade. Ein som berre
stryk over jorda utan å setje spor etter seg.

Le Pen vil driva oss bort. Front National og dei andre nazistane vil rydde
opp. Dei vil gjera det som mange andre meir moderate også tykkjer er
naudsynt, men som dei av forskjellige grunnar ikkje kan seia rett ut.
Problema med innvandrarane skal vera uhorvelege. Ein må finne løysingar,
konstruktive løysingar, som det heiter. Det finst mange måtar å pakke inn
bodskapen på.

Det var ikkje noko problem i dei hundreåra då dei store europeiske
formuene blei skapt, då slotta blei bygde, då statskassene blei fylde av
rikdomar frå dei stadene som var proklamerte som koloniar - ingenmannsland
der ein kunne ta seg til rette som ein ville. Det var på denne tida
sivilisasjonen blei skapt. Dei store prinsippa. Humanismen. Sjølve
grunnlaget. Det var berre det at humaniteten, menneskeslekta, var kvit og
europeisk. Og denne kvite humanismen slit ein med den dag i dag. Ein let
som om menneskeslekta er blitt større og meir fargerik, men i realiteten
er det som før - millionar av menneske er per definisjon ikkje med i
reikneskapen.

Korleis er dette mogleg? Korleis kan etterkomarane til dei senegalesiske
skyttarane t.d. - dei som var kanonføde i to verdskrigar, i Indokina og
andre stader - bli sett bort frå, bli sett på som eit problem? Eller dei
som blei frakta med tvang til eit liv i arveleg slaveri, og som i dag kjem
attende frå Karibia og Guyana, eller frå dei andre oversjøiske fylka og
områda? Front National legg opp til ei desimering av slike som oss. Eg har
dei siste dagane sett meg ned for lese litt i kjeldene, og det er verre
enn eg trudde. Propagandaen og planane til Front National er så infame at
det er vanskeleg å finne dei rette orda. Alt, absolutt alt i livet vårt
strir mot bodskapen til Le Pen.

Det har i to dagar på rad vore demonstrasjonar mot Front National også i
gallarlandsbyen. Det er først og fremst gymnasiastane som mobiliserer seg.
Då eg i går var ned til marknadsplassen med trillebåra for å kjøpe planter
til grønsakhagen, kom dei forbi. Eg visste ikkje om det, for det var ein
spontan demonstrasjon, så eg blei ståande å sjå på medan dei passerte. Eg
fekk auge på eldste sonen vår midt i toget og fekk ein klump
i halsen. Han bar ein liten kartong der han hadde skrive: "A quoi sert
l'histoire?" - Kva tener historia til? Eit ekko av mange diskusjonar me
har hatt. Kanskje det er von for framtida likevel, tenkte eg.

Dei var over 500 og gjekk to rundar gjennom byen. Det blir demonstrert
kvar dag no, og berre i går gjekk rundt 330.000 i tog over heile landet.
Det er lenge sidan det har vore så mykje politisk debatt på så kort tid.
Lat oss vona at det kjem noko godt ut av denne mobiliseringa.

Det er ikkje snakk om presidentval lenger. Chirac blei vald til president
alt førre søndag. Det er meir snakk om ei folkerøysting for eller mot Le
Pen. Dei fleste har forstått dette. Dei fleste bortsett frå trotskistane,
diverre. Eg veit ikkje kva som gjer at dei har så kort minne. Laguiller
nektar plent å rå folk til å stemme Chirac. Vil ho gjenta "sjokket" frå
søndag kveld den 5. mai? Det var likeins med Besancenot, men han ser ut
til å ha summa seg litt og kjem no med appellar om å sperre for Le Pen
både i gatene og i valurna. Det er sjølvsagt noko ein må gjera utan å
blunke. Chirac er ingen strålande kandidat, men stilt opp mot nynazisten
Le Pen, er han den einaste moglege. Så får ein heller freista å gjera alt
ein kan for å snu vinden før parlamentsvalet i juni. Og sjølvsagt gjera
alt ein kan for å byggje ut den nye venstrerørsla - ikkje sekterisk og
arrogant som nokre legg opp til, men som ei open grasrotrørsle, ei
vidareføring av Attac og dei andre organisasjonane som byrja å gro for 6-7
år sidan.

40 % av dei unge (mellom 18 og 24 år) stemte ikkje i det heile teke førre
søndag. Mange av dei er no i gatene. Dei har vakna og kanskje forstått at
ein ikkje ustraffa kan vera likegyldig til livet og framtida. Dette er den
viktigaste lærdomen av 1. valomgang i det franske presidentvalet.
Og ein ungdomsgenerasjon som vaknar, er alltid oppløftande.

Snart er det 1. mai, og denne massemobiliseringa skræmer sjølvsagt nokre.
Fleire og fleire høgrepolitikarar tek avstand frå ropa i gatene, og manar
folk til "å halde seg i ro for ikkje provosere fleire til å stemme Le
Pen." Stem Chirac 5. mai og legg inn årene er bodskapen. RPR, partiet til
Chirac, har til og med klart å utnytte situasjonen til å tvinge gjennom ei
slags kvasisamling av det republikanske høgre, eit samla parti under
Chirac: "Union pour la majorité présidentielle (UMP). Det finst liknande
manøvrar for å "samle venstrekreftene" frå PS si side. Dei vil dominere,
enda dei er KO. Men det hjelper ikkje. Alle fagorganisasjonane, bortsett
frå den trotskistiske Force Ouvrière, vil nytta 1. mai til ei gigantisk
massemønstring mot fascismen. Det held ikkje i denne situasjonen å koma
trekkjande med "fagforeiningsnøytralitet" og liknande røyk. "A quoi sert
l'histoire?"

I dag tidleg høyrde eg gamlingen frå Orléans, han som miste huset som han
med eigne hender hadde bygd for 40 år sidan, seia at dette ikkje kunne
brukast som eit påskot til stemma Le Pen. Han sa også at dei to som
møyrbanka han og sette fyr på huset, var kvite. Seinare har det ikkje vore
meir snakk om den saka...

RPR-journalistane på TF1 og France 2 har det ikkje så lett lenger.
Dei blir studerte med argusauge, for mange har forstått at det ikkje går
an å seia kva som helst lenger. Den kritiske sansen er i medvind, enda det
er langt att. Ein får klamre seg til dei få lyspunkta som finst.

Oddmund Garvik
 
______________________________________________________________________________
ifrance.com, l'email gratuit le plus complet de l'Internet !
vos emails depuis un navigateur, en POP3, sur Minitel, sur le WAP...
http://www.ifrance.com/_reloc/email.emailif



This archive was generated by hypermail 2.1.2 : 11-07-02 MET DST