"Massemorder ville bli som bin Laden"

From: oddm@ifrance.com
Date: 30-03-02


http://www.aftenposten.no/nyheter/uriks/article.jhtml?articleID=303044

Aftenposten og andre aviser fylgjer opp den generelle diaboliseringa med å
knytte også den sinnsjuke massemordaren i Parisforstaden Nanterre til
noverande hovudtiltalte Osama bin Laden (pluss Adolf Hitler og nokre
andre, for liksom å vera på den sikre sida). Medan drapa i rådhuset i
Nanterre reiser heilt andre spørsmål (m.a. knytte til det psykiatriske
helsevesenet, og handhevinga av våpenlova), siterer Aftenposten
eit vanleg tabloid oppslag om saka frå NTB/Reuters.

Yahoo.fr hadde i same spor eit anna oppslag om dette, som heilt tydeleg
ikkje passar inn i den aktuelle diaboliseringsmenyen: Richard Durn skal
ha vore inspirert av den ultraortodokse US-israelske jødiske busetjaren,
Baruch Goldstein, som i 1994 meia ned 29 palestinarar i Hebron. Men dette
står det (sjølvsagt) ikkje eit ord om i den norske klakkørpressa:
http://fr.news.yahoo.com/020329/5/2j5em.html

Oddmund Garvik
 
______________________________________________________________________________
ifrance.com, l'email gratuit le plus complet de l'Internet !
vos emails depuis un navigateur, en POP3, sur Minitel, sur le WAP...
http://www.ifrance.com/_reloc/email.emailif



This archive was generated by hypermail 2.1.2 : 11-07-02 MET DST