Re: utsiktsløst

From: oddm@ifrance.com
Date: 30-03-02


Ven 29 mar 2002 14:17:26 GMT
"Karsten Johansen" <kavejo@ifrance.com> a écrit:

> To grunnleggende uttrykk for de nåværende palestinske organisasjonenes
> kommen til kort:
>
> 1) Arafat & Co.s evig erklærte tiltro til USAs "vilje" osv. Kommer av
> egeninteressen i statsdannelse og "posisjoner". Klar avsløring av Bush
> II-regimet som israelsk bakmann kombinert med en konsekvent
> ikke-voldslinje hadde ført til helt annerledes vei i vellinga.

Eg veit ikkje om dei palestinske organisasjonane har kome til kort. Dei er
pressa opp i eit hjørne der det ikkje finst så mykje rom for ideelle
løysingar. Men dette er berre ein del av problemet. Det største problemet
er at staten Israel fritt får halda fram med terroren. Nokre få blunkar
litt, men ingen rører ein finger. Det palestinske folket blir ofra i
skuggen av mytane om den vestlege "sivilisasjonen" - den blodige
jødisk-kristne tradisjonen.

Baserer ein seg på "informasjonen" som kjem på trykk i vestlege media og
alle mytane om Israel, får ein inntrykk av at det er snakk om to mest
likeverdige partar. Nokre klarer til og med å vri det til slik at det er
"jødane" som er offer. Det er den eine sida.

Legg ein på den andre sida vestleg "humanisme" til grunn, blir ein fort
gåande i ring og proklamere desse "ideelle" løysingane, som både er falma,
utydelege og som ikkje passar med landskapet.

Det eksisterer ikkje noko anna palestinsk folk enn det me kjenner,
heller ikkje andre palestinske organisasjonar. Og det kjem truleg ikkje
til å skje noka endring. Om det skjer noko, vil det nok gå i motsett
lei enn det "humanistane" drøymer om. Den noverande Arafat er nøydd til
å spele på mange strenger. Han er både isolert, makteslaus og den valde
representanten for det palestinske folket. Den historiske leiaren. C'est
la vie!

Det var i årevis god tone å stø den Storisraelske ekspansjonismen. Heilt
openlyst. Utan blygsel. I årevis var det palestiske folket inntrengjarar
og terroristar som ville det utvalde folket til livs. På same vis som det
(nord-)vietnamesiske folket, ja, også sørafrikanarane var inntrengjarar i
landet sitt, enda dei hadde budd der sidan urtida. Og når amerindianarane
kom trekkjande med gamle dokument og kontraktar som gav dei symbolske
rettar til mindre enn brøkdelar av landet sitt, blei dei også stempla som
inntrengjarar, sette i "reservat", hundsa, jaga og forfylgde. Likeins i
Australia, osb.

"Sivilisasjonen" sette sine spor, og sine grenser.

Sjølvsagt ville det vera meir hendig å ha ein "Gandhi" i spissen for det
palestinske folket. Eller ein "Mandela". Det ville vera "lettare" om
palestinarane var ateistar, blotta for det religiøse og irrasjonelle.
Eller i det minste var litt meir blaserte i høve til Gud, liksom "oss" i
Vesten.

Det ville vera "lettare" å kle av den Storisraelske statsterroren, den
sionistiske konspirasjonen og jødelobbyen si manipulering av den vestlege
propagandamaskina - den såkalla "pressa". For ein kunne seia at
"palestinarane er som oss". Mest kven som helst kunne utan vanskar
identifisere seg med dei.

I staden skjer det motsette. Når det kjem til stykket, står det israelske
herrefolket "oss" nærare. Og den vestlege "eliten" har funne opp all slags
tåketale for å dekkje over visse historiske hendingar i samkvemet mellom
jødar og kristne. Israelarane er som "oss". Staten Israel eksisterer.
Altså har Israel rett til å eksistere. Det står attpåtil skrive i
testamenta. Punktum.

Islam representerer mørkekrefter og tilbakesteg, (kvinne-)undertrykkjing
og religiøs fanatisme. Det er dette biletet som er klistra på
palestinarane og leiarane deira, og som gjer at ingen rører ein finger.
Dei fortener det. Til og med i det hinsides livet vil den palestinske
leiaren bli skulda for å "ikkje gjera nok", dvs. ikkje vera underdanig
nok. Palestinarane er ein ideell syndebukk.

Israel kan trygt halda fram med terroren. Ingen rører som sagt ein finger.
Det heilage folket har carte blanche. Og det er ingen sensasjon at dei
studerer metodane til den 3dje riket. Sionistrørsla er eit speglbilete av
tidlegare tiders jødeforfylgjing. Slik har dei har nytta "tyske metodar" i
alle dei år.

No byrjar litt fleire enn før, motviljug å gå inn for boikott av Israelske
varer, heile tida medan dei strekar under kor lite "effektivt" det er. Ein
diplomatisk boikott ville vera å gå for langt, sjølvsagt. Det er heile
halvhjarta og eigentleg berre verket til nokre få. Og skeptikarane har
kanskje rett. Frp-landet - "Oslo-avtalen" sitt fedreland - har ikkje så
stor tyngd i verdspolitikken at det forandrar noko som helst. Og kva
hjelper det å boikotte israelske appelsiner når 99,9 prosent av "pressa"
er opptekne av "balansen", og av kva USA meiner?

Det var meir futt i protestrørsla i -95 då Chirac bestemte seg for
prøvesprengje nokre underjordiske atombomber i Fransk Polynesia. Det var
lettare å diabolisere Frankrike enn Israel. For i dei Frp-gnorske
kykjesokna er israelarane (jødane) eit meir gjevande folkeferd enn dei som
framleis sver truskap til "pavekykja". I den gnorske tankeverda forstår
ein ikkje det franske, for den saks skuld heller ikkje det spanske,
portugisiske, italienske... Denne delen av verda går under namnet "Syden",
ei framand verd ikkje lenger borte enn at ein kan reise dit fleire gonger
i året, ta seg til rette og kople av frå det "stressande" livet i nord med
fyll og herrefolksfakter.

Men i politikken er det tryggare å halde seg til Onkel Sam, enn å stikke
fingen i den europeiske jorda. Dette er framleis leidetråden i norsk
"politikk".

Sjølv på "venstresida" er det suspekt å vera "europear", for ikkje å
snakka om internasjonalist. Ein held seg framleis til trygge fiksjonar, og
stør i praksis opp om den proamerikanske og proisraelske "politikken",
dvs. etterplapringa. Fiksjonstrua har djupe tradisjonar også på
"venstresida". Det var ikkje noko problem å stø det vietnamesiske folket i
si tid, for i fiksjonen var dei meir opptekne av politikk og frigjering
(liksom "oss"), enn av det daglege livet, av religion og tradisjonar. Dei
hadde like lite til felles med dei som demonstrerte i Vesten, som det
såkalla kinesiske folket i den maoistiske fiksjonen. Ein "visste ikkje
betre"...

Resultatet av dette er blitt eit slags tilbakehald, ein slags moderasjon.
Det er blitt suspekt å stø frigjeringsrørsler, for ein veit sjølvsagt
ikkje kva som kjem ut av opprøret. Og ein er blitt vane med garantiar. Ein
vil ha noko att for "pengane".

Det er ikkje vanskeleg å sitje i den fredelege gnorske heimen, sjå verda
flimre forbi og la seg rive med i informasjonsrevolusjonen. Det tidlegare
nettverket til Pentagon er blitt er blitt eit fridomens rike. Bortimot
sanninga og livet.

I den verkelege verda finst det mykje "me" ikkje likar. Alle dei grusomme
tinga, barbariet og det umenneskelege (kva no det er). Andlet til
andlet med "informasjonen" om dette, trekk dei fleste i dag på akslene, og
tenkjer den inderlege tanken: "Kvifor kan ikkje alle vera som "oss"
(i "Norge")?

Rundt halvparten av det norske folket trur no at toppen av all lukke
er å leggje framtida i hendene til dei mørkeblå, og det store fleirtalet
stør alle slags forbeina og kjipe tiltak i namnet til det som til kvar tid
blir proklamert "rettmessig" og "rettferdig". Det mest infame brotsverket
no ser ut til å vera "trygdemisbruk", og syndebukkane er aldri langt
borte. Dei skal jaggu få gjennomgå, særleg om dei attpåtil er muslimar...

Det finst med andre ord ein slags gnorsk konsensus, og det har vel alltid
vore slik på eit vis. Det er berre det at ein ikkje har oppdaga det før
no.

> 2) Det som her uttales av PFLP: "Enhver israeler er et mål". Dette er
> ikke rettmessig motstand, men desperat, voldsromantisk og rasistisk tull
> av samme skuff som Sharon-fascismens. Årsaken kan her lett begripes, men
> denslags leder til intet, hvilket Israels historie er det beste bevis
> på. Og det som skjer er et bevis på at så å si ingen lærer noe av
> historien.

Kva slag historie, historia til kven? Med kva slag rett kan ein dela ut
karakteristikkar som dette? Og kva er konsekvensen av det? Kva er
forskjellen på dette standpunktet, og propagandaen til dei "moderate"
prosionistiske media? Kan ein verkeleg stille folk med så
vesensforskjellig utgangspunkt og livssituasjon rygg mot rygg på denne
måten?

"Alle" er opptekne av å framstille den israelske statsterroren som krig.
Skulle ein gå god for denne svindelen, kva er så galt med å sjå på "enhver
israeler er et mål"? Sharon har hatt, og har stor støtte i det israelske
folket. Dette folket hyllar generalane sine (dvs. dei politiske leiarane)
som nasjonale heltar. I den israelske nasjonalmytologien er desse
hjørnesteinar, som berre fobigåande kan misse glansen om dei ikkje klarer
å vise knytteneven til Eretz Israel tydeleg nok.

Fleirtalet av israelarane ser på palestinarane som inntrengjarar. Dei vil
ikkje ha nokon fred med dei. Dei vil ha heile landet sjølve. Dette
umoglege prosjektet er opphavet til den djupe frustrasjonen som rår i det
israelske samfunnet. Dei vil ha både i pose og sekk: dei vil jage
palestinarane og hevda retten til å leva i ein rasestat, samstundes som
dei vil ha "fred".

For nokre år sidan herja debatten om "Stor-Serbia" og "Stor-Albania" - to
andre folk med forskjellig bakgrunn og utgangspunkt som på same vis blei
stilte rygg mot rygg. Ein fann opp fiksjonen om "Stor-Albania" for å
ufarleggjere og nøytralisere det heilt openberre storserbiske prosjektet.
Men det var sjølvsagt berre propaganda. Bøddelen blei offer, og dei som
skreik opp om svindelen, blei stempla som "krigshissarar" i visse
krinsar...

Ekstreme pro-sionistar hevdar at arabarane vil øydeleggje Israel, og at
palestinarane eigentleg tenkjer seg eit slags Stor-Palestina. Det er
mogleg at det finst folk som tenkjer i slike banar, men kva så? Det er
mogleg at det framtidige Palestina blir ein islamsk republikk. Kva så?

Under dekkje av å vilja vel, av å stø kampen mot det urettferdige, endar
nokre på "venstresida" opp med eit slags mellomstandpunkt. Liksom
israelarane vil ein ha både i pose og sekk. Ein vil ha "garantiar", som om
det nokon gong har funnest slike garantiar...

> Ellers: "På randen av krig" er selvsagt vrøvl. De er i krig, USA er i
> krig osv. Menneskehetens sammenbrudd går videre, og årsaken er klar:
> historiens mest maktfulle, ansvarløse, dumme og sinnssyke regime drevet
> fram av svimlende og likevel aksellererende pengebegjær.

Korleis kan ein snakke om krig mellom to så forskjellige partar?

Den eine, ei av dei største krigsmaskinene i verda, massivt støtta av den
einaste supermakta. Ein tvers gjennom militarisert stat som baserer
eksistensen sin på meir og meir ekstrem undertrykkjing.

Den andre, eit forhatt og svike folk som i generasjonar har blitt bruka
som kasteball i alle slags "geopolitiske" spel. Eit folk utan hær, utan
anna enn handvåpen og lett artilleri, utan stat, utan grenser, utan
infrastruktur. Og med ein leiarskap som dagleg blir audmjuka og usett
for kriminelle åttak (jf. folkeretten).

Det palestinske folket er i ein desperat situasjon. Kall det gjerne krig.
Men då må vel parola bli som i Spania i 1936. Og den "humanistiske
venstresida" bør leggje frå seg pennane for ei stund, og gripe til våpen.
Elles misser dei alt truverd. (I mine augo har "humanistane"
og "venstresida" mist tvuverdet for lenge sidan).

Krigen må førast ikkje berre mot staten Israel og den israelske
statsterroren, men mot terroren og einevaldsambisjonane til
verdssheriffen. Dette kan ta mange former. I utgangspunktet kan det vera
noko slikt:

> Eneste mulighet for redning er: at du og jeg og alle ser virkeligheten
> ubarmhjertigt i øynene. Vekk med alle medieromaner.

Men eg veit ikkje om det finst noka redning. I mi verd finst det berre
koherens, eit slags samsvar mellom liv og lære. Eg vil aldri med eit ord
be palestianarane om garantiar for å stø dei. Eg vil aldri prakke på dei
mitt eige liv, eller mine eigne visjonar. Dei har lete meg og forfedrane
mine utvikle oss på eige vis. Så får dei då få den same retten.

Kva med israelarane? Opprettinga av den israelske staten var ein historisk
feil. Og den Eretz-israelske ekspansjonen ha vore ein katastrofe. Ideen om
det evige og heilage Israel har gjennomsyra liva våre. Den bibelske
visjonen har blitt prakka på oss. I fleire hundreår har ein blitt fødd inn
i legendene om det utvalde folket. Mange forlet denne verda med å klamre
seg til til menneskesonen frå Nasaret...

Eg har ingenting til overs for den israelske nasjonen, og stør alle tiltak
som kan sørgje for at også denne apartheidstaten misser legitimiteten, og
til sjuande og sist blir sletta av kartet.

Det finst ingen proklamert krig i Palestina. Det finst ein openberr
statsterror som for lenge sidan har gått over alle grenser. Det
er på høg tid å setje ein stoppar for dette. Med alle middel.

Det er alt ein med handa på hjartet kan seia nett no.

Oddmund Garvik
 
______________________________________________________________________________
ifrance.com, l'email gratuit le plus complet de l'Internet !
vos emails depuis un navigateur, en POP3, sur Minitel, sur le WAP...
http://www.ifrance.com/_reloc/email.emailif



This archive was generated by hypermail 2.1.2 : 11-07-02 MET DST