Kampanjen mot sauehaldet

From: Olav Randen (boksmia@online.no)
Date: 16-03-02


Det som følgjer, er ein lang artikkel eg skreiv i fjor vår. Eg sende
artikkelen til Klassekampen, som ikkje ville ha han. Artikkelen var visst
ikkje urban nok. Etterpå har det vorte liggjande. Då eg eit par dagar sidan
såg Naturmagasinet og Debatt 21 med Knut Olsen om sauehald og svindel med
rovdyrerstatningar, kom eg til å hente han fram att. Berre to små
kommentarar til fjernsynsdebatten før den lange artikkelen.

1) Det er truleg rett at somme bønder svindlar med rovdyrerstatningar. Men
om svindelen er større enn til dømes NRK-tilsettes svindel med
reiserekningar, veit vi ikkje.

2) Måten Knut Olsen seier Bøndene på, med alt trykk på B-en, fascinerer meg.
Det får meg til å tenkje på småungar som skal lære seg å seie Faen og
Helvete. Det blir liksom berre første bokstaven med ein kolossal intensitet,
så har all luft gått ut av lungene slik at resten av ordet blir borte. Det
var også fascinerande med den stadig gjentekne sekvensen med to hender, ein
hammar, ein meisel og ein saueskalle. Det skulle vise – hamre inn i
sjåarane - korleis Bøndene høgg merke i saueskallar for at det skal sjå ut
som glefs av rovdyrtenner.

Så til den lange artikkelen:

Kampanjen mot sauehaldet

Det er mai og lammingstid. I vel tre veker går arbeidet i eitt for
sauebonden natt og dag, med å sjå etter at alt går bra i sauefjøset, rette
opp feilstillingar hos lam, hjelpe svake lam til å suge, gi lam attåtnæring
dersom mora har tre lam eller lite mjølk, sortere, merke lam og behandle
sjuke sauer attåt vanleg fôring og stell. Av og til tenkjer han på inntekt.
Han burde la sauene ordne seg meir sjølve og kalkulere med eit noko større
lammetap, tenkjer han. Men han veit også at om han slår av vekkeklokka ei
natt for å sove ut, vaknar han likevel etter eit par timar og går i fjøset
og ser etter. For kanskje treng ein sau eller eit lam hjelp, og då må han
vere der.
Men om han innimellom tilsynsoppgåvene les aviser, kan han også møte
artiklar og kronikkar om sauehald. Det tek til å bli så mange av dei at det
er ein kampanje. Sauebønder vanskjøttar dyra og let dei gå på villstyr i
utmark i seks-sju månader kvart år, står det. Når dei såleis er utan tilsyn,
blir dei liggjande på ryggen eller sitjande fast i gjerde og lir difor ein
fælsleg død. Problema forsterkar seg fordi vi har avla fram ein skrøpeleg
sauerase utan fysikk til å greie seg overfor dei problema utmarka byr på.
Alt dette gjer sauebønder fordi vi vil dyrke vår samfunnssubsidierte hobby,
medan det er heilt andre ting vi lever av. Om Norge vil vere eit sivilisert
land, må desse uverdige tilhøva ta slutt.
Enno er kampanjen mot sauehaldet i startfasen. Men vi kan lære av tidlegare
kampanjar, kampanjen mot taterane i heile førre hundreåret, kampanjen mot
den finske fare på 30-talet, kampanjen mot kommunistane frå sist på
førtitalet, kampanjen mot sel- og kvalfangsten eit tiår attende, for å nemne
nokre, korleis kampanjen mot sauehaldet vil utvikle seg vidare.

Velje debattema for folk

Slike kampanjar handlar om å vinne folks hjarte. For å få det til, må ein
bruke store ord. Når to bilete har festa seg på folks netthinner, biletet av
den likesæle sauebonden på sitt gardsbruk og sin traktor og biletet av ein
sau fanga i eit halvt neddotte gjerde med ramn og kråke som et av bakparten
og kanskje hakkar ut auga på det enno levande dyret, då er kampanjen i ferd
med å bli vunnen. "HVERT ÅR DREPES over 130.000 sauer i Norge", skriv ein
professor ved Norges Handelshøgskole i Bergen i kronikk i Bergens Tidende
30.3. Det seiest at dei forsvinn, men i staden må vi seie "drepes – og
drepes av mennesker, som de jo indirekte blir". Mordarane er sauebøndene,
"folk som har fulltidsjobber og koser seg med saueholdet som en hobby på
si." Norsk sauehald er ifølgje kronikøren ikkje mindre enn ei nasjonal skam.
Det blir altså brukt store og mange ord. Slik går kampanjen frå
enkeltinnslaga og til mediedominans. Slik at spørsmålet om bønders
mishandling av sau kjem på alles lepper og i alles tankar.
Eit effektivt ledd i kampanjen er å få innlegg i utanlandske media. Om det
skjer i stor eller liten målestokk, speler mindre rolle. Om ein norsk aktør
får ein ven i Niedersachsen til å skrive eit lesarinnlegg i ei provinsavis
ingen av oss veit namnet på, kan det etterpå brukast i ei pressemelding:
Utlandet i harnisk.
Det gjeld altså å få saka på dagsorden. Slik at til dømes Fredrik Skavlan
kan invitere ein sauemotstandar og ein sauebonde til Først og sist, vise
blodige bilete av mishandla sauer og diskutere spørsmålet: Drep bønder
sauene? Nei då, ikkje slik at NRK tek stilling, dei gjennomfører berre ein
debatt. Og sjølvsagt må spørsmål setjast under debatt, slik at folk får dei
belyst frå alle kantar og kan ta standpunkt på fritt grunnlag.
Nei då, media tek ikkje stilling. Men dei påverkar kva for tema som blir
diskuterte. I slike program er det aldri debattar om det er slik at Norge
blir styrt av ei folkevald norsk regjering eller frå Pentagon. Ingen spør
heller om norske politikarar er for global rettferd eller for at kløfta
mellom rike og fattige skal bli djupare og djupare, slik ho har vorte dei
siste tiåra. Dei spør ikkje korleis vi skal kome oss vekk frå dei
grunnleggjande økologiske problema vår såkalla sivilisasjon skaper. Det er
ikkje-spørsmål. Spørsmålet om bønders mishandling av sau blir derimot snart
akseptert debattema.
Spørsmålet om vanstell av sau vil kome opp i valkampar om nokre år. I bygda
A eller fjellområdet B eller skogteigen C døyr no sauer på den verst
tenkjelege måten, opphakka av fuglar og oppetne av rovdyr, direkte fordi
saueeigaren gir blanke i tilsynet og indirekte fordi du, politikar, har gått
med på ei meiningslaus subsidiering av denne hobbyen, vil debattantar seie
og skrive. Kan du, politikar, forsvare det? Og politikarane vil rygge. Dei
tenkjer på om veljarpotensialet er størst blant bønder eller blant
bondefiendar og vel argumentasjon etter det.
Sjølvsagt vil kampanjen virke også på bønder. Sauebønder vil føle mistrua:
Jasså, sauebonde? Når såg du sist til dyra dine? Er du ein dyremishandlar?
Det vil gå ut over arbeidsglede og innsats, og ein del vil slutte.

Miljøa bakom kampanjen

Kven står bakom kampanjen mot sauehaldet? Eg veit ikkje på det viset at eg
kan peike på enkeltpersonar eller organisasjonar. Men to miljø har klare
eigeninteresser av at kampanjen blir driven. Det gjeld dei som for einkvar
pris vil ha Norge som EU-medlem. Både i 1972 og -94 var landbruket blant dei
mest iherdige på motstandssida og sauebøndene blant dei mest iherdige
innanfor landbruket. Viss no denne gruppa blir desimert, er sjansen større
for å vinne neste runde. Norges Handelshøgskole var ein del av ja-apparatet
i -72 og 94 og er tenkt til same rolla i neste EU-kamp. Altså gjer
professoren jobben han er betalt for når han hengjer ut norske sauebønder
som drapsmenn.
Det andre miljøet med eigeninteresser i kampanjen er dei profesjonelle
miljøvernarane. Mykje av det profesjonelle miljøvernet, både i departement
og organisasjonar, er der i dag for syns skuld. Dei skal gi eit skin av at
vi tek vare på miljø. Kamp mot den naturnedbrytinga Røkke og Statoil og
Hydro står for, blir for stort for dei. Norske sauebønder er derimot ein
veik og letthandterleg fiende. Kamp mot sauebønder er difor med på å
legitimere deira eksistens og statsløyvingar. Alliansen mellom økonomane og
dei profesjonelle miljøvernarane er sterk nok til å få innpass i media og
politikarmiljø og difor drive kampanjen framover.
Fakta er uinteressante
Det kjenneteiknar slike kampanjar at fakta er underordna. Difor er dei
kampanjane eigentleg handlar om, tilskodarar og ikkje aktørar. Dei som
dreiv kampanjen mot den finske fare i tredveåra, spurde aldri kvenene og
undersøkte aldri i Finland. Dei som mobiliserte mot kommunistfaren rundt
1950, var opptekne av dei konkrete kommunistane berre som
etterretningsobjekt og ikkje som menneske og slett ikkje som representantar
for dei mest aktive motstandsfolka under krigen. Dei som prøvde å hisse opp
folk mot sel- og kvalfangst, brydde seg katten om både den innsikta
fangstfolka hadde og dei verknadene fangsten hadde på naturen samla sett.
Slik er det også denne gongen. For kampanjen no er realitetane
uinteressante. Dei er uinteressante fordi målet ikkje er at dyr skal ha det
best råd, det er berre merkelappen. Målet er å desimere norsk sauenæring.
La oss stille eit av dei spørsmåla som ikkje interesserer: Kvifor folk driv
med sau? Er det fordi dei er kyniske spekulantar som berre er opptekne av
dei dyra som kjem att og dei pengane dei gir i pungen og gir blanke i dei
andre? Fordi dei vil ha ein statssubsidiert og inntektsbringande hobby? I så
fall er andre val meir attraktive. Reknar sauebonden timeløn, kjem han til
mellom 50 og 80 kroner og utan tillegg for ubekvem og bunden arbeidstid.
Er det då slik at sauebonden ikkje har alternativ, men klamrar seg til
sauehaldet? Bønder flest og sauebønder meir enn andre er ettertrakta i mykje
arbeid fordi dei er allsidige arbeidsfolk og vane ved å meistre
utfordringar. Sauebonden kan slutte og bli bygningsarbeidar eller
vaktmeister og tene det dobbelte eller tredobbelte. Skulle han vere
interessert i lett-tente pengar, er det enklare å hente dei inn i handel og
spekulasjon. Når somme likevel driv med sau, er det fordi dei opplever det
som eit meiningsfylt og interessant arbeid.
Sjølvsagt finst alle slag av sauebønder liksom det gjer det av professorar
og legar og redaktørar. Men ein kan bli professor eller lege eller redaktør
på grunn av lønna, men ikkje sauebonde. Dette gjer at det også er grunn til
å tru at sauebonden har interesse for dyra sine og ikkje berre for
slakteoppgjeret. Interessa gjer at han bruker dag og natt til tilsyn i
lamminga, at han bruker helger og kveldar i beitesesongen for å sjå etter
sauene og gi dei salt og at han saumfer utmarka når hausten kjem for å sikre
at alle dyra kjem heim.

To alternativ: Drap og evig liv

For kampanjeaktørane er altså dette uinteressant. For dei gjeld det å pøse
på med påstandar. "Tolv sauer drepes i timen", skriv representanten for
professorstanden. Det er omtrent som om eg i ein kritikk av norsk helsevesen
hadde skrive: Fem menneske blir drepne i timen i Norge. For så mange døyr.
Nokre få døyr fordi legar og sjukepleiarar ikkje gjer ein skikkeleg jobb.
Noko fleire døyr fordi politikarane ikkje gjer ein skikkeleg jobb og gir
folk gode helsetilbod. Men dei fleste som døyr, døyr fordi liva ikkje står
til å redde. Det er naturens gang at liv ebbar ut.
Ein av dei tinga professoren enno ikkje har fått med seg, er altså, for å
bruke orda frå gravferdsritualet i kyrkja, kor forgjengeleg dette livet er.
For han finst berre to alternativ, liv og drap. Han skjøner ikkje at dyr
iblant døyr, dei døyr i fjøs, dei døyr på innmarksbeite, dei døyr medan vi
ser på og medan vi ikkje ser på. Ti år sidan døydde fire prosent av sauene i
løpet av beitesesongen. No når rovdyrtalet aukar, har prosenten stige til
seks. Eg kjenner ikkje tilsvarande tal for tap av smågris eller kyllingar
eller andre dyr i fjøs, men trur dei ligg på omtrent same nivået.
Eller skjøner professoren likevel at liv ikkje er evig, men synest
polemikken er grei nok? Tenkjer han at i den gode saks tenest, å knekkje
sauenæringa, er omsynet til sakleg argumentasjon underordna? At det einaste
viktige er det effektfulle, og at lite er så effektfullt som når ein person
med professoral tyngde skuldar ei yrkesgruppe for massedrap?

Merkelapp og innhald

Dei fleste slike kampanjar har det felles at det eigentlege formålet er eit
anna enn det uttrykte. Formålet med den hundreårlange kampanjen mot taterane
var ikkje å utrydde taterar, men å halde på eit skilje mellom oss og dei.
For dei med folk under seg, taterar, jødar, negerar, kastelause, er lettare
å styre. Formålet med kampen mot den finske fare var ikkje å forsvare landet
mot finsk aggresjon, for utanom Lapporörelsen og liknande utgrupper var den
liten, men å gjenreise tilliten til ytre høgre i norsk politikk. Formålet
med kampen mot kommunismen var ikkje å forsvare nasjonen og knapt nok å
hindre ein kommunistisk revolusjon, for det låg fjernt i 1948. Formålet var
å byggje opp NATO. Ein felles indre fiende legitimerte militæralliansen.
Formålet med kampen mot sel- og kvalfangst var å styrkje Greenpeace og for
finansørane å sikre at miljøkampen heldt seg unna vesentlege spørsmål som
global oppvarming og giftutslepp. Ein aksjon i naturmangfaldets namn mot
utryddinga av rotter i amerikanske kystbyar ville ha vore daudfødd, for
medan selungar er søte, er rotter stygge og ekle i folks tenking.
Det uttrykte formålet med kampanjen mot sauehaldet er altså å sikre at dyr
har det godt. Det reelle formålet er eit anna. Det ser vi om vi bruker nokre
tankar på kva alternativ dei i praksis fremjar, dei som driv denne
kampanjen. I og med at dei ikkje seier noko om kva folk bør velje i staden
for sauekjøt, overlet dei til marknaden å velje. Og marknaden vel andre
kjøtslag, for i vår del av verda går kjøtforbruket til vêrs. Helst vel
forbrukarane kylling eller gris.
Men har desse dyra det godt jamført med norsk sau? Vi kan ta moderne
kyllingproduksjon som døme. Det einaste målet for produksjonen er ei stor
kjøtmengd. Dei samanstuva kyllingane skal vekse i ekspressfart, 45 dagar frå
utklekking til frysepakke. Altså er alt, avlsarbeid, fôring, medisinering,
mosjonsmangel, lagt opp til at kjøtmengda skal auke i ekspressfart. Andre
kroppsorgan greier ikkje å følgje med i veksten. Kyllingane dett i hop fordi
dei har for svake bein i forhold til kroppane og fordi dei ikkje får mosjon.
Dei døyr av forgifting fordi tarmsystem og nyrer ikkje held tritt med
kjøtveksten. Det kunstig høge fôropptaket gjer at kyllingane produserer
store varmemengder, og dei ligg og pesar. Men i staden for å redusere
veksttempoet, som hadde vore det einaste forsvarlege, prøver
kyllingindustrien å avle eller genmanipulere fram fjørlause kyllingar. For
fjørlaget magasinerer kroppsvarmen. Medan slaktekyllingane skal ha ein enorm
appetitt, må mødrene vere av eit anna slag om dei skal produsere avkom og
ikkje kjøt. Difor blir dei haldne svoltne heile tida.
I tillegg foregår denne kjøtproduksjonen på kraftfôr, altså korn, som
vanlegvis held ein kvalitet som gjer at det kunne brukast til menneskeføde.
Men i vår tids økonomi er det meir lønsamt å bruke kornet til dyrefôr i
industrilanda enn til å brødfø verdas fattige med.
Slik kjøtproduksjon er det alternativet denne kampanjen fremjar – i
dyrevernets namn.

Må gå sin gang

Kan vi som ønskjer eit norsk sauehald, drive attende ein kampanje av dette
slaget? Eg tvilar. Han kan svekkjast, og han vil nok gå over når saknet
etter pinnekjøt og lammesteik blir for stort eller når problema med
agroindustriens matsjukdommar kjem for alvor. Men i dette landet gjennomsyra
av urban flokktenking vil kampanjen ha vekstrom ei stund.
Vi som vil ei anna framtid, bør neppe engasjere oss innanfor kampanjens
rammer. Det er til dømes all grunn til å spørje om vi har gjort fornuftige
val av sauerasar i dette landet, men ingen grunn til å diskutere det med
slike som den refererte bergensprofessoren. I den grad vi kan drive
kampanjen attende, må det vere med å drøfte matforsyning og menneskets plass
i naturen. Altså med å appellere til folk som er i stand til og villige til
å ha fleire tankar i hovudet samtidig.



This archive was generated by hypermail 2.1.2 : 11-07-02 MET DST