Internasjonalen (var Re: Blærete byråkrater bærer seg i Brussel)

From: oddm@ifrance.com
Date: 05-03-02


Ven 01 mar 2002 09:31:17 +0100
Trond Andresen <trond.andresen@itk.ntnu.no> a écrit:

> Og vi vil ha fått tilbake retten til å fastsette
> lover som gjelder i landet, i egen nasjonalforsamling.

Og kva ser du for deg i kjølvatnet av ein slik parole? Frp er det største
partiet, og dei reaksjonære kreftene dominerer fullstendig både innanfor
og utanfor parlamentet. Eg har ingenting, og vil heller ikkje ha noko med
parlamentet å gjera. Det er ei framand verd, eit daudt rom fullt av
illusjonar og tomme ord. Ein sal utan makt. Ein stad for klovnar og
oppblåste bygdetullingar.

Eg er internasjonalist. Eg trur på klassekamp på tvers av landegrenser.
Og EU er ikkje berre byråkratiet i Bruxelles. EU er også mange millionar
menneske med felles interesser og felles framtid. Nordmenn og -kvinner er
inkludert i dette folkehavet. Kven skal ein solidarisere seg med?

Skal den politiske kampen innskrenke seg til nasjonen? Til illusjonsmakeri
og kannestøyperi knytt til det nasjonale parlamentet?

Nei.

Eg er såpass gamal no at eg ikkje reiknar med å sjå den verda eg drøymde
om i unge år, og eg gir i grunnen blanke i løysingar. Det er motstanden
som er det essensielle no.

I desse dagar driv eg på i våronna, til tider akkompagnert av denne:
http://200.27.17.22/quila/singles/lainternacional.mp3 !!!
Det kan hende det er patetisk, men så får det berre vera slik. Gløym
Stortinget. Reis dykk opp, knytt neven, rett handa i vêret, og syng!
Det gjer godt i ny og ne.

Oddmund Garvik
 
______________________________________________________________________________
ifrance.com, l'email gratuit le plus complet de l'Internet !
vos emails depuis un navigateur, en POP3, sur Minitel, sur le WAP...
http://www.ifrance.com/_reloc/email.emailif



This archive was generated by hypermail 2.1.2 : 11-07-02 MET DST