Re: vinter i Paris

From: oddm@ifrance.com
Date: 27-01-02


Sam 26 jan 2002 18:02:25 GMT
<kavejo@ifrance.com> a écrit:

> Her i Norge er det for en kortere bemerkning
> forholdsvis normal vinter etter ekstremvarmen i
> oktober, november, det meste av desember og første
> ukene av januar. Men også nå er det mildere enn
> normalt, og januargjennomsnittet vil havne flere
> grader over normalen i det meste av landet.
>
> I det meste av Europa er det nå kokende varmt og
> rekordregn.
> F.eks. i Paris.

Ja, det har vore på kanten av alvorleg flaum i Paris i fleire år på rad.
Under den store flaumen i La Somme lenger nord i fjor, blei styresmaktene
skulda for å ha kanalisert vatn frå Seinedeltaet nordover mot La Somme for
å unngå ein katastrofe i hovudstaden. Flaumen i La Somme varte i fleire
månader.

Risikoen for storflaum heng saman med fleire faktorar i tillegg til
eksepsjonelt mykje nedbør: tidsrommet for nedbøren (kronologi), fordelinga
i bassenget/deltaet, vasstanden i utgangspunktet, og ikkje minst bruken av
grunnareala (urbanisme m.m.). Det blir lagt fram vidløftige rapportar med
jamne mellomrom, men lite eller ingenting skjer i praksis. Ein "oppdagar"
fenomenet på nytt kvar ettervinter og vår...

Det er elles ikkje berre i Paris at klimaet går i surr. Berre ei veke før
vinterferien finst det mest ikkje i snø i fjellet. Men det snør i den
saudiarabiske ørkenen og rundt Akropolis. Gondolane sit fast i isen i
Venezia - avvika hopar seg opp denne vinteren 2002. Dette burde vel vera
tydeleg for dei fleste...?

Det stod forresten ein artikkel om dette på førstesida i "Le Parisien" i dag:
http://www.leparisien.fr/home/info/permanent/article.htm?articleid=110824801&themeid=513

Her i gallarlandsbyen 30 mil frå Paris har det vore svært så mildt i det
siste - sjølv no rundt midnatt står gradestokken på 14 grader. I staden
stormar det. Det ruskar og riv i den gamle palma på eit hjørne framom
kråkeslottet vårt, og eg må stendig ut for å sjå om ho framleis står der.
Denne palma blei planta rundt 1895, og det ville vera forjæveleg om ho
bles ned etter så mange år, og så mange vintrar...

Eit anna problem er dei høge skorsteinane. Alle soveroma ligg under desse,
og på slike netter sit eg helst i kjøkenet og vaker, fyrer i peisen og
høyrer på vindkasta. Det er nok ein god grunn til å hate dei mektige som
tvingar livet vårt inn i skuggjen av pengebingane og skyskraparane. Måtte
dei fordufte for godt.

Oddmund Garvik

 
 
______________________________________________________________________________
ifrance.com, l'email gratuit le plus complet de l'Internet !
vos emails depuis un navigateur, en POP3, sur Minitel, sur le WAP...
http://www.ifrance.com/_reloc/email.emailif



This archive was generated by hypermail 2.1.2 : 11-07-02 MET DST