La pensée Universal

From: oddm@ifrance.com
Date: 26-01-02


Overskrifta spelar på det som på fransk heiter "la pensée universelle" -
den ålmenne tanken, den som omfattar alt...

Lat oss tenkja oss ein ungdom i ein eller annan by i Frankrike. I ein
banal augneblink i livet sitt drikk han eit glas vatn, telefonerer ved
hjelp av eit av dei private telefonselskapa som dei siste åra har dukka
opp som paddehattar - i dette tilfellet "7" (la Sept). Han gjer leksene
med lærebøker frå Nathan eller Bordas, leitar etter eit ord i ordboka
Larousse, ein definisjon i "Quid". Han les bladet "l'Etudiant" for å
orientere seg, høyrer på ein CD av Nirvana eller Eminem, går på kino
for å sjå "Mulholland Drive" eller "Un homme d'exception". Attende frå
kino set han seg ved pcen der veslebroren nett spela Adibou. Han legg
Diablo II i CD-romen og koplar seg opp på internettsida til Flipside.com.

I sofaen like ved legg faren frå seg magasina l'Express og l'Expansion
for å lesa boka "Le monde n'est pas une marchandise" av José Bové (på
forlaget La Découverte), samstundes som han høyrer på ein opera av Verdi
(Deutsche Grammophon). Han slår på tven. Etter ein rask tur innom
i>télévision, "zappar" han over på Canal+ og endar opp med ein
dokumentarfilm laga av Planète, send på CanalSatellite. Før han går og
legg seg ber han ned boset som blir henta tidleg neste morgon av Onyx.

Kona kjem heim att frå UGC-kinoen med trikken (driven av Connex), koplar
seg på vevsida til Divento for å kjøpe billettar til forestillinga til
komikaren Guy Bedos i Olympiateateret i Paris, og ringer deretter på
mobiltelefonen frå SFR.

Medan denne familien har gjort alt dette, har dei heile tida nytta seg av
"tenestane" til den transnasjonale ("franske") industri- og mediegiganten
Vivendi-Universal.

Skremmande, overdrive? Det er heilt reelt. Vivendi-Universal, ex-Générale
des eaux, er... vatn, reingjering, renovasjon, transport, kantinedrift.
Det er også, og først av alt den neststørste mediegruppa i verda. Ei
gruppe som dei siste åra har kasta seg ut i ein "orgie" av oppkjøp utan
like - innanfor musikk, kino og filmproduksjon, forlagsverksemd, presse og
televisjon. Det har vore ein kulturrevolusjon for eit selskap som har
basert suksessen sin på distribusjon av vatn (ein menneskerett?).
Produksjon og diffusjon av "kulturprodukt" er blitt eit nytt eldorado for
dei nye gigantane i den internasjonale kapitalsimen som no heiter AOL Time
Warner, Vivendi-Universal, Disney, Viacom og Bertelsmann. Desse
transnasjonale selskapa har lagt si klamme hand på alle "røyrleidningar"
(kabel- og satellitt-tv, Internett, kinosalar) og kontrollerer
størsteparten av innhaldet i "kulturprodukta" (film, musikk, bøker,
informasjon) som blir produsert i verda. Kulturproduksjon som det høgaste
stadiet i kapitalistisk "sivilisasjon" var eit konsept ein ikkje kunne
forestille seg for tjue år sidan. I dag er dette røyndommen som brettar
seg ut framom augo våre.

Denne konsentrasjonen av størstedelen av produksjons-, distribusjons- og
salsnettet for kulturprodukt og -tenester hjå ei handfull multinasjonale
selskap er spira til standardisering, til kulturskaping rundt nokre få
"blockbusters", bestseljarar og platinumplater. Jean-Marie Messier, sjefen
i Vivendi-Universal, skapte stor oppstand og vill polemikk her i Frankrike
då han på slutten av fjoråret frå kontoret i New York proklamerte slutten
på det som har blitt kalla "l'exception culturelle française" (det franske
kulturunntaket). Han nektar sjølvsagt for at han raserer det vesle som er
att av kultur, at han er ein av dei som sel verdskulturen på billegsal.
Han hevdar at Vivendi-Universal tvert imot er ein av hovudaktørane i det
kulturelle mangfaldet. I logikken til Messier er det berre marknaden som
kan redda kulturen, og berre marknadskulturen har kapasitet nok til å
redde verda. Han "gløymer" sjølvsagt, eller hoppar over at den
industrielle strategien som går ut på å gjera "røyrleidningane" lønsame
ved å verdsetje "innhaldet", ikkje gir stort rom for kulturelt mangfald.
Det er også ein måte å bortforklåre at kulturtilgangen aldri før i
historia til dei grader har vore kontrollert og styrt av nokre få store
internasjonale grupper.

Sjølv denne meldinga mi passerer gjennom dynastiet til Messier. Det er
kanskje på tide å sjå seg om etter eit alternativ. Eller kanskje det ikkje
finst noko reelt alternativ? Kanskje alternativet er å snu ryggen til
"nettsamfunnet"? Ingen av oss har makt eller middel til å stå mot det nye
fåmannsveldet. Me blir berre verande nyttige idiotar - alibi. Dei tener
pengar på oss. Sjølv "ytringsfridomen" er lønsam i dette systemet.

Kva med "alternativ kultur"? Ja, kva med den? Kven er det som nyttar seg
av alternativ kultur og alternative media? Kva hjelper det om ein klarer å
oppretthalde ei og anna "fri" lomme her og der, når det berre er ein liten
klikk av kultureliten i Vesten som forsyner seg sjølve? Kva hjelper det
når det store fleirtalet i dei "rike" landa - dei meir og meir tause og
likegyldige individa - har bortimot intravenøs oppkopling mot
"røyrleidningane" til dei store manipulatørane? "Folket", dei formlause og
andletslause massane nyttar det dei har av "fritid" til å la seg
distrahere av den mest svinaktige, nedverdigande og løgnaktige
"underhaldning" og "informasjon" som finst. Sjølv dei elles marginale
menneskemassane i den tredje verda, som eigentleg ikkje tel i reikneskapen
i det heile teke, får så smått tilgang til "kultur" gjennom nettverka til
dei transnasjonale blekksprutene - anten dei vil det eller ikkje. Dei har
ikkje noko val. Fridomen endar med monopol, og sjølv dei"fattige" blir ein
del av den store og glupske marknaden, i det minste det vesle mindretalet
som har forstått Prinsippet og Lova, og som svingar seg opp i dei nyrike
spriralane.

Det er som sagt stunder då ein har ein intens trong til å uttrykkje sitt
intense hat ved å stengje all kontakt med "røyrleidningane" til dei nye
herskarane. Men så held ein fram av ein eller annan grunn. Det er
vanskeleg å halda seg alvorleg heile tida. Det er vanskeleg å vera
"seriøs". Eg kom til å tenkja på Samuel Beckett her om dagen. Eg hadde
gleda av å helse på han eit par gonger. Han hadde forstått alt: den
karikaturale avmakta og det metafysiske samanbrotet til mennesket på
kanten av stupet. Det einaste ein har att som eit verdig menneske er
talen. Tale, tale utan ende. "Words are all we have"...

Oddmund Garvik

---
"Il faut continuer, je vais donc continuer, il faut dire des mots, tant
qu'il y en a, il faut les dire, jusqu'à ce qu'ils me disent, étrange
peine, étrange faute, il faut continuer..." 
  
(Samuel Beckett "L'Innommable", 1953)
 
______________________________________________________________________________
ifrance.com, l'email gratuit le plus complet de l'Internet !
vos emails depuis un navigateur, en POP3, sur Minitel, sur le WAP...
http://www.ifrance.com/_reloc/email.emailif



This archive was generated by hypermail 2.1.2 : 11-07-02 MET DST