Uredeleg journalistikk - effektiv propaganda

From: Olav Randen (boksmia@online.no)
Date: Tue May 02 2000 - 08:46:04 MET DST


"Høyrefella" er overskrifta på ein to siders reportasje signert Peter M.
Johansen i 1. mai-nummeret av Klassekampen. Reportasjen tek utgangspunkt i
ein sju år gammal appell frå Umberto Eco og 39 andre europeiske
intellektuelle til systemkritikarar om å unngå å la seg bruke av det ytste
høgre. Etter nokre ord om at høgreekstremistar bruker både Marx og Gramsci
og at mange av dei var mot Nato-bombinga av Serbia går forfattaren over til
å skrive om det britiske tidsskriftet The Ecologist og alle suspekte
og/eller lettlurde personar som er med i miljøet rundt dette tidsskriftet.
Artikkelen er illustrert med ei framside av tidsskriftet, med eit stort
bilete av den norske økofilosofen Sigmund Kvaløy Setreng og eit mindre frå
ein demonstrasjon mot WTO.

Johansens slakt av The Ecologist byggjer på to ting:

1) at bladet er finansiert av formuen redaktør og hovudeigar Edward
Goldsmith har arva, og

2) at Goldsmith har halde ein del talar for høgreekstreme organisasjonar.

Det er rett at tidsskriftet er delfinanisert gjennom Goldsmith-formuen. Og
det er diskutabelt, på same viset som det er diskutabelt at Klassekampen er
delfinansiert av den imperialistiske og sjølvgode norske staten. Men på same
måten som me bør vurdere Klassekampen primært ut frå innhald og ikkje
primært ut frå kven som er med og finansierer drifta av avisa, bør me
vurdere The Ecologist primært ut frå innhald.

Det er også rett at systemkritikaren Edward Goldsmith held talar der han
blir invitert. For han finst, for å låne eit uttrykk frå Jan Myrdal, ikkje
eit høgre og eit venstre, men berre eit hønstre. For han gjeld det å spreie
bodskapen der han kan spreiast. Det er god grunn til å diskutere om dette er
klokt, men ikkje grunn til å fordøme utan vidare dei som gjer slike val.
Valet ligg ikkje fjernare enn at om til dømes Klassekampens redaktør hadde
vorte invitert til eit fylkesmøte i Høgre eller FrP for å prate om
avismangfald og verdien av avisa han redigerer, trur eg han hadde takka ja
og etterpå skrive ein gledestrålande kommentar om at interesse for avisa
blir stadig breiare.

Tidsskriftet The Ecologist må altså først og fremst vurderast ut frå
innhaldet. Då blir det sentrale at det i tredve år har peika på farar og
problem ved kapitalismen og industrisamfunnet, utvikla økologisk kritikk av
globaliseringa, vist konkret korleis storindustrien gjer GATT/WTO, NAFTA, EU
og andre organisasjonar til sine reiskapar, betre enn dei fleste dokumentert
kva rolle Pengefondet og Verdsbanken speler, analysert klimaendringane og
arbeidd iherdig for å formidle overlevingserfaringar frå land og
lokalsamfunn som har halde seg meir ubundne av kapitalismen.

Den norske økofilosofen Sigmund Kvaløy Setreng høyrer ifølgje Johansen til
desse suspekte og/eller lettlurde, for han sit i styret for The Ecologist.
No sit han ikkje der, han er med i eit redaksjonsråd. I dette rådet deler
han plassen med indiske Vandana Shiva, tidlegare miljøminister i Brasil José
Lutzenberger og ei rekkje andre personar som har markert seg globalt som
pågåande og grundige kapitalismekritikarar. I ein omtale av Kvaløy Setreng
burde det takast med at han dei siste tiåra har vore blant dei fremste og
skarpaste norske kritikarane av globalisering og fri handel og arbeidd
systematisk for å vise korleis desse ordningane strir mot naturens
funksjonsmåte og difor ikkje er berekraftige.

Ein annan sentral person i alternativmiljøet, den amerikanske
forbrukaradvokaten Ralph Nader, blir i artikkelen karakterisert gjennom orda
til ein tidlegare medarbeidar, på denne måten: "RN ser kanskje ut som en
demokrat, lukter som en populist og høres ut som en sosialist, men innerst
inne er han en skremt, småborgerlig moralist uten politisk kompass." Altså
vekk med Ralph Nader, advokaten som i meir enn 30 år har arbeidd med
forbrukar-, helse- og miljøspørsmål i USA, som har stifta fleire
slagkraftige forbrukarorganisasjonar og som no er presidentkandidat for Dei
Grøne og sentral i kampen mot giganten Microsoft for billigare dataprogram.

Medan Nader blir omtala ut frå korleis han er inst inne, noko det er uråd å
vurdere for alle som ikkje kjenner han, er omtalen av Helena Norberg-Hodge
konkret: "I styret til IFG sitter også den norske buddhisten Helga
Norberg-Hodge som holder foredrag om det buddhistiske paradiset i Ladakh – i
virkeligheten et hardt føydalt-patriarkalsk og stramt fundamentalistisk
samfunn opp under Himalaya i Nord-India."

Truleg er dette første gongen Norberg-Hodge blir presentert for
Klassekampens lesarar. Då kunne det i staden ha vorte gjort slik: Den
svenske (og ikkje norske) lingvisten Helena (og ikkje Helga) Norberg-Hodge
har frå midt på 70-talet arbeidd aktivt for å samle og formidle kunnskapar
om korleis Ladakh-samfunnet (som ikkje var eit hardt føydalt-patriarkalsk
samfunn, men med 95 % jordeigarar eit langt meir egalitært samfunn enn til
dømes tidlegare norske bondesamfunn) i (og ikkje opp under) vestlege
Himalaya fungerer og korleis dette samfunnet blir rasert av industrialisme
og globalisering. Ikkje minst har kvinneaktivistar i mange land hatt nytte
av hennar analysar av kvinneroller og kvinnetenking i dette fjellområdet i
boka "Ancient futures. Learning from Ladakh". Ulikt forskarar flest har
Norberg-Hodge ikkje berre samla informasjon, ho har også delteke aktivt i å
utforme ein strategi for å utvikle Ladakh på samfunnets eigne premissar og
såleis gitt bidrag til korleis konstruktivt hjelpearbeid kan drivast. Ho var
den første i Vesten som lærde seg ladakh-språk, og ho har samla og
skriftfest språket. Attåt dette har ho levert skarpe og svært kritiske
analysar av kapitalistisk landbrukspolitikk.

Slik kunne me halde fram. Men eg trur dette er nok for å vise at Johansens
to siders reportasje i 1.mai-nummeret av Klassekampen er slett
journalistikk. Målet med reportasjen er ikkje å informere. Målet med
reportasjen er i staden å hekte negative opplysningar til namngitte personar
og organisasjonar, slik at lesaren skal mistru dei. Hovudmetoden for å få
til dette er dei udokumenterte koplingane av dette slaget: Fordi The
Ecologist blir delfinansiert av ein rentenist og fordi redaktøren stundom
held foredrag i lugubre forsamlingar, er alt og alle som har med det å
gjere, i lomma på nyhøgre.

Ein parallell ville vere ein artikkel som plasserer dagens marxistar i
borgarskapets leir fordi verksemda til Marx eit stykke på veg vart
finansiert av profitten dei utbytte industriproletarane i Manchester gjennom
sitt umenneskelege slit skaffa aksjeeigar Friedrich Engels, og fordi Marx
dessutan stundom heldt foredrag i lugubre forsamlingar.

Journalistikk av dette slaget har verdi berre i papirinnsamlingar.

Men også det som berre fortener forakt, kan vere effektiv propaganda. I
dette høvet vil ein del av lesarane ta med seg overskrifta og litt av
artikkelen og registrere bileta av The Ecologist og Kvaløy Setreng. Og alle
detaljar, namn, organisasjonar og forkortingar, vil gjere at dei tenkjer at
Peter M. Johansen må ha greie på det han skriv om og at dei sjølve manglar
innsikt fordi dei ikkje kjenner desse detaljane. Etterpå vil dei tru at det
heftar noko lugubert ved The Ecologist, Setreng, Ralph Nader, Helena
Norberg-Hodge og alle dei andre.

Kvifor skriv Johansen/Klassekampen slikt? Det er vanskeleg å sjå anna
forklaring enn at det dreiar seg om å bruke systematisk den makta over folks
tenking som ligg i å eige ei avis. Den delen av AKP-miljøet som Johansen
soknar til, ser på økologisk systemkritikk som eit trugsmål mot seg og sitt.
Dei vil sjølve ha monopol på venstrepolitikk på same vis som dei vil ha
monopol på avisutgiving. Og dei har arva frå tidlegmarxismen ei ukritisk og
ikkje-analytisk haldning til teknisk og industriell utvikling. Dei har
erfaring for at dei ikkje kjem vel ut av opne møte med økologisk
heilskapsargumentasjon. Difor tyr dei til noko anna, til UTDRITINGSMETODEN.
Denne metoden er sjølvsagt mest verknadsfull i eit 1.mai-nummer, for det når
ut, også til folk som ikkje får med seg korrigeringar og redaktørens
orsakingar i eit seinare, vanleg nummer av avisa.



This archive was generated by hypermail 2b29 : Thu Aug 03 2000 - 10:25:36 MET DST