Framleis nei til EU?

From: Lars Staurset (lars.staurset@statkart.no)
Date: Wed Apr 26 2000 - 08:59:34 MET DST


Oddmund Garvik skreiv måndag 17.4.:

(mykje interessant, m.a. dette:)
> EU-motstandarar og visse andre EU-tilhengjarar har alt å tene på ein
> grundig debatt om det framtidige tilhøvet til Europa. Men spørsmålet er
> framleis for kjenslevart, ser det ut til. Nei-sida har ein tendens til å
> sjå seg blinde på resultatet frå 1994, og klamrar seg til dette. I lengda
> blir det vel ei mager trøyst, for tida arbeider og situasjonen forandrar
> seg som sagt.

Garvik har rett i at dette er ei utfordring som vi på nei-sida må ta. I
fem år har vi feira sigeren 28.11.94. Med full rett har vi klandra
skiftande regjeringar og klamt stortingsfleirtal for å EU-tilpasse Noreg
utan respekt for folkerøystinga. Meiningsmålingane har stort sett vist
nei-fleirtal i denne tida, som dei også gjorde før 1994. Men ingen ting
av dette vil hjelpe oss i den nye EU-kampen, som truleg kjem i
2002-2003.

Kva vil vi med å halde Noreg utafor EU? Kva seier vi til alle dei nye
veljarane, og til dei gamle som vil vurdere EU-standpunktet sitt på
nytt? Har vi noko program for utanforlandet, utover det å bremse mest
muleg på EU-tilpassinga? Kva vil vi bruke dette landet til? Kva vil
forresten EU-tilhengarane bruke det til?

Eg trur vi bør setje opp ein del debattema og gjerne nokre visjonar.
Begge delar bør interessere mange EU-tilhengarar. Visjonane blir
sjølvsagt ikkje eit program for ein sosialistisk revolusjon, heller
ikkje eit partiprogram i vanleg forstand, kanskje ikkje noko som er
"realistisk" å gjennomføre verken under eller etter kapitalismen. Heller
blir det nokre problemstillingar og tankar om korleis ting burde vere.

Dette er ikkje ferdige tankar frå mi side, men her er nokre forslag til
tema:
- Klimapolitikk: Kva må gjerast, kva gjer EU, kva gjer oljelandet?
- Fattigdom og utbyting internasjonalt: same spørsmål
- Er EU ei oppdemming mot WTO, eller er dei to sider av same sak?
- Krig og fred: Kva rolle spelar EU, kva gjer Noreg?
- Kvifor flyktar folk frå heimlandet sitt, og kven skal ta imot dei?
- Vil Schengen halde Europa kvitt? Ja eller nei frå Haider og Hedstrøm?
- Sentral/lokal makt, kapitalmakt/folkestyre, språk og kultur
- Kan EU bli demokratisk?
- Kan Noreg påverke EU til noko betre? Kan EU gjere Noreg betre?
- Kva gjer EU med Aust-Europa?
- Berekraftig produksjon av sunn mat til Noreg, Europa og heile verda
- Næringsutvikling: kva skal vi produsere, og kvar?
- Finst det trygge arbeidsplassar?
- Utdanning og forsking
- Helsevesen, medrekna førebygging, kosthald m.v.
- Euro, hinder for økonomisk styring eller for spekulantar?
- Privat rikdom, privat fattigdom, offentleg spinking og sparing
- Standardisering og kvalitetsreglar, til bry eller nytte?
- Grensehandel, alkoholprisar, matprisar, matkvalitet
- Internett-handel, forbrukarvern på tvers av grensene
- Internasjonal kriminalitet, politisamarbeid og grensekontroll

Lista kan sjølvsagt gjerast lengre, og sakene heng delvis saman. Det er
ikkje slik at Noreg er betre enn EU i alle desse sakene, eller at
nei-sida vil vinne alle debattane, men vi må ikkje vike unna å ta dei.
Med "vi" meiner eg ikkje berre organisasjonen Nei til EU, men også andre
aktørar på nei- og ja-sidene. Nokre av sakene kan knytast til den
aukande motstanden mot WTO, IMF m.m. og utviklast i samarbeid med dei
europeiske opposisjonsrørslene som Garvik nemner.

Helsing Lars Staurset



This archive was generated by hypermail 2b29 : Thu Aug 03 2000 - 10:25:33 MET DST