Vive les nababs rouges !

From: Oddmund Garvik (tuxon@ifrance.com)
Date: Sun Apr 23 2000 - 11:32:30 MET DST


Tittelen blei fransk, for eg er ikkje sikker på korleis ein omset
"nabab" i dag. Før i tida kunne ein seia nabob på norsk. Opphavleg var
det ein indisk fyrstetittel - nok om det.

I Palais des Nations i Genève møtest kvar vår FN sin
menneskerettskommisjon. Femtitre statar som er valde av
Generalforsamlinga deltar på dette møtet. Kina, liksom dei andre
medlemmene av Tryggjingsrådet, har fast plass. Kommisjonen har til
oppgåve å sørge for at kunngjeringa om menneskerettane blir sett ut i
livet i FN sine medlemsland. Men no vil Bill Clinton før han forlet det
kvite huset (i januar neste år) gi ei siste, overdådig gåve til venene
sine i Wall Street: Ein handelsavtale med Kina etter alle kunstens
reglar. Tenk det - ein marknad med 1,3 milliardar menneske! Sjølv om
mange av dei døyr av svolt, vil det alltid finnast att nok "konsumentar"
til å kjøpe amerikanske tv-apparat, datamaskiner, hushaldsmaskiner,
forsikringspolisar, bilar, osb.

Men den flinke Clinton råka på eit problem: Den mektige amerikanske
fagforeininga AFL-CIO, med 14 millionar medlemmer, er slett ikkje samde
i denne handelsavtalen. Grunnen er enkel: Kinesarane er dyktige og
talentfulle arbeidarar, men dei lever under eit grusamt tyranni. For dei
kinesiske kommunistane har klart å gjennomføre det uoppnåelege målet. I
eit marxist-lenistisk regime med ein totalitær undertrykkjarstat har dei
innført den villaste form for kapitalisme. I Tibet gjennomfører dei eit
folkemord. Arbeidarane i heile landet lever på luseløn.

Konsekvensen av dette kan bli at varer av ypparleg kvalitet til
latterleg låge prisar risikerer å overstrøyme den amerikanske marknaden
- for ikkje å snakke om verdsmarknaden...

Leiarane i AFL-CIO fann sjokkargumentet: Menneskerettane, som så ofte er
brotne av dei raude fyrstane. I fleire veker har det vore
demonstrasjonar framom den amerikanske kongressen og det kvite huset.
Presidentvalet går av stabelen i november. Dersom Clinton ville redde
den demokratiske kandidaten, måtte han reagere.

Reaksjonen var av det slaget som får ein til å gråte av latter: USA la
nyleg fram eit forslag til resolusjon framom menneskerettskommisjonen
som skulle "fordøme" Kina. Teksten byrjar med noko slikt som: "Kina blir
anerkjent for i den seinare tid å ha gjort store framsteg i arbeidet med
å redusere brot på menneskerettane...".

Kommisjonen skulle stemme over dette førre tysdag (18. april), men
narrespelet var totalt i Genève... Kina slapp unna det minste teikn til
fordøming for brot på menneskerettane. Enda betre, med 22 stemmer mot
18, oppnådde til og med Beijing, med formelle prosedyreknep, at denne
resolusjonen ikkje ein gong blei diskutert. Narrespelet gjekk føre seg i
fleire veker, og førebels er resultatet noko slikt:

USA har offentleg demonstrert at dei var viljuge til å forsvare
menneskerettane for å redde moralen, samstundes som forrretningane held
fram og utviklar seg. Europearane gjennomførte på eksemplarisk vis ein
"service minimum". Stilt ovanfor undertrykkjinga i Kina var dei nøydde
til å vedgå nederlaget for den "konstruktive dialogen" om
menneskerettane dei har hatt med Beijing, men dei ville heller ikkje
"vera instrumentaliserte" av Washington...

Xiao Quiang, direktøren for Human Rights in China, seier: "Eg er lei for
at europearane gir opp prinsippa sine slik i namnet til handelspolitiske
realitetar, noko dei sjølvsagt aldri offisielt vil vedgå." Den tidlegare
kinesiske dissidentaren, Wei Jingsheng, gjekk enda lenger: "Dei
europeiske regjeringane har svike dei kinesiske demokratane."
  

Medan alt dette gjekk føre seg, demonsterte nokre hundre foreldre og
vener til offer for dei kinesiske massakrane i Tibet på den fuktige
plenen framom Palais des Nations - ein heilt stille demonstrasjon.

Oddmund Garvik

(div. kjelder: Radio France, Libération, Charlie hebdo)

Eit lite PS for å "slukke sorgen en påskemorgen": Jean-Marie Le Pen
miste i går det siste mandatet han hadde att: Mandatet som utsending til
Europaparlamentet. Han er dømd for å ha slege ein kvinneleg kandidat frå
Sosialistpartiet (PS) med knyttenevane under førre valkamp. Alt blei
filma, og reportasjen blei vist på tv. Mange kunne konstatere fascismen
sitt rette andlet, og sjølv om Le Pen gjekk til motsøksmål, hadde han
drite så grundig på draget at alle vakne menneske berre kaldflirte,
eller riste på hovudet. Den høgreekstreme rørsla i Frankrike har dei
siste par åra gjennomgått ei djup krise, og har tapt det meste av det
dei vann på byrjinga av 90-talet. Ideane er nok framleis latente, men
det neste "Austerrike" blir definitivt ikkje her...

God påske!

ds.
 
______________________________________________________________________________
message envoye depuis http://www.ifrance.com
emails (pop)-sites persos (espace illimite)-agenda-favoris (bookmarks)-forums
Ecoutez ce message par tel ! : 08 92 68 92 15 (france uniquement)



This archive was generated by hypermail 2b29 : Thu Aug 03 2000 - 10:25:32 MET DST