Klassekampens venner?

Svein Lund (sveilund@telepost.no)
Fri, 30 May 1997 21:32:44 +0200 (MET DST)

Hvem er Klassekampens venner?
Ope brev til redaktør Paul Bjerke.

I Klassekampen for 29.5.97 var det ein dobbel sensasjon. Det første var at
redaktøren,
så vidt eg har sett for første gong, uttalte noko om debatten om avisa. Men
enno større
sensasjon kom inne i artikkelen. Her skriv han noko som burde vere
sjølvsagt, men
som likevel er heilt nye tonar frå redaktøren:
Klassekampen er avhengig av at avisas venner stiller opp for oss, som
bidragsytere,
givere, tipsere, selgere osv.osv. Hvis avisas venner skal være villige til å
gjøre en slik
innsats, kreves det naturligvis at deres synspunkter på avisas utvikling
blir hørt og
tatt alvorlig av redaksjonsledelsen.

Ein skal ta folk i beste meining. Derfor velger eg å tru at redaktøren
meiner dette når
han skriv det. Men det han skriv her er mildt sagt ganske langt frå den
praksisen som
vi har sett både frå tidligare og noverande redaktør.
I haust kom det eit opprop frå Nord-Noreg, det såkalla distriktsoppropet.
Dette blei
aldri besvart, trass fleire purringar, både i avisa og på KK-forum. Oppropet
kom i
samband med RV sin Nord-Noregskonferanse som KK nekta å ta inn stoff om, noko
som førte til at avisa mista sin siste frilansjournalist nord om Polarsirkelen.
Etter det har avisa vært kjemisk fri for stoff nordfra med unnatak av
NTB-meldingar.
Klassekampen var bl.a. ikkje interessert i å dekke framlegginga av
Samerettsutvalet si
innstilling.
Vi som har reist denne kritikken har alt anna enn blitt hørt og tatt
alvorlig av
redaksjonsleiinga. No må vi spørre: Er det så at vi ikkje er rekna som
Klassekampen
sine venner? Er det bare dei som er samde med redaktøren i eitt og alt som er
kvalifiserte venner, eller må ein bu i Oslo-gryta for å få godkjent
venne-stempel?
La oss få klar melding om det. Vi ønsker å delta i å utvikle avisa, men
dersom avisa
ikkje ønsker oss, må vi kanskje sjå oss om etter ei anna avis.

No vil eg ha klart svar på to-tre enkle spørsmål:
1. Meiner redaktøren at redaksjonsleiinga siste året har tatt sybnspunkta
til avisa sine
venner alvorlig?
2. Er redaktøren samd i målsettinga å gjøre Klassekampen til ei avis for
heile landet?
3. Ka har avisa i så fall tenkt å gjøre for å oppnå det? (Det er no utlyst
ein ukjent antall
journaliststillingar. Kan redaktøren tenke seg å tilsette folk i heil- eller
deltidsstilling
som arbeider ut i frå ein anna stad enn Oslo?)

Svein Lund
kverulant, 9520 Gokk