RE: ad. Konspirasjoner og KK-forum

Lars Staurset (lars.staurset@statkart.no)
Wed, 7 May 1997 13:23:59 +0200

Janne Kjellberg skriv m.a.:
>Trond Andresen har problemer med å se konspirasjonsteoriene
>på KK-forum. Kan det være at du ikke ser skogen for bare trær?
>La meg nevne et par eksempler fra de siste ukene:

"Konspirasjon" er i Nynorskordboka definert som "samansverjing; plott".
Dei eksempla Kjellberg nemner, tyder ikkje på nokon konspirasjon.

Det Kjellberg siktar til, er at somme personar (forum-skribentar) tillegg
andre (KK-redaksjonen) motiv som dei sjølve ikkje meiner å ha. Her finst
nok "insinuasjonar" og kanskje "vikarierande motiv", men unngå å skrive
"konspirasjon". Då vil debatten bli reinare.

Ellers takk til Kjellberg for utblåsinga. Vi andre skal hugse at denne
debatten også har ei menneskeleg side. Det er sikkert ikkje lett å
arbeide med heile dette forumet hengande over skuldera.

Lars Staurset