Re: Rasismekamp, Til Michelet

Magnus Marsdal (marsdal@feskar.net)
Mon, 28 Apr 1997 09:08:04 +0000

> Veldig bra og lurt tror jeg av Michelet å takle fienden direkte; da kan
> man tvinge dem til å si ting de ikke vil si, f.eks. ta avstand fra
> rasisme, nazisme, etc. Det ville være utmerket om man tvang Hagen til
> noe liknende i en TV-debatt, f.eks.
> '

Heia Jon Michelet!

Men det er ein ting eg sakna VELDIG i det som var
referert i Klassekampen frå møtet mellom Michelet og Hedstrøm:
Klasseagitasjon! Klasseperspektiv! Rike mot fattige - og hvilke rolle
rasismen spelar i dette!

Eg trur det VIKTIGASTE å møta Frp-rasimen med er å peika på korleis
han set ulike grupper av arbeidsfolk mot kvarandre, og gjer Achmed
til syndebukk slik at Karl Glad og Jagland går fri.

For det er dette med Syndebukk som gjev Frps rasisme oppslutnad i
arbeidarklassen. For folk TRENG ein syndebukk, for samfunnet ER
jævlig. Å ropa "fargerikt fellesskap" eller "vi er alle utlendingar"
kan vera riktig nok, men det GJEV IKKJE SVAR på dei sosiale spøsmåla
som Frp GJEV "svar" på: "Noreg for nordmenn - full sysselsetjing!" Og
ei venstreside som ikkje går direkte til verks og tek tak i kva som
er løysinga på arbeidsløyse, velferdskutt og fattigdom, kan ikkje
vinna mot populist-rasismen.

Difor er dette ei oppmoding til Michelet og alle andre som skal ut i
valkamp: Utvikle og bruk retorikk som KVAR GONG Frp kjem med "de
gamle, syke, og pleitrengende vs. innvandring" får folk til å tenkja:
"Faen, no driv høgresida og set fattige opp mot kvarandre for å
hindra oss i å stå saman mot overklassen"!

Det er gjenom å avsløra heile Frp-retorikken om at dei talar på vegne
av Mannen i Gata (medan antirasistane er talspersonar for ein
fleirkulturell humaninsme som ALDRI har gjeve nokon arbeidslaus
nordmann mat på bordet) at vi kan stogga Hagens framgang mellom
arbeidsfolk, og samstundes ta eit offensivt skritt fram for RV. For
RV er DET EINASTE PARTIET som kan ta FRp på denne banehalvdelen, og
fram til no har vi NESTEN IKKJE GJORT DET.

I Raud Ungdom har vi frmifrå røynsler med å køyra denne typen
antirasisme i valkampen, dvs. skulevalkampen. Er er eit døme på kva
ein del trøndarar sprang rundt og sa i skuledebattar i 1995:

Hvis du e 18 år gammel og arbeidlaus, så si rasistan te dæ:
"Innvandreran har skylda, pakkisan har skylda! Dæm har tatt jobban
vårres". Hvis du trur på det, skjer ihvertfall tre ting:

1 -Mørkhuda folk i Norge får det jævliar..
2 -Du miste muligheten te å kjæmp mot arbeidsløysa, te å lægg skylda
på dæm som *har* skylda.
3 - Karl Glad og kapitalistvennan hannes gnir
sæ i hendern og flire heile veien te banken. Dæm kan fortsett og legg
ned bedrifta som har "bare" 20
millioner i overskudd. Dæm kan forsett å ha ei høy arbeidsløyse som
gjør det lættar å press lønnan nedover, så læng folket spreng rundt og
legg skylda på Ali og Achmed.

Magnus E Marsdal
--- P t o t h e P ---