KK-konferanse?

Magnus Marsdal (marsdal@feskar.net)
Sun, 27 Apr 1997 19:05:10 +0000

Eg er samd med Steigan. Det trengst mykje tenkjing og ordskifte for at
vi skal kunna leggja vetuge politiske avisstrategiar, og sjølv om ein
del folk har tenkt mykje allereie treng vi å få fleire med i
prosessen. Kanhenda vil det opna seg ein ny situasjon no, som gjer at
fleire kjenner at det er vits i å bruka tid på å diskutera framtida
til avisa Klassekampen?

Så eg trur det kan vera lurt å leggja denne konferansen (eller
fleire? lokalt?) til hausten, og då er vel ETTER valkampen det mest
realistiske.

Samstundes må vi sjølvsagt unngå at ordskifta stoggar opp, "i påvente
av konferanse til hausten", det er jo auka temperatur og deltaking i
debatten vi treng framover.

Helsing
Magnus E Marsdal
--- P t o t h e P ---