EØS=2C_EU_og_lakseeksporten

Lars Staurset (lars.staurset@statkart.no)
Wed, 9 Apr 1997 08:37:08 +0200

Nedafor følgjer ein forkorta versjon av eit lesarinnlegg som eg har
sendt til nokre aviser i Møre og Romsdal. KK står fritt til å trykke
det eller hente inspirasjon frå det (om det skulle trengast; eg går ut
frå at de kjører denne saka i onsdagsavisa, men har ikkje sett den enno).

---------------

EØS, EU og lakseeksporten

EØS-avtalen vart i si tid lansert med feite lovnader om at norske
bedrifter skulle få fri tilgang til den indre marknaden i EF. Mykje
tyder på at lovnadene var svært overdrivne. Frå før hadde vi ein
handelsavtale med tollfridom for dei fleste industrivarer. Kanskje den
ikkje var så dum likevel?

Dagens Næringsliv skriv 2. april: "Norske bedriftsledere ser svært små
fordeler ved at Norge gjennom EØS-avtalen er blitt en del av EUs indre
marked. De mener at bedriftene hverken har fått redusert sine
kostnader eller blir utsatt for mindre byråkrati."

Nærings- og handelsminister Grete Knudsen klagar no til EU-kommisjonen
på at EU-landa manglar kunnskap om EØS-avtalen. Dette skaper vanskar
for norske leverandørar som prøver å konkurrere om oppdrag i EU-land.

Det kan også skorte på viljen. Ein bedriftsleiar seier det slik til
Klassekampen 3. april: "Det er ikke fritt for problemer. Vi møter ikke
åpenlys diskriminering. Men andre land er flinkere til å bygge opp
systemer som gjør det vanskelig for utenlandske bedrifter, enn Norge."
Med andre ord: Noreg er nøye med å tilpasse seg til EU-reglane,
EU-landa sjølve gjev blaffen eller saboterer.

Laks og dumping-klage

Eit av problema som Noreg møter i desse dagar, gjeld oppdrettslaks.
Ein EU-komité hevdar at norske produsentar sel laksen for billeg og
får for mykje offentleg støtte. Dette kallast dumping og subsidiering,
to av dei styggaste orda som finst i EU-språket. Mottiltaket frå EU
kan bli straffetoll eller krav om regulering av produksjonen. I
skrivande stund er utfallet uvisst, men det blir visstnok avgjort om
få dagar.

Somme EU-tilhengarar legg no skulda for denne situasjonen på nei-
rørsla. Underforstått: vi ville ha unngått dumping-klaga dersom Noreg
hadde vore medlem av EU. Dette er grovt misvisande.

For det første har nok striden om lakseprisane djupare røter. Skotske
oppdrettarar skal ha arbeidd politisk sidan 1989 med å knekkje dei
effektive norske konkurrentane sine, utan at Noreg har teke skikkeleg
til motmæle. "I iveren etter å få loset Norge inn i EU, ønsket
regjeringen for enhver pris å unngå konflikter med EU. Dette innledet
et utpresningsregime fra skottenes side som norsk oppdrettsnæring
siden har måttet betale dyrt for." Dette skriv konsernsjefen i Stolt
Sea Farm i Dagens Næringsliv 3. april.

For det andre - og viktigare: Den måten EU argumenterer på i
laksesaka, slår beina under både oppdrettsnæringa og store delar av
distriktspolitikken i Noreg. Distriktsstøtteordningane våre er
allereie sterkt nedhøvla etter krav frå EU, og skal vere godkjende
etter EØS-reglane. Så kjem EU likevel og seier at dei er ulovlege.
"Utidig", seier Knut Almestad til Dagens Næringsliv 4. april. Han er
sjef for ESA, det kontoret som skal passe på at Noreg og Island
følgjer EØS-reglane.

Kva dette vil få å seie for næringslivet i distrikta, veit vi ikkje
enno. Sikkert er det at Noreg har ein alvorleg konflikt med EU dersom
straffe-forslaga blir vedtekne. Problema omkring distriktspolitikken
ville sjølvsagt ha vore minst like store - sannsynlegvis større - om
Noreg var medlem i EU.

Raknar EØS-avtalen?

EØS-avtalen kan no rakne på grunn av at EU underkjenner ordningane
der, og at dei heller ikkje bryr seg om å følgje avtalen i praksis.
Dette er nokså pinleg for den norske regjeringa, som ser EØS som vegen
til fullt EU-medlemskap.

Svaret frå regjeringa blir nok å halde maska ei tid framover, for å
sleppe å diskutere EU- og EØS-spørsmål under valkampen. På eit
passeleg tidspunkt etter stortingsvalet kan regjeringa seie opent at
EØS ikkje fungerer lenger, og at vi treng noko "betre", nemleg fullt
medlemskap i EU.

For oss på nei-sida viser dette endå meir at stortingsvalet er viktig,
og at vi må samle oss til innsats. Dei 70 % av veljarane som er mot
EU-medlemskap, må passe ekstra godt på kven dei stemmer på!

Lars Staurset