RV-nytt: Interpelasjon om Scandinavian Star i Stortinget.

Torgny Hasås (torgny.hasas@st.dep.telemax.no)
07 Apr 1997 15:11:33 Z

Interpelasjon om Scandinavian Star i Stortinget.

Erling Folkvord frå RV har fremma denne interpelasjonen i Stortinget i dag:

I sju år har norske styresmakter konsekvent omtala Scandinavian Star som eit
danskeigd skip. Dei etterlatne - som for fleirtalets del er norske - har ikkje fått hjelp
frå regjeringa når dei har lagt fram opplysningar om andre eigarar enn dei som
vart dømt i dansk rett. Skipsregisteret i Bahamas viser at det berykta
amerikanske selskapet Sea Escape var eigar på ulykkestidspunktet og at
danske Niels-Erik Lund var registrert som managing owner, dvs. <disponerende
reder>. Omfattande materiale frå Støttegruppa har vori tilgjengeleg for
styresmaktene i over eitt år, men det er Bergens Tidende som no presenterer
heilt nye opplysningar om ansvarsforholda bak Scandinavian Star.
Kva gjer regjeringa no for at alle sider ved Scandinavian Star-saka - både for dei
etterlatne og andre involverte - kan bli avslutta på ein måte som er korrekt ut frå
dei faktiske eigar- og ansvarsforholda på ulykkesdagen?