Revolusjonens_røst

Jon Hareide Aarbakke (jha@computas.no)
Mon, 17 Mar 1997 07:17:04 +0100

I KK på lørdag slepte Eivind Røssak (kulturredaktør i KK) katta ut
av sekken
med ein kommentar til Myrdals forsvar av massakren på den himmelske
freds
plass. Etter kvart som innlegget skrid fram, går det opp for lesaren at
Røssak ikkje har tru på revolusjonen, tvert om, han er redd for han.
Eg vil
til og med tru at han er motstandar av han, og det er i og for seg
logisk,
i og med at han set likskapsteikn mellom revolusjon og 100 millionar
ofre
for ulike despotar som har sigla under hammar og sigd.
Han avsluttar med å seie seg usamd i Aslak Sira Myhres utsegn om at vi
treng ein revolusjon i Gnore.

Eg synest det er bra av KK å ha ein slik mann som kulturredaktør, og
det
kunne kanhende fortelje Røssak at ikkje alle kommunistar er like
totalitære.

Men nok om det, Røssak set fingeren på eit svært ømt punkt: ordet
"kommunisme" er omlag like salonfahig som "syfilis" nettopp av di så
mange
har døydd for dette ordet. No har sjølvsagt mange døyd for andre ord
også,
slik som "freedom" og "capitalism", men det har vore usynleg daud, og
mindre eklatant; tilsynelatande mindre brutal. Og ikkje så opplagt eit
resultat av vilje, slik Stalins myrderiar var. Og kommunistar kan ikkje
gøyme seg bak ofra for kapitalismen, om dei er enn så mange.
Kommunistar må legge bak seg Stalin, Trotsky m.m., og stille seg sjølv
spørsmålet: er det realistisk å erstatte dagens pluralistiske system
med
eit politisk system som organiserer økonomien på eit anna vis, utan at
det
fører til despotisme og mangel på reelt demokrati?
Det er det som er utfordringa i Røssaks innlegg. Han og mange andre
liker
den fridomen dei har i dag til å velje kvar dei vil bu, spise, kvar dei
vil
reise, osv., også fridomen til å vere utan arbeid. Vi veit kva vi har,
men
ikkje kva vi får, og får vi det dei hadde i SSSR, så seier vi nei
takk. Det
gjer eg også.

----

Til slutt, nokre tankar om korleis ein kunne gjere det:
eg trur at eit "kommunistisk" samfunn i framtida må tilfredsstille
folks
behov for å eige sjølv, for å ha ein fridom, for å ha eit område i
livet
der _dei_ bestemmer.
Det verste med kapitalismen er at han tek makta frå folk; dei har ikkje
kontroll over dei vesentlege parametra i liva sine: arbeid og bustad.
Dei
rår ikkje sjølv over dei verdiane dei skapar, dei er kveg for
kapitalbonden.
Difor ligg nøkkelen til eit meir humant samfunn i å endre vilkåra for
økonomien: t.d. ved å forby profitt! Sagt på eit anna vis, det er
ulovleg å
tilsetje folk; du kan berre ha dei som partnarar, slik at ikkje du som
arbeidskjøpar - slik det er i dag - eig det arbeidarane har produsert.
Dette er på mikronivå, så kan ein spørje om samfunnet bør eige det
som alle
har produsert, eller om det er nok å skattlegge det. Kor stor
økonomisk
ulikhet kan vi tolerere?
Dette høyrast kanhende ut som Gulasj-kommunisme, utan at eg kjenner
Ungarns
døme; eg veit berre at det fantest småbedriftar der.

På toppen av dette politikken.

Eg seier ikkje meir no, Iben vert uroleg her.

God debatt,

Jon Aarbakke

PS Dette har kanhende litt preg av stream-of-consciousness; det er for
å
appellere til litteraturvitarane på lista!