Ukas versting?

David_T._Sørmark (david@mail.feskar.net)
Sun, 16 Mar 1997 20:48:18 +0000

Det er fint at Røssaak gidd å diskutera sosialisme og kommunisme -
eller i det minste seie kva han meiner om det. No veit me jau kor me
har han. Men han kunne godt ha freista vera litt meir sakleg enn å
koma med eit eksperiment kor han fordeler antal drepne i dei sokalla
"sosialistiske" landa på
år. Ein kan og fordela antal drepte på storleiken på lander og
sjå kor mange som vart drepen pr kvadratkilometer for å gjera det
ekstra spanande. Kor har Røssaak funne tala for antal drepne i
Kambodsja? I Aftenposten? Der har jau tala svingt mellom 4 millionar
og 300 000.
Den slags argumentasjon mot kommunismen som Røssaak kjem med
i Klassekampen er tvers i gjennom borgarleg og reaksjonært,
og det same me høyrer frå Framstegspartiet i kvar valkamp.
Det skal vera lov å vera usamd med føremålsparagrafen til avisa, og
det skal til og med vera lov for Røssaak og seie det. Men ikkje når
det forveksling likner avisas eigen meining, skal han ytra seg i mot
føremålsparagrafen, sosialismen og kommunismen får han gjera det i
lesarbrevspaltene eller her på KK-forum.
Gje mannen sparken!
David T. Sørmark