Slutt_å_gje_mannen_løn!

Magnus Marsdal (marsdal@feskar.net)
Sat, 15 Mar 1997 12:57:50 +0000

(DETTE ER IKKJE, GJENTEK: IKKJE, EIT INNLEGG TIL AVISA)

Røssaak syner seg som den borgarlege antirevolusjonære han er i
dagens KK, meir i klårtekst enn nokon gong, på side 32.

Det er heilt utruleg at ikkje ein gong den revolusjonære avisa i
landet skal vera ei motvekt mot all lavpanna "kritikk" av
"kommunismen" som handlar om å telja antall dødsoffer. Kven er det
som er inne i talet "38 millionar" for kor mange "Mao drepte"? Er det
folk som strauk med av svolt, t d under Det store spranget? Også
andre svoltkatastrofer? Kor mange ville døydd av svolt dersom
kommunistane IKKJE hadde kome til makta i Kina? Færre? Fleire? Veit
Røssaak svaret på dette? Veit Røssaak noko om utviklinga av
matproduksjonen, levestandard og fordeling i Kina under Mao? Neppe.

Dersom kommunistpartiet skal ha skulda for folk som døyr av svolt i
Kina, kven skal då ha skulda for dei som døyr av svolt under
kapitalismen? "Utviklinga"? "Marknaden"? Kapitalismen drep,
herskarane drep, eigarane drep, og det skjer kvar dag. Og kor mange
kvart år? 30 millionar? 40 millionar? Men den
dekadente "intelektuelle" i det rike Vest har ofte litt vandt for å
få auge på det. Dette er det avisa Klassekampen si oppgåve å vera ei
motvekt til, slik eg ser det.

(Jan Myrdal har sagt at ein blir dum i hovudet av å gå på
universitetet, jo meir utdanning jo dummare blir ein. Eg skjønar godt
kva han snakkar om.)

Eg skal ikkje ta stilling til Kessle/Myrdal sitt standpunkt om Kina
1989. Men eg merkar
meg at Røssaak ikkje med eitt ord evnar å gå inn i den problematikken
Myrdal/Kessle faktisk tek opp; kva som ville vore fylgjene av ei
oppløysing i Kina, sett på bakgrunn av utviklinga i Sovjet og
Aust-Europa.

Røssaak skriv at han ikkje vil vera med på å setja verda andsynes det
dilemmaet som Myrdal/Kessle skildrar. Men herregud og faen og Jesus:
Verda STÅR andsynes slike dilemma KVAR EINASTE DAG, kvart einaste
hundreår. Menneska er konstant stilt i ein vanskeleg posisjon,
dillemmaet er her, heile tida. Berre i ei røyndomsfjern idealistisk
verd forma av pensum er det annsleis.

Det einaste menneska har å hjelpa seg med i kampen mot undertrykking
og i dei håplause situasjonane dei ofte står i, er medviten analyse
og medviten handling. Babbel av den typen Røssaak presterer står i
rak motsetnad til dette. Det MÅ vera openberrt at denne redaktøren
IKKJE ynskjer å arbeida i tråd med føremålsparagrafen. Slik sett er
det blamerande, kompromitterande eller eitt eller anna, for avisa å ha
han som redaktør. Slik eg ser det.

Magnus Engen Marsdal
--- P t o t h e P ---