SV: "Moderne mennesker i byen" - og oss bygdetullinger

Magnus Marsdal (magnus.marsdal@klassekampen.no)
Wed, 29 Sep 1999 17:24:11 +-200

Bra at Trond Andresen reagerer på ting han er usamd i.

Men eg trur: I eit tilfelle som dette er riktig reaksjon å skriva mot innhaldet i det som har stått på trykk, til dømes som debattinnlegg, ikkje å skriva mot KK for AT saka har stått på prent.

Å polemisera seriøst om innhaldet vil vera ein reaksjon i tråd med eit ynske om debatt og eit visst mangfald i KK. Å gå til åtak på redaksjonen for AT saka har stått, er meir i tråd med eit ynske om ei ganske einsretta avis, eit krav om at ting ein sjølv ikkje likar skal lukast vekk. Alt i KK kan ikkje vera etter Tronds smak, det trur eg vi alle berre må innsjå. Difor må metoden vera debatt om innhaldet.

Magnus E. Marsdal
bygdetulling