SV:RV et sosialdemokratisk parti.

Magnus Marsdal (magnus.marsdal@klassekampen.no)
Mon, 27 Sep 1999 14:27:21 +-200

MEM:
>Men altså: Kan du skildra kva du oppfattar som "de "ideene du synes å gå inn
>for", altså det eg går inn for? Kan henda det kan bidra til litt oppklaring.

Stuff:
Beklager at jeg ikke kan være særlig konkret her, det vil kreve mye mer
arbeid enn jeg har tid til nå. Men jeg har en oppfattning at du (dere?) alt
for lett avfeier erfaringene fra de forsøka på sosialisme som er gjort (og
de erfaringene som er gjort i Norge, under DNA). Jeg mener det blei gjort
en god del for å forsøke å oppnå representativitet både i meninger og i hva
slags folk, når en rekrutterte til partiet. Og i Kina ved danning av lokalt
styre.

MEM:
Dette kan vi ikkje diskutera ut i frå. For deg som sikkert har sett deg lei på lettvinte utleggningar om kva "alle veit" at AKP står for, må det vel vera ein tankekross at du opererer med like udokumenterte førestillingar sjølv?

Det er ikkje så greit å sjå nett kva du meiner i dette avsnittet, heller. Kva er det å "avfeie erfaringer"? Å ikkje støtta Stalins utlegning av "sosialisme"? Eller er det å ikkje villa læra av historia? Når du skriv at "det blei gjort en god del for å forsøke å oppnå representativitet" kan det sjå ut som om vi diskuterer "Var dei onde eller gode?", og så vil du altså visa til kommunistanes gode intensjon. Eg tviler ikkje på god intensjon. Men det er altså resultat og årsak-verknad og spørsmål som "Kva er sosialisme?" vi må diskutera her, ikkje God vs Ond.

Stuff:
Lenins oppfattninga av det borgerlige demokratiet var mye av bakgrunnen for
at ett-parti-styret blei innført.

MEM:
Eg er ingen Lenin-ekspert. Men eg veit han skreiv så seint som i Staten og revolusjonen at i det sosialistiske samfunnet skulle makta gå fredeleg frå det eine partiet til det andre. Visste du det?

Og eg veit at Rosa Luxemburg alt i 1918 skreiv ein omfemnande og viktig kritikk av korleis boljsevikane gjorde ideologi av tvangstiltaka sine, og såleis byrja øydeleggja den sosialistiske oppfatninga av demokrati. Slike ting kan vi diskutera, det dei faktisk stod for og faktisk gjorde på den tida. Fordommar og førestillingar om kva vi kanskje trur dei stod for er det mindre poeng i å diskutera.

Det er for øvrig 100% sant at AKP frå 1984 går inn for å tillata fleire parti under sosialismen. Det er bra. Men etter mitt syn er det IKKJE uinteressant å undersøkja kvifor eit slikt parti i heile si storhetstid gjekk inn for eittpartistaten. Det KAN då ikkje vera uinteressant? Og i ei slik undersøking ligg det sjølvsagt å freista finna ut om tankegodset som låg til grunn for eittpartistandpunket forsvann ut i 1984, eller kor mykje og kva av det som evt har overlevd vidare. Dette er ideologisk sjølvgransking, for Stuff sin del og nesten for min del òg, ettersom eg på ymse vis høyrer til same rørsla, og det trur eg vi har berre godt av.

beste helsing

Mingus