Kvifor varte myrdinga på Aust-Timor

Lars Staurset (lars.staurset@statkart.no)
Tue, 21 Sep 1999 09:09:40 +0200

Knut Rognes og Trond Andresen ser ut til å vere samde om det meste når
det gjeld den internasjonale styrken på Aust-Timor. Men kvifor gjekk det
to veker med intens dreping før styrken kom på plass?

Indonesiske styresmakter har sikkert sett lenge at dei måtte gje opp
Aust-Timor. Men dei ville sende eit signal til andre separatistar rundt
om i øyriket: opprør lønner seg ikkje. Derfor fekk mordarbandane halde
på.

Vestmaktene ønskjer også å halde Indonesia samla. Dei støtta målet og
protesterte ikkje mot midlane. Dei kunne ha innført våpenboikott og
andre straffetiltak, som kanskje ikkje hadde verka på kort sikt, men som
hadde vore tydelege signal. Med å ikkje gjere det, signaliserte dei at
framgangsmåten var OK. Etter ei tid, då det hadde hendt så mykje at
bodskapen rimelegvis var oppfatta, tvinga dei fram retrett.

Vi får håpe det verste er over no, men folket på Aust-Timor har lidd
mykje på vegner av andre.

Alle samanlikningar mellom Kosovo og Aust-Timor haltar grovt.
Situasjonen på Aust-Timor no var (er?) langt verre enn i Kosovo før
bombinga starta. "Intervensjonen" er godkjend av FN og Indonesia, og
styrken samarbeider med okkupasjonshæren. Det finst ingen
Rambouillet-"avtale", iallfall ikkje så langt det er kjent no. Knapt
nokon ville ha protestert mot utanlandsk (vestleg) militærmakt i Kosovo
dersom det hadde gått for seg på den måten.

Om kombinasjonen Kosovo og Aust-Timor har har sett ein ny standard for
vestleg engasjement mot trakassering, terrorisering og dreping rundt om
i verda, står att å sjå. Terskelen for bruk av militærmakt har iallfall
blitt lågare.

Lars Staurset