Re: Valpe-kjekkaseri om "parlamentarisme"

Oddmund Garvik (garvik@i-france.com)
Fri, 10 Sep 1999 12:26:02 GMT

Trond Andresen har kome med fleire døme på tomt pjatt og poserande
"journalistikk" i m.a. Klassekampen, seinast i dag. Kva er problemet med
dette? At det ikkje passar "gateparlamentarikaren" Aslak Borgersrud, og
kanskje ein og annan journalist, er "normalt". Ingen likar å få passet sitt
påskrive, enda kor passande det kan vera. Men då må ein prøve å argumentere
klårt, ikkje berre ende opp i nok ein "provokasjon".

Eg har har aldri høyrt om, eller høyrt noko av dette bandet dykkar. Eg las
utklippet frå Klassekampen som Andresen sende inn, og det var ikkje
vanskeleg å ta stilling til det. Men så tenkte eg at "Gatas Parlament" nok
er ei av mange døgnfluger som det har vore mange av opp gjennom åra. (Ein
blir ikkje mindre døgnfluge av å kalle seg "revolusjonær".) Eg bladde om, og
gløymde heile greia.

Då eg såg innlegget ditt, Borgersrud, rota eg fram att utklippet frå
Klassekampen:

>- Hvis RV var et rapband, ville melodiene hatt syngevers bare for å fenge
>folket. Men folket skal jo ikke stemme, det skal lage revolusjon.
>Aslak og Elling i Gatas Parlament gjør sitt beste for å stikke kjepper i
>demokratiets velsmurte kulelager. Det viktigste er ikke hva du stemmer, det
>er hva du gjør! Derfor gir rapbandet Gatas Parlament ut i disse
>førvalgsdager en melodi med akkurat dette omkvedet.
>- Låta er skrevet i frustrasjon over venstresidas kamelspising på tvers.
>Parlamentarismen er en sykdom, og dette pseudodemokratiets eksistens er
>partiene på venstresida med på å legitimere. De vil ha stemmer, og dermed
>faller revolusjonen i bakevja, forteller Elling.
>- Så hvis RV var et rapband ville det laget syngerefrenger. Det gjør ikke
>Gatas Parlament, vi lager dansbar kommunistrap, forklarer Aslak.
> - Vi oppfordrer folk til heller å stemme Gatas Parlament, så får folk tolke
>det som de vil, klargjør Elling.

osb.

Korleis i svarten vil du få i stand ein revolusjon med slikt skvalder???
Dansbar kommunistrap...! Eg har som sagt ikkje høyrt musikken dykkar, men
har eit ope sinn. Eg likar både rap, techno, garage, drum'n'bass, hip-hop,
ambient, jungle. Eg likar Mozart, Stravinski, Brassens, Brel og Myllarguten.
Eg likar all slags musikk og dans. Eg lever i eit mangfaldig land, der musikk
og kultur frå heile verda blir blanda. For folk spelar og dansar overalt i
verda, men det har ingenting med kommunisme å gjera. Det blir ikkje
revolusjon av det.

Ta tida til hjelp, Aslak Borgersrud. Ein må ha levd og opplevd ein del for å
ha noko å fara med. Elles blir det berre proklamasjonar og tomme ord. Det
blir ikkje meir imponerande om ein er stor i kjeften, heller ikkje om ein
gøymer seg bak finurleg retorikk og krimskrams (intervjuet med Kjærstad).

Sjølv om "logikken" din er noko springande, har du kanskje rett når du seier:

>Altså: Hvis det skal bli sosialisme i Norge er det livsviktig at den ledes av
>sjenerte personer som ikke sier så mye.

Det er ikkje livsviktig, men det er og blir ein dyd i livet og i politikken
ikkje å gjera for stort nummer av seg sjølv, og ikkje seia så mykje i tide
og utide. Det er karisme ein treng, og vel gjennomtenkte idear.

Oddmund Garvik


______________________________________________________________________
Message envoye depuis iFrance >> http://www.ifrance.com
Gratuit >> Hebergement (50 Mo)/Vos emails (POP&HTML)/Vos P.A.
NOUVEAU : votre agenda online gratuit !