Re: Pressemelding om Øst-Timor fra AKP

Oddmund Garvik (garvik@i-france.com)
Wed, 8 Sep 1999 14:27:12 GMT

Den 7. september 1999 refererte Asgeir Bell ei pressemelding frå AKP:

>-Samtidig må de legitime myndighetene på Øst Timor hjelpes til å sette ut i
>livet folkeavstemningskravet av 30.august, med etablering av en
>administrasjon for et sjølstendig Øst Timor. Deres bønn om en internasjonal
>fredstyrke som skal erstatte de indonesiske terrorstyrkene må snarest
>etterkommes, krever partiet og henviser til at både Malaysia og Thailand
>allerede har sagt seg villige til dette.

Kor har AKP høyrt at Malaysia er viljuge til å stille tropper til
disposisjon for ein internasjonal fredsstyrke?

I "Libération" las eg i dag at:

"Vesten meiner faktisk at for å vera «effektiv», må ein halda fram med å
leggja press på dei indonesiske styresmaktene. Alternativet, som ville vera
å sende ein væpna styrke utan samtykke frå Djakarta, for å forsvare timorane,
verkar ikkje særleg truverdig på det aktuelle tidspunktet. I tillegg til
omfanget av ein slik aksjon - ein minnest tida det tok å stable på beina
Natostyrken til Kosovo i ein mindre risikabel situasjon - støyter han på store
politiske hindringar: Kina, for berre å sitere dette eine landet, vil leggja
ned veto mot einkvar væpna aksjon som krenker den nasjonale suvereniteten
til ein stat i sin eigen asiatiske bakgård. Dette kunne gi presedens som ville
vera heil uakseptabel for Beijing. Malaysia og andre asiatiske statar deler
fullt og heilt dette standpunktet".

sjå : http://www.liberation.fr/quotidien/semaine/990908merb.html

Oddmund Garvik


______________________________________________________________________
Message envoye depuis iFrance >> http://www.ifrance.com
Gratuit >> Hebergement (50 Mo)/Vos emails (POP&HTML)/Vos P.A.
NOUVEAU : vos encheres On-line : http://ifrance.aucland.fr