Imperialismen

Magnus Marsdal (magnus.marsdal@klassekampen.no)
Sat, 3 Jul 1999 17:37:14 +-200

Andresen skriv:

"Den materielle og teknologiske utviklinga, med tilhørende gjennomsnittlig økning
i utdanningsnivå, har gjort det vanskelig med intervensjon på åpent
imperialistisk grunnlag."

Ja? Eg veit ikkje om så veldig mange invasjonar som har skjedd på "åpent imperislistisk grunnlag". Dei aller fleste dei seinaste hundre åra, minst, har vel vore utstyrt med eit moralsk overbygg? Andresen kan kan henda gje døme på at eg tek feil. Viss ikkje blir dette argumentet for at vi no har "ein ny situasjon" ganske tynt.

Dette med "ein ny situasjon" har ofte vore typisk for "revisjonismen" i den marxistiske tradisjonen (t.d. Bernstein). (Diverre vil nok eit ord som "revisjonisme" medføra ivrig sukk og stønn frå Trond, men det får stå si prøve.) Andresen lanserer "ein ny situasjon" på fleire område:

(2) "Verdenskriger" blir stadig mindre sannsynlige

Storkrig mellom imperialistiske blokker blir stadig mindre sannsynlig. Krig
innad i Vest-Europa (a la første eller annen verdenskrig) er uhyre lite
sannsynlig, fordi disse landene nå er ekstremt økonomisk integrerte,
fordi informasjons- og utdanningsnivået gjennomsnittlig er blitt så pass
høyt, og fordi reising og kontakt over grensene øker voldsomt. Å begeistre en
generasjon av unge menn for et større sjåvinistisk krigsventyr mot et
annet europeisk land, er i dag umulig. Det samme gjelder mellom USA og
Vest-Europa. Ei lignende utvikling skjer i de store nyindustrialiserte land,
som Kina, India etc. - sjøl om de har et stykke igjen, jfr. raslinga med
atomvåpen og Kasjmir-krigen mellom Pakistan og India.

* * *

Dette må vera ganske likt teorien om "ultraimperialismen" som Lenin kritiserte Kautsky så hardt for. Sjølvsagt kan det vera slik at Lenins analyse no er passé og Trond Andresens teori er riktig, men eg blir ikkje overtydd før eg ser meir argumentasjon og dokumentasjon. At heile imperialismeforståinga skal omkalfatrast av påstandar om eit høgt utdanningsnivå, auka vareeksport og reising over grensene går eg ikkje med på.

Eg trur lite på at det er umogleg å hissa opp gjennomsnittsamerikanaren mot "Det onde Tyskland", "Det livsfarlege Russland" eller "Den gule fare". Dette er jo ikkje noko eg kan dokumentera, men eg tykkjer det er Andresen som har "bevisbyrden" i dette spørmålet, etter som det er han som foretar ein gedigen revisjon av teori som har vore grunnleggjande for og ukontroversiell i den revolusjonære rørsla.

Mignus